Stor mangel på livreddande midtdelarar

Sterkt trafikkerte vegar med midtrekkverk har 75 prosent færre dødsulukker. I dag er det rundt 70 mil med slikt rekkverk i Noreg. Statens vegvesen meiner det trengst 230 mil, men det vil ta over 10 år å byggje.

Montasje / Dødsulukke på E6 ved Espa i 2010

Frode Mikaelsen var nær ved å mista sonen sin i ei trafikkulukke på E6 i Hedmark i 2010. - Ulukka ville ikkje ha skjedd dersom det var midtdelarar der, seier han.

Foto: Steinsvik, Stian F. / NTB scanpix

– Det var autovern på eine sida og tofeltsveg. Då traileren kom imot var det ingen annan stad å køyra enn rett inn i traileren, minnast Frode Mikaelsen.

Han var nær ved å mista sonen sin, Stian, i ei frontulukke på E6 på Espa i Hedmark for to og eit halvt år sidan.

Kvinna i bilen framforbi mista livet i kollisjonen. Stian (13) overlevde såvidt. Han fekk massive indre skadar i magen, braut handleddet på tre plassar, knekte lårbeinet og leggen.

– I tillegg rauk hovudpulsåra hans, fortel faren til NRK.

75 prosent færre dødsulukker

Marit Brandtsegg i Statens vegvesen

Marit Brandtsegg er direktør for trafikktryggleik, miljø og teknologi i Statens vegvesen.

Foto: Tonje Grimstad / NRK

Strekninga der ulukka skjedde hadde ikkje midtrekkverk. Slike rekkverk reduserer talet på alvorlege ulukker betrakteleg, fortel direktøren for trafikktryggleik, miljø og teknologi i Statens vegvesen, Marit Brandtsegg.

– Når statens vegvesen gjer utrekningar på trafikktryggleiken me får av møtefriveg eller det å setja opp midtdelarar, så reknar me at det vil redusera talet på drepne på høgt trafikkerte vegar med opptil 75 prosent, opplyser Brandsegg.

Vegvesenet reknar også med at talet på alvorleg såra vil bli halvert med midtrekkverk.

Midtdeler

Sverige har allereie over 440 mil med midtdelarar. I Noreg har me rundt 70 mil med slikt rekkverk.

Foto: Håvard Zeiner / NRK

Ikkje prioritet dei neste ti åra

I dag er det rundt 70 mil med midtdelarar i Noreg. Ifølgje Vegvesenet er det behov for ytterlegare 230 mil.

Men alle desse strekningane er ikkje prioriterte i transportetatane sitt forslag til Nasjonal transportplan for den neste 10 års perioden.

Per Oretorp i Personskadeforbundet

Assisterande generalsekretær i Personskadeforbundet, Per Oretorp.

Foto: Tonje Grimstad / NRK

Sverige, som i mange år har lege på Europa-toppen i trafikktryggleik, har allereie over 440 mil med midtdelarar.

Det hastar også i Noreg, meiner Personskadeforbundet

– Det menneskleg å gjera feil. Då må me ha vegar som førebyggjer ulukker, seier assisterande generalsekretær i forbundet, Per Oretorp.

– Hadde ikkje skjedd med midtdelar

Det er Frode Mikaelsen samd i, etter å ha vore ei hårsbreidd frå å mista sonen sin på E6.

– Det er klart at hadde det vore midtdelarar, så hadde ikkje den ulukka skjedd, seier han.

Det er framleis ikkje midtrekkverk på E18 på Espa, men ein ny firefeltsveg skal opnar i november 2014.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger