Hopp til innhold

Lan Marie Berg trekker seg frå nestleiarvalet i MDG

Motkandidatane seier dei har stor respekt for Lan Marie Berg sitt val om å trekkje seg frå nestleiarvalet i partiet få dagar før landsmøtet.

Lan Marie Berg

TREKKER SEG: Lan Marie Berg trekker seg frå nestleiarvalet i MDG.

Foto: Anders Fehn / NRK

Lan Marie Berg trekker seg frå nestleiarvalet i MDG, melder Dagbladet.

Over 200 delegatar skal etter planen velje nye leiarar i MDG på det digitale landsmøtet i partiet til helga.

Une Bastholm, Arild Hermstad og Lan Marie Berg var på førehand foreslått som nye leiarar av valkomiteen i MDG.

Ifølgje leiar for MDG sin valkomite, Endre Borgen Mæland, fekk dei beskjed frå Berg om at ho trekte seg på laurdag.

Det var ei veke før partiet etter planen skal velje ny kvinneleg nestleiar.

I eit innlegg på ei intern facebookgruppe i MDG skriv Berg at ho ikkje ønskjer å legge presset og forventningane ved å vere nestleiar i partiet på seg sjølv no.

Berg bekreftar dette til NRK måndag kveld.

– Eg har kome fram til at dette er det beste både for partiet og meg sjølv, seier ho.

Berg har vore i mammapermisjon frå jobben som byråd for samferdsel og miljø i Oslo sidan januar.

kkF6ScH6lWc

FORESLÅTT LEIARGRUPPE: Une Bastholm, Arild Hermstad og Lan Marie Berg var på førehand foreslått som nye leiarar av valkomiteen i MDG. No trekker Berg seg frå nestleiarvalet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Meiner den innstilte leiargruppa ikkje var Oslodominert

– Valkomiteen sitt forslag om leiargruppe har tidlegare fått kritikk for å vere oslodominert, har dette spelt nokon rolle i at du no trekkjer deg?

– Nei. Eg kan forstår at nokon gjerne kunne ønskje seg ein kandidat frå nord. Men eg er ikkje samd i at det er det viktigaste eller at leiinga er Oslo-dominert. Arild er frå Bergen, og Une frå Trondheim. Eg meiner at vi bør velje leiing basert på andre kriterium enn berre geografi, svarar Lan Marie Berg.

– Frykta du at du kom til å tape nestleiarvalet?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Både sidan eg har opplevd stor støtte heile vegen, og fordet eg uansett synes begge mine utfordrarar er dyktige damer som kan gjere ein god jobb i leiinga, svarar Berg.

Overraska over at Berg trekker seg

Kriss Iversen frå Troms og Finnmark og Toine Sannes frå Nordland valte begge å stille som motkandidatar mot Berg om det kvinnelege nestleiarvervet i partiet i mars.

Årsaka var at dei ikkje ønskja seg ei partileiing dominert av Oslo MDG.

Det er framleis uklart kven valkomiteen no vil anbefale som ny kvinneleg nestleiar i partiet.

– Eg trur eg vart like overraska som alle andre då eg fekk vite det, seier Kriss Iversen

Nestleiarkandidaten er spent på kven valkomiteen no meiner burde bli ny nestleiar.

– Eg har full respekt for Lan si avgjerd. Å trekkje kandidaturet sitt frå eit slikt leiarval, er inga enkel avgjerd. Kvifor ho vel å trekke seg er hennar historie å fortelje. Eg har stor respekt for Lan både som politikar og menneske. No ventar eg i spenning på ny innstilling frå valkomitéen, seier Iversen.

Kriss Rokkan Iversen (MDG)

SPENT PÅ NY INNSTILLING: Kriss Rokkan Iversen seier ho er spent på kven valkomiteen no vel å anbefale som ny kvinneleg nestleiar i partiet.

Foto: Siri Døsen / MDG

Trur valet kunne ha blitt jamnare enn mange trudde

På spørsmål om kva sjansar ho og Sannes hadde for å vinne i nestleiarvalet mot Berg, før den innstilte nestleiaren trakk seg, svarar Iversen at valet truleg hadde blitt jamnare enn fleire hadde trudd.

– Ut frå min ståstad såg det ut til at det kunne bli jamnare enn eg kanskje kunne ha håpa på. Men vi har aldri full oversikt over kva delegatane kjem til å stemme, kanskje såg reknearket annleis ut frå ein anna vinkel, men eg trur at det kunne ha vore eit jamt val, seier Iversen

Ho understrekar at valkampen internt i partiet har vore «veldig god» og at medlemmane i partiet har vist seg som eit «sunt partidemokrati».

– Det har vore stor takhøgd og folk har behandla kvarandre med respekt og så har ein halde seg til politikken som ein skal diskutere, så det har vore ein positiv bevegelse i partiet, seier Iversen

Toine C Sannes

RESPEKT FOR AVGJERDA: Motkandidat Toine Sannes seier til NRK at ho har stor respekt for grunngjevinga og avgjerda til Lan Marie Berg om å trekke seg frå nestleiarvalet.

Foto: MDG

Sannes understrekar og at ho har stor respekt for avgjerda til Berg.

– Eg har stor respekt for grunngjevinga og avgjerda. Lan skal tilbake til ei krevjande rolle i Oslo, i ei særs spesiell tid for oss alle. Lan er ein av våre aller dyktigaste politikarar, og eg gler meg til å jobbe saman med henne framover, seier Toine Sannes frå Sortland MDG.

Bastholm: – Lan er enormt viktig for partiet

Nasjonal talsperson, stortingsrepresentant og innstilt leiar i MDG, Une Bastholm har følgjande å seie om at Berg trekker seg:

– Lan er enormt viktig for partiet og norsk klima- og miljøpolitikk sjølv om ho ikkje stiller til val som nestleiar.

Ho understrekar at Berg gjer ein viktig jobb som byråd i Oslo, ho omtalar Berg som «i spissen for ei historisk grøn omstilling av hovudstaden».

– Eg har respekt for at ho vil prioritere å løfte dette arbeidet vidare, seier Bastholm.

Bastholm fortel at ho er glad for at det og er fleire som ønskjer å bli kvinneleg nestleiar i partiet.

– Kamp om viktige posisjonar er sunt. Eg gler meg til å ta fatt på jobben saman med resten av leiinga i MDG for å få inn ei stor gruppe på Stortinget i 2021.

pVs8PTmGCcc

GLER SEG OVER KAMPEN OM LEIARVERVET: Nasjonal talsperson, stortingsrepresentant og innstilt leiar i MDG, Une Bastholm.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Leiar for valkomiteen: – Skal snart foreslå ny nestleiar

Endre Borgan Mæland, leiar for MDG sin valkomite seier til NRK at dei fekk beskjed om at Berg trekker seg på laurdag.

– Vi meiner Lan ville gjort ein utmerka jobb i toppleiinga, men vi har respekt for hennar avgjerd, seier Mæland.

– Valkomiteen skal ha møte måndag kveld. Vi har fleire gode kandidatar i MDG, og vi siktar på å lande eit nytt forslag til ny nestleiar ganske snart, seier han og.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger