Hopp til innhold

LO meiner praktikantordninga til UD liknar sosial dumping

LO kritiserer Utanriksdepartementet si praktikantordning, og meiner studentar som Elise Johannessen lett kan bli utnytta.

Elise Johannessen, tidlegare studentpraktikant

Tidlegare studentpraktikant, Elise Johannessen, er generelt sett veldig nøgd med opphaldet i Singapore, men saknar meir fastsetta arbeidsvilkår.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Gjennom Utanriksdepartementet (UD) si studentpraktikantordning har hundrevis av norske studentar fått arbeidserfaring ved dei norske utanriksstasjonane.

I EU behandlar dei nå eit forslag om å forby ulønte praktikantstillingar.

Våren 2022 var Elise Johannessen (25) praktikant ved den norske ambassaden i Singapore.

– Det er ei fantastisk moglegheit, men eg trur ein treng litt betre rammer rundt det, seier Johannessen.

Studentane får utbetalt eit stipend, og ikkje lønn, då dei ikkje er tilsette ved ambassaden.

Under opphaldet fekk ho utbetalt 16.000 kroner i månaden, men det er ikkje størrelsen på stipendet ho synest er mest problematisk.

Singapore

Singapore blir rekna som ein av dei dyraste stadane å leva og bu i verda. Med dagens grunnsatser kan praktikantane her få maksimum 19.250 kroner i månaden.

Foto: MOHD RASFAN / AFP

Etterlyser tydeleg kontrakt

Derimot meiner ho kontrakten kunne vore tydelegare når det kjem til arbeidstid og overtidsarbeid.

Ho synest kontrakten burde avklara kva som skjer dersom ein jobbar overtid.

– Min stasjon var veldig greie og gav meg fri for den tida eg jobba på kvelden, men eg trur nok ikkje alle er like heldige, seier Johannessen.

Ho trur heller ikkje at det er like lett å stilla krav som praktikant.

– Ein kan jo stilla nokon spørsmål, men å begynna å forhandla om kva som skal inn i kontrakten når du er student og kanskje har lite arbeidserfaring frå før, det hadde nok ikkje eg gjort personleg. Og eg er relativt god på å stilla krav, seier Johannessen.

– Liknar sosial dumping

Studentane får ikkje lønn, men stipend, då dei ikkje er tilsette ved utanriksstasjonane.

– LO er svært kritiske til denne ordninga, og meiner det UD driv med liknar sosial dumping, seier Lars Måseide som er studentrådgjevar i LO.

Han seier mange av utanriksstasjonane er heilt avhengige av praktikantane for å vera operative, noko som gjer at stillinga er meir enn rein arbeidserfaring.

Lars Måseide, studentrådgjevar i LO

Studentrådgjevar i LO, Lars Måseide, meiner UD utnyttar studentane si arbeidskraft.

Foto: LO

– Eg har sjølv vore praktikant ved utanriksstasjonen i Brussel, og veit at dette er ein kjempepopulær og god ordning, men studentane får eit alt for lågt stipend å leva av, meiner Måseide.

Sidan dei får stipend og ikkje lønn, har ikkje studentane rett til sjukepengar og dei får ikkje oppspart pensjon.

Dei får heller ikkje dekka ut- og heimreisa.

– Me meiner det er ei klar omgåing av regelverket, seier Måseide i LO.

UD svarer på noko av kritikken lenger nede i saka, men ønsker ikkje å kommentera utspela til LO spesifikt. Etter at NRK tok kontakt, har UD invitert LO til eit møte om praktikantordninga.

Vil forby ulønt praksis

Tidlegare i sommar oppfordra EU-parlamentet EU om å forby ulønte praktikantstillingar i medlemslanda.

Oppfordringa er ein del av eit større lovforslag, som handlar om å unngå utnytting av praktikantar. EU-kommisjonen starta behandlinga av saka i juli.

Nå meiner både LO og Norsk studentorganisasjon (NSO) at dette er eit spørsmål Noreg også må ta stilling til.

NSO-leder Oline Sæther

NSO-leiar, Oline Sæther.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold

– Studentane skal ikkje måtta bruka eigne pengar utover det dei tener eller får i støtte for å vera ei arbeidskraft, seier NSO-leiar Oline Sæther.

I staden for lønn, skal praktikantane få utbetalt eit stipend. Dette skal ikkje overskrida grunnsatsen ved stasjonen med meir enn 60 prosent.

Det betyr at ein maksimum kan få utbetalt mellom 12.750 og 19.750 kroner i månaden, avhengig av kvar ein reiser.

NSO meiner studentar som er i praksis anten burde få studiepoeng for opphaldet, og dermed studiestøtte, eller få lønn som ein vanleg arbeidstakar.

Home Prices Fall Sharply During First Quarter In San Francisco Area

San Francisco er ein av dei dyraste byane å bu i, og er ein av byane med høgast grunnsats per i dag. Praktikantane her får maksimum 19.750 kroner i stipend.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP

– Me meiner UD burde vera ein føregangsfigur i å sikra gode og like vilkår uavhengig av kvar ein vel å reisa, seier Sæther.

– Blir fort utnytta

Det er opp til kvar enkelt utanriksstasjon å forma ut kontrakten til studenten.

Fleire av utanriksstasjonane er svært populære.

Til dømes fekk ambassaden i Washington DC inn 170 søknadar til hausten i år, og mellom 150 og 250 studentar pleier å søka seg til utanrikstenesta i Genève kvart halvår, opplyser UD.

– Det kan vera vanskeleg for ein student å stilla krav til ein stor og mektig arbeidsgivar som har valt dei føre mange andre søkjarar, seier Måseide i LO.

– Då blir ein fort utnytta.

LO meiner studentane skal få ei akseptabel lønn og sjukepengar, pensjonssparing og dekka heimreise.

Eva Yasmin Erlendsdottir

Eva Yasmin Erlendsdottir i Strasbourg, Frankrike.

Foto: Privat

Tidlegare praktikant ved den norske delegasjonen til Europarådet i Strasbourg i Frankrike, Eva Yasmin Erlendsdottir, seier ho ikkje følte at ho blei utnytta på nokon som helst måte.

– Eg følte at eg blei veldig godt varetatt også når det gjaldt mine behov med tanke på kor mykje arbeidskapasitet ein har. Ein blei veldig sett på den måten, seier ho.

UD: – Høyrer gjerne på innspel

UD meiner ordninga sikrar like vilkår til alle studentane uavhengig av personleg økonomi.

– Kvar enkelt utanriksstasjon har ikkje tilgang til opplysningar om privatøkonomien til praktikantane, dette er heller ikkje ein faktor i utveljinga av praktikantar, seier pressevakt i UD, Mathias Rongved til NRK.

Les også Etterlyser mer støtte til studenter i praksis: – Helt avhengig av deltidsjobben

Sykepleiere student UiS

Han legg til at det er viktig for dei at studentane har føreseielege forhold for praktikantane.

– Ved starten av kvart praktikantopphald blir det derfor inngått ei skriftleg avtale mellom utanriksstasjonane og praktikanten. Her står varigheita for opphaldet, arbeidsoppgåver, storleiken på stipendet og andre vilkår, seier Rongved.

Han seier dei gjerne høyrer på innspel frå NSO, men at det ikkje er UD som bestem kva aktivitetar som skal gje studiepoeng ved norske lærestader.

– Samtidig er det ikkje opp til UD å avgjera kva aktivitetar som gjev studiepoeng ved norske lærestader.

AKTUELT NÅ