Hopp til innhold

Fleire vil låne sports­utstyr: – Sosial urettferd ligg til grunn

Det har vore ein stor auke i utlån av gratis utstyr til vinterferien. Det er på grunn av mindre kjøpekraft, men og mindre stigma, seier økonom.

Anna Hohol og Anastasia Hohol på lånte ski i Lillomarka i Oslo.

Anna Hohol og Anastasia Hohol på lånte ski i Lillomarka i Oslo.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

Etterspurnaden etter gratis sportsutstyr har vore stor denne vinterferien.

9 år gamle Anna Hohol flytta saman med familien til Noreg for to år sidan. Då krigen braut ut, flytta familien frå byen Ivano-Frankivsk i Ukraina.

På Lillomarka Arena på Grorud prøver Anastasia Hohol å lære dottera å stå på langrenn. Difor har dei lånt utstyr på BUA Bjerke i Oslo.

– Det er morosamt. Eg klarer ikkje så mykje, fortel 9-åringen.

BUA er ein ideell organisasjon som driftar utstyrssentralar over heile landet. Der kan kven som helst låne gratis utstyr til ulike aktivitetar.

Anna Hohol synast det er kjekt å stå på langrennski.

Anna Hohol synest det er kjekt å stå på langrennski.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK
Skia spennes på med kalde hender.

Skia bli spent på med kalde hender.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK
Anastasia Hohol er fornøgd med utstyret fra BUA.

Anastasia Hohol er nøgd med utstyret frå BUA.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK
Å renne ned bakkane er noko Anna synast er veldig kjekt.

Å renne ned bakkane er noko Anna synest er veldig morosamt.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

Anastasia Hohol har stått mykje på ski saman med ektemannen den siste tida. Denne veka er bestemor frå Ukraina på besøk. På BUA har dei lånt ski til henne.

– Ho gjekk på langrenn for mange år sidan i Ukraina. Vi budde då i nærleiken av fjellet og gjekk på ski til skulen.

Stor pågang

På BUA sine 260 utlånssentralar i heile landet har det vore 30 prosent fleire utlån før vinterferien enn på same tid i fjor.

Skøyter, slalåmski, langrennsski, truger og mykje anna utstyr kan ein låne.

– Folk kjem og riv i dørene, seier Torstein Svenneby Myrer hos BUA Sagene i Oslo.

Torstein Svenneby er glad for den store pågangen hos BUA.

Torstein Svenneby er glad for den store pågangen hos BUA.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

Han seier det ofte er internasjonale studentar som tek i bruk tilbodet, men at det no er fleire barnefamiliar som kjem innom enn tidlegare.

Det har vore så stor pågang at det ikkje alltid er nok utstyr til dei som vil låne.

– Dessverre er det nokon av avdelingane som går tomme. Alpinutstyr går vi ofte tomme for, seier John Harald Bondevik, dagleg leier i BUA.

Slalåm utstyr er noko av det som fortast blir tomt hos BUA Sagene.

Slalåmutstyr er noko av det som raskast blir lånt ut hos BUA Sagene

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

– Vi spør ikkje kvifor folk låner utstyr. Alle er velkommen uansett. Vi trur det handlar om at delingsøkonomi er populært og ein er mindre opptatt av å eige enn tidlegare, legg Bondevik til.

– Eit teikn på urettferd

– Det er tydeleg at med ein auke på heile 30 prosent, er det ein effekt av at tilbodet er blitt meir kjend, seier Kalle Moene, professor ved økonomisk institutt på Universitetet i Oslo.

Karl Ove Moene er professor ved økonomisk institutt på Universitetet i Oslo.

Karl Ove Moene er professor ved økonomisk institutt på Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Moene seier også at ein av grunnane, er nok at folk kjenner at dei ikkje kan ta seg råd til dyrt sportsutstyr, som ein kanskje kunne tidlegare.

Sidan 2020 har prisane i Noreg stige med 15 prosent. Frå 2022 til 2023 auka matvareprisane med 10 prosent.

– Og det er nok også eit teikn på at sosial urettferd ligg til grunn her, seier Moene.

Varer som sportsutstyr har det som økonomane kallar høg «Engel-elastisitet». Det betyr at dersom inntekta går ned 10 prosent, går etterspurnaden på slike varer enno meir ned.

Nora har funnet ski i sin størrelse ved BUA Sagene.

Nora har funne ski i storleiken sin ved BUA Sagene.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

– Det er fint at slike tilbod finst. Det er bra at mange tek det i bruk, og slik blir det også mindre stigma mot å ta i bruk slike tilbod, seier økonomen.

Kai Lillebø har lånt utstyr til døtrene sine.

Kai Lillebø har lånt utstyr til døtrene sine.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

Familien Lilleby er ein av mange som har lånt langrennsutstyr til ferien.

– Vi skal på ein stad som eg ikkje huskar kva heiter, men vi skal stå på ski, seier 9 år gamle Nora Lilleby Bømmer.

– Eg syns det er bra at vi ikkje treng å kjøpe heile tida, seier Nora.

Pappa Kai Lilleby trur grunnen til at så mange vil låne gratis utstyr er samansett.

– Kanskje fordi det er mykje snø, også er det jo dyrtid da.

AKTUELT NÅ