Hopp til innhold

Tok farvel med Lille­bjørn: – Eg trur han hadde likt det faktisk, sjølv om han var sjenert

Det var lang kø utanfor Oslo rådhus for å seie eit siste god natt til ein av Noregs kjæraste musikarar Lillebjørn Nilsen.

Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

BISETTING: Fredag blir Oslo Rådhus fylt for å minnast den folkekjære visesongaren Lillebjørn Nilsen.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Den folkekjære songaren Bjørn Falk «Lillebjørn» Nilsen døydde 27. januar, 73 år gammal.

Fredag blei det heldt livssynsnøytral minnestund for Lillebjørn Nilsen i Oslo rådhus. Det var videoforbod under sjølve bisettinga etter ønske frå familien.

Få dagar etter at han døydde, vart det klart at staten ikkje vil betala for bisettinga. Oslo kommune, derimot, bestemde seg for å halde ei æresbisetting frå Oslo rådhus.

Lillebjørn Nilsen bisettes i Oslo rådhus

Kista til Lillebjørn Nilsen i Oslo rådhus før bisettinga.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Rådhuset blei fylt av 900 personar. Seremonien var open for alle, og det var ei lang kø av personar som ikkje fekk plass i Oslo Rådhus.

–Det var nydeleg stemning. Eg trur han hadde likt det faktisk, sjølv om han var ein sjenert person, seier visesongar og Nilsen si ekskone Kari Svendsen etter seremonien.

Lillebjørn Nilsen bisettes i Oslo rådhus
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Då følge kom ut av rådhuset blei det spelt «barn av regnbuen» på klokkespel. Så tok Lillebjørn Nilsen sin siste køyretur i Oslo.

– Dette fortener han

Åse Kleveland spelte saman med Nilsen i gruppa Ballade! på 70-talet. Ho heldt fleire minneord for han under minneseremonien.

– Han har betydd enormt mykje, som han har gjort for så mange:

– Det er alltid vemodig når nokon døyr. Men samstundes etterlet han seg ein arv som gjer at han kjem til å leve lenge.

Kleveland er på veg inn i rådhuset. I bakgrunnen står mange i kø for å kome inn. Dei nynnar på «Crescendo i gågata».

Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Åse Kleveland og Lars Klevstrand ville heidre sin visesongar-kollega i dag.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Oslo sin ordførar Anne Lindboe var på plass for å heidre Lillebjørn Nilsen.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Tidlegare ordførar i Oslo Fabian Stang tok også turen til Oslo Rådhus.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Også Marianne Borgen kom for å heidre bysbarnet Lillebjørn Nilsen.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Ellen Horn på veg inn til bisettinga til Lillebjørn Nilsen frå Oslo rådhus.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Mona B. Riise var også på plass.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Musikar Unni Wilhelmsen ville heidre sin ven.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus

Lillebjørn Nilsen har betydd mykje for Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
Terje Formoe ankommer Lillebjørn Nilsens bisettelse.

Artist og forfattar Terje Formoe på veg inn til bisettinga.

Foto: NTB
Knut Reiersrud ankommer Lillebjørn Nilsens bisettelse.

Musikar Knut Reiersrud framfor Oslo rådhus

Foto: NTB

– Vi har mista mannen, men samstundes er det få menneske som får leve så enormt som han gjer i ettertid, avsluttar Kleveland.

– Eg har sunge songane hans for full hals. Og eg har sunge dei same songane til mi eiga dotter. Han har vore ein stor del av livet mitt.

Det fortel kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery på veg inn i rådhuset.

Steinar Ofsdal var god ven av Lillebjørn Nilsen og starta å spele saman med han i 17-årsalderen. Det var Lillebjørn Nilsen som drog han inn i folkemusikken, som i dag er ein stor del av Ofsdal.

Åse Kleveland skildrar Lillebjørn Nilsen som ein raus mann som betydde enormt.

– Han etterlet seg veldig mykje. Eg var heime hos han seinast vesle julaftan. Skravla gjekk, og han hadde mykje å meine noko om. Han var utruleg kunnskapsrik.

Ofsdal er kjent musikar og framførte to songar under minneseremonien. Ein av dei var songen «Danse ikke gråte nå», saman med visesongar Kari Svendsen.

Lillebjørn Nilsen bisettelse i Oslo rådhus
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Denne songen skreiv Nilsen som eksamensoppgåve i nynorsk i 1968.

– Då venta eg på han nede i byen. Så song han den nye songen sin til meg. I dag er han skulepensum, fortel Ofsdal og held fram:

– Eg blir rørt av at Bjørn får denne store merksemda frå heile samfunnet. Det fortener han.

Barnekor skal framføre «Barn av regnbuen»

Det er fleire av Lillebjørn Nilsen sine kjende låtar som blei framført under minneseremonien.

Gitarkameratane Jan Eggum, Halvdan Sivertsen, og Øystein Sunde framførte «Se alltid lyst på livet». Tuva Sivertsen og Frida Ånnevik framførte «God natt Oslo», saman med Marius Graff og Oslo Strings.

Bolteløkka jentekor skal framføre «Barn av regnbuen» under bisettinga.

Under minneseremonien heldt Oslos ordførar Anne Lindbo innleiingsord og Åse Kleveland minnetale.

Lars Klevstrand og Steinar Ofsdal fekk spele songen «Gategutt»

Minneseremonien blei avslutta av Bolteløkka jentekor som framførte «Barn av regnbuen».

Lillebjørn Nilsen, Spellemann 2023

I 2023 fekk Lillebjørn Nilsen heidersprisen under utdelinga av Spellemannprisen.

Artisten Lillebjørn Nilsen har laget tekst og musikk til stykket "Postkort fra Lillebjørn" som blir satt opp på Oslo Nye Hovedsene i mars.

Lillebjørn Nilsen kunne spele fleire instrument. I tillegg til gitar, spelte han også blant anna ukulele, banjo og munnspel. Her spelar han på fele i samband med lanseringa av teaterstykket «Postkort fra Lillebjørn» på Oslo Nye teater i 2012.

Lillebjørn Nilsen får St. Hallvards-medaljen i 2017.

I 2017 fekk Lillebjørn Nilsen St. Hallvards-medaljen, som er den høgaste utmerkinga til Oslo by.

Terrorrettssaken mot Anders Behring Breivik i Oslo tingrett 2012. Tusenvis av mennesker sang Barn av regnbuen sammen med Lillebjørn Nilsen på Youngstorget torsdag. Aksjonen markerer en protest etter at Anders Behring Breivik omtalte sangen som et eksempel på marxistisk indoktrinering av barn

I samband med at terrorrettssaka etter 22. juli-terroren starta i 2012, samla tusenvis av menneske seg på Youngstorget i Oslo for å synge «Barn av regnbuen» i protest. Terroristen meinte songen var marxistisk indoktrinering av barn.

Ein av dei største visesongarane

Nilsen har både hatt stor suksess som soloartist, men og i fleire grupper.

På 70-talet starta Nilsen gruppa Ballade! saman med Lars Klevstrand, Åse Kleveland, og Birgitte Grimstad. Eit av dei mest kjende samarbeida var Gitarkameratene, saman med Øystein Sunde, Halvdan Sivertsen og Jan Eggum.

Men det var som soloartist han sette dei djupaste spora.

Lillebjørn Nilsen skreiv feire songar som dei fleste har god kjennskap til. Som den sjølvbiografiske «Stilleste gut på sovesal 1», den evige sommarslageren «Bysommer» og swingjazz-låten og Django Reinhardt-hyllinga «Tanta til Beate».

Nilsen har fått mange prisar opp gjennom karrieren si. Han har mellom anna fått seks spellemannsprisar, og i 2022 fekk han heidersprisen under utdelinga.

Lillebjørns talent førte ham inn i rampelyset som sjenert 15-åring. Dette er hans egen historie om musikken, berømmelsen og et evig savn etter ro.

Lillebjørns talent førte han inn i rampelyset som sjenert 15-åring. Dette er hans eiga historie om musikken og eit evig sakn etter ro.

AKTUELT NÅ