Hopp til innhold

Mindre «buss for tog» framover

Arbeidet som har halde Oslo S stengd åtte somrar på rad er no over. Bane Nor lovar mindre «buss for tog» neste år, trass i store utbyggingsprosjekt som står att.

Arbeider på Oslo S.

EI KJEND LØYSING: Mange har blitt vand med å ta buss som erstatning for tog då vedlikehaldsarbeid har gått føre seg på jernbana på Austlandet. Måndag er Oslo Sentralstasjon open som normalt igjen etter å ha vore stengd i fleire veker.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

I åtte år har togreisande inn og ut av hovudstaden blitt vande med buss som erstatning for tog på fleire av strekningane i sommarmånadane.

I dag markerte derimot samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og konsernsjef i Bane Nor Gorm Frimannslund at vedlikehaldsarbeidet no er over, for denne gong. Måndag er sentralstasjonen open som normalt igjen.

Bane Nor Gorm Frimannslund

VERT BETRE: Gorm Frimannslund i Bane Nor lovar betre forhold for pendlarar og andre reisande frå måndag.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Dei reisande kan vente at toga går når dei skal frå neste veke av. Utbetringane vi har gjort vil sikre meir punktlege tog og dei reisande kan vere trygge på at toget tek dei dit dei skal til rett tid, seier Frimannslund.

– Så neste sommar vil ikkje reisande oppleve ein stengd stasjon?

– Det vert vesentleg mindre arbeid på Oslo S neste år.

– Betyr det mindre buss for tog?

– Totalt sett bør det bli mindre buss for tog, ja. Men vi vil alltid arbeide for å sikre trafikkavvikling saman med togselskapa der ein byggjer, seier han.

Vedlikehaldsarbeidet som har gått føre seg i og utanfor Oslo sidan 2009 har kosta 2,5 milliardar kroner. Frimannslund peikar på at utbetringane vil ha positiv effekt for togtrafikken i heile landet.

– Kjem eit tog forseinka til Bergen kan det påverke dei pendlarane som skal til Bergen frå Voss for eksempel, forklarar han.

Mykje arbeid står att

Men ein slutt på «buss for tog» kan han ikkje love. Neste sommar skal Lieråstunnelen mellom Asker og Lier utbetrast, ei strekning som vert stengd i seks veker. Også Ski stasjon vert stengd i over fire veker i arbeidet med den nye Follobanen.

Arbeidet med vedlikehald har som regel gått føre seg i fellesferiane dei siste åra, slik at så få som mogleg vert råka.

– Det er jo ei utfordring med jernbana at det går tog heile tida. Også om natta går mange av godstoga, forklarer han.

Samferdsleministeren får kake av Bane Nor

KAKEVERDIG: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen fekk marsipankake av Bane Nor ved plattform 19 på Oslo S. Dette for å markere at det åtte år lange arbeidet no er over.

Foto: Espen Breivik / NRK

Frp: – Vi er best for jernbanen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp seier regjeringa har turt å satse på vedlikehald, sjølv om dette ikkje er veldig synleg for folk flest.

– Vi har dobla løyvinga til vedlikehald, som er avgjerande for at toga går i rute, seier Solvik-Olsen.

Og legg til ei lang liste med jernbaneprosjekt regjeringa vil satse på framover.

Ketil Solvik-Olsen utanfor Oslo S

SATSAR PÅ VEDLIKEHALD: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp meiner vedlikehaldsarbeid på jernbanen er viktigast.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Vi har eit vedlikehaldsetterslep å ta igjen, vi skal byggje dobbeltspor rundt Oslo, Trondheim og sørover frå Stavanger. Vi skal vedlikehalde nordlandsbana, byggje ut Ofotbanen og er i dialog med Finland om spor til Kirkenes.

– Er ikkje alt du nemner no noko heile Stortinget er einig om gjennom Nasjonal Transportplan?

– Jo, men den førre regjeringa har ikkje prioritert vedlikehald. Vi har gjort noko med det. Derfor bør dei som er oppteken av jernbane stemme på Frp, seier samferdsleministeren.

Trass utbetringar har forseinkingar og innstillingar vore eit faktum dei siste åra. Punktlegheit og regularitet har gått ned, skriv Aftenposten.

Har slite med punktlegheit

– Mi oppleving er at punktlegheita vert betre. Vår statistikk frå juli viser at vi er betre enn i fjor også i rushtida, seier derimot Frimannslund.

Han er nøgd med satsinga samferdsleministeren har hatt på vedlikehald og oppgradering, men vil peike på at det er viktig å halde fram arbeidet.

– Vi har kome langt i å arbeide ned det vedlikehaldsetterslepet jernbana har hatt, men det er viktig at dette arbeidet held fram, seier han.

AKTUELT NÅ