Hopp til innhold

Utfordrar MDG-Lan om nestleiarvervet: – Oslodominansen er uheldig

Distriktskandidat meiner MDG står ovanfor eit viktig vegval ved det digitale landsmøtet i april.

Innstilt leiargruppe i MDG

INNSTILT LEIARGRUPPE: Une Bastholm (t.h), Arild Hermstad og Lan Marie Berg er foreslått som nye leiarar i MDG. Alle tre bur og er valt inn frå Oslo.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Om vi faktisk ønskjer å stå fram som eit breitt grønt folkeparti så må vi ikkje rote det til no og gjere det vanskeleg for oss sjølve, seier Toine Sannes frå Sortland MDG.

Utfordrarane til nestleiarvervet vart først intervjua i Klassekampen og TV 2.

Ho er fiskeripolitisk talsperson i partiet og stiller som motkandidat mot Lan Marie Berg når MDG skal velje ny kvinneleg nestleiar i partiet i april.

Sannes meiner partiet treng ein nestleiar utanfrå Oslo MDG om dei skal ha truverd og gjennomslag i politikken sin utanfor dei store byane.

– Mange av utfordringane og løysningane på natur, miljø og klimapolitikken ligg i distrikta, derfor meiner eg det er uheldig å velje ei leiargruppe kor alle kjem frå same lokallag, seier Toine Sannes.

Toine Sannes, fiskeripolitisk talsperson i MDG

VEGVAL: Toine Sannes meiner MDG treng ein distriktspolitikar som ho i leiargruppa om dei skal vinne distriktsveljarar.

Foto: PRIVAT

Vil du åtvare mot å velje ei oslodominert partileiing?

– Ja, eg opplev det her valet meir som eit strategisk vegval meir enn eit personval, seier Sannes.

Miljøpartiet dei grøne har trass i koronasituasjonen valt å halde fram med ein nedstrippa digital versjon av sitt planlagde landsmøte i april.

Oslodominansen i den føreslåtte leiargruppa har ført til at fleire kvinner stiller med benkeforslag mot den innstilte kvinnelege nestleiaren Lan Marie Berg.

Lan Marie Berg og Une Bastholm har ikkje vore tilgjengelege for å kommentere denne saka.

Meiner det geografiske mangfaldet er sikra

Leiar for valkomiteen I MDG, Endre Borgen Mæland grunngjev forslaget deira til ny leiing med at desse kandidatane er best eigna til å styre partiet mot eit gjennombrotsval i 2021.

Mæland meiner det at geografiske mangfaldet i leiinga er sikra sidan leiartrioen kjem frå forskjellige stadar i Noreg

– Sjølv om dei i dag har Oslo som arbeidsstad, vil dei representere breidda og mangfaldet i partiet over heile landet godt, seier han.

Kriss Rokkan Iversen

VALKAMP FRÅ STOVA: Kriss Rokkan Iversen driv digital valkamp om nestleiarvervet i MDG heimanfrå. – Eg høyrde nokon som sa at alt vert digitalisert som følgje av koronasituasjonen, og det ber valkampen min preg av, seier ho med eit smil.

Foto: Saga Rokkan-Markusson

Vil helst utsette landsmøtet

Over 200 delegatar skal etter planen delta på det digitale landsmøtet.

Ein anna av motkandidatane om det kvinnelege nestleiarvervet, Kriss Rokkan Iversen frå Harstad MDG skulle helst ha sett at landsmøtet vart utsett.

– Primært meiner eg at landsmøtet burde vore utsett og halde fysisk til hausten sidan det er viktig som politisk verkstad og møteplass for medlemmar, seier Iversen.

Iversen har trua på at det digitale landsmøtet vil bli godt gjennomført etter omstenda. Ho understrekar og at ho står lojalt bak landsstyret sitt vedtak om å halde digitalt landsmøte.

Iversen meiner likevel det er uheldig for nestleiarvalet at kandidatane ikkje fysisk får møte delegatane før valet.

– Når vi har ein situasjon med benkekandidatar i leiarvalet så er det uheldig at delegatane ikkje får eit fysisk møte med kandidatane, seier Iversen.

Torkil Vederhus, partisekretær i MDG.

ARRANGERER DIGITALT LANDSMØTE: Partisekretær i Miljøpartiet dei grøne, Torkil Vederhus har ansvar for det digitale landsmøtet i april.

Foto: MDG

Kan framleis avlyse

Partisekretær i Miljøpartiet dei grøne, Torkil Vederhus trur ikkje at koronasituasjonen og avstemming over nett kjem til å hindre eit fullverdig nestleiarval.

– Eg trur at vi klarar å gjennomføre vala våre like godt som vi har gjort før, seier han.

Vederhus trur restriksjonane mot å samle seg i større grupper som følgje av koronasituasjonen kan bidra til å jamne ut dei geografiske fordelane til MDG-politikarar i sentrale strøk.

– Sidan alle kandidatane no stiller likt med tanke på å delta på delegasjonsmøte i forkant av valet, seier han.

AKTUELT NÅ