Hopp til innhold

Lege spøkte om at pandemien var falsk – då vakna konspirasjonsmiljøet

Konspirasjonsteoretikarane kasta seg over tastaturet etter spøken til Kaveh Rashidi i humorprogrammet Nytt på nytt.

Kaveh Rashidi, Bård Tufte Johansen og Pernille Sørensen i Nytt på nytt.

– Det er heilt openbert at eg tullar, seier Kaveh Rashidi om det han sa då han gjesta Nytt på nytt sist fredag.

Foto: Ole Kaland / NRK

Lege Kaveh Rashidi er for mange kjent som ein uredd samfunnsdebattant, som mange gongar har snakka fram koronavaksinen og bedd folk ta han.

Han har til og med engasjert seg sterkt i vaksinemotstanden, og meiner det er hans plikt å skilje feilinformasjon frå fakta.

Så då han fleipa med at «omikron og pandemien er fake news» som gjest i Nytt på nytt på fredag, var det nokre som sperra auga opp.

«Høyr kva legen seier om pandemien, og tiltaka, HAN MEINER DET!!» skriv ein.

Ein på Facebook skriv: "Hør hva legen sier om pandemien, og tiltakene, HAN MENER DET!! Og han må bruke humorprogrammet til å få ut hva han mener... LYTT til HVORDAN han prøver å komme ut med FAKTA..... Som svært mange har skjønt nå"
Foto: Skjermbilde frå Facebook, tatt 13.12.2021 kl. 13.05.

Trudde han var alvorleg

Tilsynelatande var det mange som tok det Rashidi sa for god fisk, særleg i konspirasjonsmiljøa.

– Eg hadde ikkje forventa at det er så mange som oppriktig trur at eg meinte det. Det er eit humorprogram, det er satire. Heile poenget med at eg sit der, er at vi skal tulle og fjase, seier Rashidi til NRK.

Her er nokre av kommentarane på sosiale medium.

Kommentarar frå FB: Snakk om å bli overkøyrt og latterliggjort. Utruleg tøff person, som stilte opp i nytt på nytt... Og: Dei har alltid måtte sagt sannheiten i ein eller anna form for å få vår godkjenning, den åndelege lova krev det. Det har dei klart å få til, med manipulasjon, på grensa av "ikkje godkjent" av åndelege lov, gjennom filmar bla. Slik har dei klart å manipulera vår "underskrift" til godkjent. Det trur eg skjedde her. Det er full fakta det han seier.
Kommentar fra Facebook
Kommentar fra Facebook
Kommentar fra Facebook
Kommentar fra Facebook

Det starta med at Pernille Sørensen sa at det er mykje med omikron-varianten som er ukjent, og vi veit ikkje om tiltaka som er innført har effekt mot den.

Så spør programleiar Bård Tufte Johansen om legen i programmet er bekymra over situasjonen.

– Eg skal seie noko eg eigentleg ikkje burde seie som lege. Omikron og pandemien er fake news, svarar Rashidi.

– Vi har prøvd å seie det til dykk tidlegare. Ta omikron og delta, og stokk om på bokstavane: «Media control». Det er heilt sant, seier han vidare.

Publikum og redaksjonen ler enormt av utsegna til Rashidi. Sørensen seier ho får gåsehud.

– Slutt å klappe, slutt å le. Eg er heilt seriøs, eg er lei av å vere ein del av konspirasjonen med Nakstad og Stoltenberg, seier han medan han prøver å halde maska.

Lege Kaveh Rashidi spøker med at pandemien er falsk i satireprogrammet Nytt på nytt.

Lege Kaveh Rashidi spøker med at pandemien er falsk i satireprogrammet Nytt på nytt.

– No avslørar eg den store konspirasjonen

Før sending prøvekøyrde Rashidi vitsane for lagkamerat Pernille og andre i teamet, som alle synast dei var morosame.

– Det er heilt openbert at eg tullar. Heile spøken ligg i at eg drar det så langt. At eg held fram med å insistere på at folk må slutte å le, slutte å klappe, for no avslørar eg den store konspirasjonen, seier Rashidi.

– Du verka jo seriøs – la du for mykje skodespelartalent inn i vitsen?

– Ja, tydelegvis. Men rammene rundt viser jo at dette aldri kan vere sant. Dette er eit klipt program, det blir jo ikkje vist direkte.

Plutseleg blei Rashidi ein «profet og superhelt i antivaxx-miljøet», skreiv han på Twitter.

– Det varte veldig kort. Eg såg at det no har kome lange innlegg der folk har funne ut at det berre var tull. No er dei ekstremt sinte på meg, seier legen.

Ein skriv på Facebook: "Ja jeg ble LURT av en kjendislege...men er dette humor 
Jeg trodde han var ærlig... og benyttet den muligheten han hadde, for å nå frem... "JEG MENER DET!!" sa han alvorlig, mens de andre lo......
Denne drittsekken, av en Sjarlatan kan gjerne sitte på begge sider av bordet for min del... Men det eneste han oppnår, er å frata hele legegruppen sin profesjon og deres troverdighet... (De får tross alt rundt 1000,- kroner for hver vaksine de får lurt inn i folk.... Og de skriver ikke bivirkninger på pasienter de har lurt selv... )
"Dere kan le, MEN JEG MENER DET!" Sier denne falske profeten i beste sendetid, og ble avbrutt av resten av gjengen... og fikk tilsynelatende ikke snake ferdig..... "Pandemien er FALSK!""

Kaveh Rashidi blir kalla både dritsekk og sjarlatan etter spøken.

Foto: Skjermbilde frå Facebook, tatt 13.12. kl. 13.30

Foreslår «erotic almond»

Kjetil Kooyman er prosjektleiar for Nytt på nytt. Han meiner reaksjonane på Rashidi sine utsegn motbeviser at det er «media control».

Kjetil Kooyman.

Kjetil Kooyman er prosjektleiar i Nytt på nytt, eit program som har låg terskel for å spøke med ulike tema.

Foto: Rune Lind / NRK

– «Control» er det lite av, kanskje særleg i dei sosiale delane av media. Så vi trur fasiten om ein stokkar bokstavane i delta og omikron er «erotic almond», seier Kooyman.

Det kan omsetjast til erotisk mandel.

– Kva det betyr er vi usikre på, men svaret kan vere å finne i for eksempel kaffigrut, foreslår han.

– Er de varsame med å tulle med dette temaet, eller må det vere lov?

Vi er veldig nøye med å tulle med dette temaet. Det trur vi er svært viktig for folkehelsa. Dessutan er R-talet for tull ganske høgt, slik at tullet spreiar seg og folk kan ha det moro i karantenane sine, seier Nytt på nytt-sjefen.

AKTUELT NÅ