Hopp til innhold

– Har prøvd å late som det er ein heilt vanleg dag

Støy og store folkemengder gjer at mange med nedsett funksjonsevne feirar 17. mai aleine. – Mange kjenner på skam, seier kronisk sjuke Guro Helene (28).

en person som sitter på en sofa

FEIRAR ALEINE: For Guro blir det for slitsomt å feire ute blant folk på nasjonaldagen.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

FEIRAR ALEINE: For Guro blir det for slitsomt å feire ute blant folk på nasjonaldagen.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Heilt frå eg var liten har høgtider og festdagar vore vanskelege, for eg veit ikkje korleis forma skal vere.

Guro Helene Bondevik (28) har kronisk nyresjukdom og ME. Det gjer at ho blir nøydd til å feire 17. mai aleine heime i senga.

– Eg trur mange kjenner på kjempestor skam, seier ho.

For henne blir det rett og slett for slitsamt å feire ute blant folk på nasjonaldagen.

en jente som ligger i sengen med en hund
ISMAIL BURAK AKKAN/NRK

– Eg har prøvd å late som det er ein heilt vanleg dag, sånn at eg ikkje merkar at eg går glipp av noko, seier ho.

– Men det er sjølvsagt kjipt å vite at ein ikkje kan vere med på den vanlege feiringa.

Kva føler du om 17. mai?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Enda meir utfordrande

For mange består 17. mai av barnetog, frukostar, vennegjengar og familie.

Men det betyr også store folkemengder, støy og vanskeleg å komme seg fram.

Det gjer dagen utfordrande for mange med nedsett funksjonsevne eller anna sjukdom, forklarar generalsekretær i Funksjonshemmedes fellesforbund (FFO), Lilly Ann Elvestad.

– 17. mai er ein folkefest vi alle set pris på. Samstundes har vi byar som er lite tilgjengelege for funksjonnedsette. Når så mange menneske samlast til fest, blir desse utfordringane enda større.

en person som går på en gate

Støy og dårleg framkomst gjer det utfordrande for mange med nedsett funksjonsevne eller sjukdom.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Reint fysisk kunne Guro Helene Bondevik klart å feire 17. mai ute blant folk, seier ho.

– Men då hadde eg blitt sengeliggande ei veke eller to etterpå.

– Kjenn etter det ein orkar

– Det er heilt greitt å ha blanda kjensler til ein dag som dette.

Det seier Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse.

Dei får omkring 800 førespurnader kvar dag. Og når 17. mai nærmar seg merker dei at mange tek kontakt på grunn av einsemd, utanforskap og sosialt press.

en mann og kvinne som poserer for et bildeen jente i en sykehusseng

17. mai i 2023 var ein dag Guro måtte tilbringe på sjukehuset.

PRIVAT

– Slike dagar kan forsterke kjensla av å stå utanfor, fordi fokuset i samfunnet ligg på feiring, fellesskap og glede, seier Berg-Heggelund.

Ho har fleire råd til dei som kanskje kjenner seg åleine på 17. mai:

  • Lag ein plan for dagen, sjølv om det berre er noko lite som gjer deg godt
  • Avgrens bruken av sosiale medium, det kan forsterke kjensla av å stå utanfor
  • Sjå etter opne arrangement eller små samlingar der ein kan møte andre i same situasjon

– Det er viktig å kjenne etter kva ein faktisk treng og orkar, understrekar generalsekretæren.

Les også Delte åpent om press rundt 17. mai – så fikk hun en helt spesiell invitasjon

en kvinne som smiler til kameraet

Kan ha det fint

Lilly Ann Elvestad i FFO oppfordrar kommunar til å legge til rette for folk med funksjonsvanskar på nasjonaldagen.

Til dømes ved å tilpasse ruta til barnetoget, sette av nok sitteplassar og plassar for rullestolar, og legge til rette for transport.

Guro Helene Bondevik har slått seg til ro med at ho ikkje skal ut og feire i år.

Og ho har éin klar bodskap til dei som vurderer å ha ein annleis feiring.

– Du må ta det valet som er rett for kroppen din.

et par kosedyren kvinne
ISMAIL BURAK AKKAN/NRK

– Eg har jobba veldig mykje med at ein kan ha eit fint liv sjølv om ikkje det er heilt likt som alle andre sitt, seier ho og held fram:

– Ein veit at det kan vere kjipt å ikkje feire med andre, men det kan gå fint likevel.

For ordens skyld: Guro Helene Bondevik sin mann er medlem av 17. mai-komiteen i Oslo for 2025.

AKTUELT NÅ