Hopp til innhold

Lillebjørn Nilsen er død

Lillebjørn Nilsen er død, 73 år gammal, opplyser plateselskapet hans. Han blir hugsa som ein av dei mest markante visesongarane i Noreg.

Lillebjørn Nilsen lener seg over bordet, ikledd en svart hatt og en svart t-skjorte. Han ser rett inn i kamera.

PRISBELØNT: Lillebjørn Nilsen fekk ein rekke prisar opp gjennom si karriere. Han var også kjent som heile Noregs gitarlærar.

Foto: Jon Anton Brekne / NRK

Nilsen sovna stille inn laurdag kveld med sine næraste rundt seg, skriv plateselskapet Grappa i ei pressemelding.

Lillebjørn Nilsen var ein sentral person i den norske visebølga frå midten av 1960-talet og vidare inn på 1970-talet.

Han skreiv songar som nærast har blitt allemannseige, som mange kan tekstane til. Som den sjølvbiografiske «Stilleste gutt på sovesal 1», den evige sommarslageren «Bysommer» og swingjazz-låten og Django Reinhardt-hyllinga «Tanta til Beate».

Les også Slik ble Lillebjørn Nilsen hele Norges gitarlærer

Lillebjørn Nilsen, 1979

Og så var han heile Noregs gitarlærar. I 1973 kom «Lillebjørns gitarbok», som 50 år seinare har kome i 18 opplag og selt i over 200.000 eksemplar. Mange kjende artistar har teke sine første famlande gitarakkordar til instruksjon frå denne boka.

Lillebjørn Nilsen, Spellemann 2023

I 2023 fekk Lillebjørn Nilsen heidersprisen under utdelinga av Spellemannprisen.

Artisten Lillebjørn Nilsen har laget tekst og musikk til stykket "Postkort fra Lillebjørn" som blir satt opp på Oslo Nye Hovedsene i mars.

Lillebjørn Nilsen kunne spele fleire instrument. I tillegg til gitar, spelte han også blant anna ukulele, banjo og munnspel. Her spelar han på fele i samband med lanseringa av teaterstykket «Postkort fra Lillebjørn» på Oslo Nye teater i 2012.

Lillebjørn Nilsen får St. Hallvards-medaljen i 2017.

I 2017 fekk Lillebjørn Nilsen St. Hallvards-medaljen, som er den høgaste utmerkinga til Oslo by.

Terrorrettssaken mot Anders Behring Breivik i Oslo tingrett 2012. Tusenvis av mennesker sang Barn av regnbuen sammen med Lillebjørn Nilsen på Youngstorget torsdag. Aksjonen markerer en protest etter at Anders Behring Breivik omtalte sangen som et eksempel på marxistisk indoktrinering av barn

I samband med at terrorrettssaka etter 22. juli-terroren starta i 2012, samla tusenvis av menneske seg på Youngstorget i Oslo for å synge «Barn av regnbuen» i protest. Terroristen meinte songen var marxistisk indoktrinering av barn.

Oslogut og gitarkamerat

Bjørn Falk Nilsen blei fødd i Oslo 21. desember 1950. Fleire av songane han skreiv var inspirerte av oppveksten i hovudstaden, som «Alexander Kiellands Plass».

I 1965 var han med å starte viseklubben Dolphins i Oslo. Der møtte han blant andre Bjørn Morisse som han danna viseduoen Young Norwegians med.

Fordi Morisse var den høgaste, blei han kalla Store-Bjørn, medan Nilsen fekk tilnamnet Lille-Bjørn, som han tok med seg vidare då han satsa på solokarriere på 1970-talet.

Musiker Steinar Ofsdal (tv) sammen med musiker Lillebjørn Nilsen. De to gir ut platen "Live At Sioux Falls" sammen. Lillebjørn Nilsen med platen i hånden.

Lillebjørn Nilsen og Steinar Ofsdal møtte kvarandre då dei gjekk på musikklinja på Hartvig Nissens skole i Oslo. Dei hadde fleire samarbeid, og gav også ut plater saman.

lillebjørn og hot club

Swingjazz-gruppa Hot Club de Norvege var gatemusikantar då Lillebjørn Nilsen inviterte dei i studio for å spele inn «Tanta til Beate» i 1982. Her i samband med at Hot Club de Norvege feira 20 år i 1999.

Gitarkameratene blotter seg i vårsola og reklamerer for sitt sommershow på hotell Klubben i Tønsberg i 1993. Fra v: Lillebjørn Nilsen, Jan Eggum, Halvdan Sivertsen og Øystein Sunde.

Gitarkameratene var ei av dei mest populære gruppene i Noreg på slutten av 1980-talet og tidleg på 1990-talet. Frå venstre: Lillebjørn Nilsen, Jan Eggum, Halvdan Sivertsen og Øystein Sunde.

På slutten av 1970-talet var Nilsen med i gruppa Ballade! saman med Lars Klevstrand, Åse Kleveland og Birgitte Grimstad.

Og i 1988 starta eit samarbeid med Øystein Sunde, Halvdan Sivertsen og Jan Eggum. Dei kalla seg Gitarkameratene, og rakk omfattande turnering og to plateutgjevingar før samarbeidet blei avslutta i 1994.

Suksess som soloartist

Men det er kanskje som soloartist Lillebjørn Nilsen sette dei djupaste spora. Gjennombrotet kom same året som han gav ut gitarboka, i 1973.

Då kom albumet «Portrett» med blant anna «Barn av regnbuen» og «Alle duene».

«Barn av regnbuen» fekk ei ny betydning etter terrorangrepa i Regjeringskvartalet og på Utøya i 2011. 40.000 menneske og Nilsen sjølv song songen på Youngstorget i 2012 for å vise støtte til etterlatne og ofre etter terroren.

Nilsen gav også ut plata «På stengrunn» saman med blant andre Kari Svendsen, Steinar Ofsdal og Lars Klevstrand, der han hadde skrive musikk til fleire dikt av Rudolf Nilsen.

 Lillebjørn Nilsen's hyllest til bysommer, fortrinnsvis i Oslo.

Lillebjørn Nilsen's hyllest til bysommer, fortrinnsvis i Oslo.

Utover 1970- og 1980-talet følgde ei rekke plater og turnear. I 1993 kom plata «Nære Nilsen», som blei hans siste plate med nytt materiale.

I alt fekk Lillebjørn Nilsen seks Spellemannpriser anten som soloartist eller saman med andre, inkludert heidersprisen han fekk i 2023.

I 2013 blei han innlemma i Rockheim Hall of Fame.

I tillegg har han fått ei rekke andre æresprisar, kulturprisar, og blei slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 2022.

Lillebjørns talent førte ham inn i rampelyset som sjenert 15-åring. Dette er hans egen historie om musikken, berømmelsen og et evig savn etter ro.

Lillebjørns talent førte ham inn i rampelyset som sjenert 15-åring. Dette er hans egen historie om musikken, berømmelsen og et evig savn etter ro.

AKTUELT NÅ