Hopp til innhold

Mann med skotskadar «avlevert» på sjukehus i Østfold

Politiet ber om tips etter at ein mann kom til Sjukehuset Østfold i Sarpsborg med skotskadar ved 22-tida laurdag kveld.

Sjukehuset Østfold på Kalnes.

Sjukehuset Østfold på Kalnes i Sarpsborg. Her dukka den skotskadde mannen opp ved 22-tida laurdag kveld.

Foto: Tore Meek / NTB

– Det syner seg ikkje som ei tilfeldig hending, seier operasjonsleiar Gisle Sveen i Øst politidistrikt søndag formiddag.

Han fortel at dei har jobba iherdig sidan laurdag kveld med å klarlegga mest mogleg rundt hendinga. Samstundes strekar han under at det ikkje er nokon grunn for folk i Sarpsborg og området rundt til å uroa seg.

Politiet har enno ikkje fått informasjon frå mannen sjølv, og det er uklart kvar og korleis mannen har fått skotskadane.

– Han var bevisst da han kom til sjukehuset, og han har gjennom natta fått behandling der. Det er ukjent for oss kvar hendinga har funnet stad. Om publikum har tips til oss tar vi gjerne imot det, seier operasjonsleiar Melissa Krag i Øst politidistrikt til NRK.

Ho vil ikkje opplyse om mannen har vore avhøyrd. Han ville ikkje seie noko om alderen eller heimstaden til mannen. Politiet seier dei held alle hypotesar opne for kva som har skjedd.

– Han vart avlevert

Mannen kom til Sjukehuset Østfold Kalnes ved 22-tida laurdag kveld.

Politiet veit ikkje sikkert korleis mannen kom seg til sjukehuset, men dei seier han «vart avlevert». Han vart ikkje køyrd i ambulanse.

– Kvifor er de sparsame med opplysningar i saka?

– Det er med bakgrunn at vi har ein pasient med skotskadar der vi er usikre på korleis han er påført disse skade. Og da står vi i oppstarten av ein etterforsking og ønsker ikkje å gå inn på detaljar vi har nå, seier Krag.

Mannen er utanfor livsfare, men får behandling på sjukehus, ifølge politiet. Dei kjenner identiteten på mannen.

– Opplysningane om skotskadar har vi frå sjukehuset. Det kan like gjerne ha skjedd i Oslo som i Østfold. Det er derfor vi ber om tips frå publikum i saka, seier operasjonsleiar Terje Skaftnes i Øst politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger