Hopp til innhold

Legar meir positive til aktiv dødshjelp

Overlege Morten Horn forstår godt legar som vil innføre aktiv dødshjelp. Sjølv meiner han det blir for vanskeleg å lage eit godt nok lovverk.

Lege Morten Horn

Overlege Morten Horn er motstandar av å innføre aktiv dødshjelp.

Foto: Silje Rognsvåg / NRk

Nesten tre av ti legar er svært eller litt samde i at aktiv dødshjelp bør bli lov i særskilde situasjonar, ifølgje ny forsking frå Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.

– Dette er positivt og kan kanskje fremje endring seinare, seier Andreas Wahl Blomkvist, som arbeidar som lege i Råde kommune i Østfold.

Han er for å innføre aktiv dødshjelp for menneske som har dødeleg sjukdom.

Det er ikkje Morten Horn, overlege i nevrologi og medlem av Rådet for legeetikk, samd i.

– Delen som utan tvil ønskjer dødshjelp er framleis låg, og dei som er litt samd ser at det er mange argument for og mot, seier Horn.

Auke i positive legar

Nordmenn flest er positive til å innføre aktiv dødshjelp for personar med dødeleg sjukdom eller kort levetid. Legestanden har lenge vore i motsett ende av meiningsskalaen, sjølv om dei no er ein smule meir på gli.

Etter det NRK kjenner til er aktiv dødshjelp ei av sakene som har vore spelt inn som ei av fleire viktige saker frå KrFs landsstyre inn i regjeringsforhandlingane på Hadeland.

– Det synast å vere ein auke frå førre studie som vart gjort i 1993, seier Morten Magelssen, forskar ved Senter for medisinsk etikk.

Forskar Morten Magelssen

Morten Magelssen er forskar ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Han er medforfattar i ein fersk vitskapleg artikkel om to spørjeundersøkingar frå 2014 og 2016 som kartlegg kva legar meiner om aktiv dødshjelp.

Funna er samanlikna med førre vitskaplege undersøking utført i 1993, då 17 prosent sa ja til eutanasi når pasientar har ein smertefull og dødeleg sjukdom.

– Det er ei utfordring å samanlikne desse, fordi vi har spurd på ulike måtar og har ulike svarkategoriar. Men undersøkinga tyder på at det har vore ein reell auke i delen norske legar som er positive til aktiv dødshjelp, presiserer Magelssen.

Endra oppfatning i møte med pasient

Det er vanskeleg å seie kva som er årsaka til økninga. Ifølgje Blomkvist kan ei tolking vere at den nye generasjonen legar har meir liberale haldingar.

Han er tidlegare motstandar av å praktisere aktiv dødshjelp, men skifta meining i løpet av medisinstudiet då han møtte på pasientar som prøvde å avslutte livet sitt grunna store lidingar og kort levetid att.

Andreas Wahl Blomkvist

Lege Andreas Wahl Blomkvist er positiv til aktiv dødshjelp for somme grupper.

Foto: Privat

– Ein alvorleg sjuk pasient med store lidingar som ikkje hadde lenge att, prøvde å ta livet sitt ved å tørste seg til døde. Til slutt fekk han det til, fortel Blomkvist.

Etter kvart såg legestudenten ingen gode argument mot aktiv dødshjelp, men syntest det var vanskeleg å regulere aktiv dødshjelp og samstundes unngå dei negative følgjene.

No legg han særleg vekt på argumentet om at den enkelte bør ha råderett over eigen kropp og eigen død.

Vidare meiner han at erfaringane frå Belgia, Nederland og Luxembourg og delstatar i USA viser at det let seg gjere å tillate dødshjelp, men at ei norsk lov må vere ein mellomting av desse.

– Kriteriet i Belgia, Nederland og Luxembourg er at pasientar må ha ei utoleleg liding utan utsikt til betring. Det kan bli svært subjektivt tolka. Eg heller meir mot Oregon-modellen frå USA om at ein må ein dødeleg sjukdom, seier Blomkvist.

Forstår argumenta

Overlege Morten Horn har i fleire år engasjert seg mot å innføre aktiv dødshjelp i Noreg. Han meiner Blomkvist tek feil i at dødshjelp fungerer i andre land.

– Det strir mot det faktum at det i desse landa er betydeleg og aukande uro. Det skjer framfor alt i Belgia når det gjeld dødshjelp til psykisk sjuke. I Canada er det eksplosiv vekst i dødshjelpen, kamp for utviding av lova og underminering av retten legar har til reservasjon. Også i USA er det betydeleg motstand blant legar, seier Horn.

Han kan godt forstå at legar kan ønskje å hjelpe folk med å avslutte livet, når dei møter pasientar med uuthaldelege lidingar.

– Eg trur at slike situasjonar kan bli løyst på andre måtar, men eg medgir at det å vise miskunn med eit håplaust lidande menneske er eit godt argument for dødshjelp, seier Horn.

Han synest også at argumentet om råderett over eigen kropp og død kan vere godt.

– Grunnen til at vi ikkje har innført aktiv dødshjelp, er at det er frykteleg vanskeleg å lage ei dødshjelplov som vernar svake og sårbare individ. Lova må sikre at aktiv dødshjelp ikkje blir brukt på ein måte som fører til misbruk eller får skadelege effektar, seier Horn.

Dødshjelp-motstandaren er særleg oppteken av utfordringa med å avgrense lovverket på ein god måte.

– Alvorleg sjuke kan utgjere ei byrde for dei som står rundt, og det kan tenkast at dei blir pressa til å ta dødshjelp for å spare dei for byrda, seier overlegen.

Få vil gjere det sjølve

Sjølv om fleire legar er opne for å innføre aktiv dødshjelp, er det svært få legar som sjølve er villige til å utføre aktiv dødshjelp på pasientar som ønskjer det, viser den nye forskinga.

Berre 8,6 prosent har svara ja til å utføre dødshjelp sjølve. 68,2 prosent svarar nei, medan 23,2 prosent ikkje veit.

Blomkvist peikar på at det for legar blir paradoksalt å avslutte liv, når dei er trent til å lækje og forlenge liv så langt det let seg gjere.

– Dei som seier ja, tenker nok at dei lindrar ei liding som ikkje har nokon annan utveg. Uansett er det eit gode for ein pasient å avslutte livet under kontrollerte former. I somme enkelttilfelle er det faktisk det beste å skunde på prosessen i staden for å hale det ut og la naturen gå sin gang, meiner han.

Eit anna funn er at ein av fire legar er litt eller svært samd i at det i ekstreme situasjonar kan vere moralsk riktig å utføre aktiv dødshjelp sjølv om det er ulovleg.

– Det synest vi er interessant. Det tyder på at legane meiner dei er i posisjon til å tolke lova litt fritt når det er nødvendig for å sette interessene til pasientane først. I sjeldne tilfelle kan dei til og med vere villige til å utføre aktiv dødshjelp sjølv om det ikkje er lov, seier Magelssen.

– Er det store mørketal på legar som utfører aktiv dødshjelp i Noreg i dag?

– Veldig små, trur vi, ut frå ein studie gjort tidlegare.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger