Hopp til innhold

Mange påskeoppdrag for hjelparane: – Men vi merkar at grensa er stengt

Røde Kors og Norsk Folkehjelp rapporterer om ei påske på det jamne, med like mange oppdrag som normalt. Men det er spesielt ein ting som er annleis i år: Dei utanlandske turistane som ikkje kom.

Frivillige fra Norsk Folkehjelp Tromsø under en redningsaksjon natt til lørdag. To personer satt værfaste i ei nødbu på fjellet Kjølen på Kvaløya og trengte hjelp til å komme seg ned igjen.

REDNINGSAKSJON: Norsk Folkehjelp måtte hjelpe to personar som var vêrfast i ei naudbu på fjellet på Kvaløya i Tromsø natt til laurdag.

Foto: Norsk Folkehjelp

– Vi brukar å ha ein god del oppdrag på utanlandske turistar som er på besøk i Noreg. Vi merkar veldig godt at grensene er stengt, seier Vegard Lindbæk.

Han er leiar i Norsk Folkehjelp Sanitet og har vore på påskeberedskap i Finnsnes på Senja.

– Turistane er ikkje like godt kjent som oss og dei genererer heilt klart fleire redningsoppdrag enn gjennomsnittet, seier Lindbæk.

Dei frivillige i Norsk Folkehjelp har bidrege i 26 leite- og redningsaksjonar i påskeveka, noko som er cirka like mange som i 2019. I rekordåret 2018 var talet 95.

Færre registrerte skader

Grunna strenge smitteverntiltak har både Røde Kors og Norsk Folkehjelp hatt redusert bemanning og litt mindre aktivitet på beredskapshyttene enn vanleg.

– Men bortsett frå det har vi hatt ei påske med ganske normal aktivitet, seier Kjersti Løvik, leiar for landsrådet til Røde Kors Hjelpekorps.

På påskeaftan var det roleg for Røde Kors, men sett under eitt har hjelpekorpsa hatt rundt like mange oppdrag som i eit normalår:

  • 216 oppdrag hittil i påskeveka
  • I 2019 var talet 193 i same periode
Vegard Lindbæk, leiar i Norsk Folkehjelp Sanitet

Vegard Lindbæk, leiar i Norsk Folkehjelp Sanitet, har vore på påskeberedskap i Finnsnes på Senja.

Men talet på registrerte skader har gått kraftig ned, ifølgje Røde Kors-oversikta:

  • 240 skader hittil
  • I 2019 var talet 427 skader i same periode

Løvik forklarer det med at alpinanlegga har vore stengt og at mange har hatt påskeferie i kjent terreng.

Koronapåske: – Folk har vore flinke

Røde Kors har patruljert over heile landet, og rapporten frå hjelpekorpsa er at folk har vore flinke og teke smitteverntiltaka på alvor.

– Folk har vore flinke til å vere i sin eigen kohort eller saman med sin eigen familie på hytta, utan å samle så veldig mange, seier Løvik til NRK.

Ho legg til:

– Det lovar godt for smittespreiinga når påska er over. Vi kryssar fingrane for at dette vil halde smittetala nede. Folk har tydeleg hatt smittevern langt framme i pannebrasken i år.

AKTUELT NÅ