Hopp til innhold

Ber alle med hoste og sår hals om å teste seg

Trass god testkapasitet, er det liten pågang for å bli testa for covid-19. No ber helsestyresmaktene alle med symptom på luftvegsinfeksjon om å teste seg.

Smittetelt utenfor Aker sykehus

DRIVE-IN: I teltet utanfor Aker sjukehus kan ein teste seg for Covid-19. Her kan ein bestille time på førehand og komme med bilen for å ta testen.

Foto: Lise Åserud

Line Vold ved Folkehelseinstituttet trur det er få som har følt behov for å teste seg den siste tida.

– Akkurat no er det få som har luftvegsinfeksjonar. Difor er det få som har behov for å ta testen, samanlikna med ein sesong der fleire får luftvegsinfeksjon. Det forventar me blir tilfelle til hausten, seier Vold.

Oppmodar alle med symptom til å teste seg

I dag er det god testkapasitet i Noreg. Difor har helsemyndigheitene utvida lista over kven som skal få teste seg for koronaviruset.

No vert alle som viser symptom på luftvegsinfeksjonar, og som har feber, hoste eller tung pust, oppmoda til å teste seg for viruset.

– Det er viktig for at du skal vite kva råd som gjeld for at du ikkje skal smitte andre vidare. Testinga inngår i det systemet me har for å følgje epidemien. Det er viktig at alle testar seg slik at me skal kunne halde fram med å følgje smittetala framover, seier Vold.

Kan teste 100 000 i veka

– Analysekapasiteten er på godt over 100 000 per veke. Den kan auka betydeleg dersom det blir behov for det. Vi er opptatt av at kapasiteten skal vere høg, slik at viss vi kjem i situasjonar med mykje smitte får vi testa flest mogleg som har symptom, seier fungerande, assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Legar snakkar med Espen Rostrup Nakstad og Line Vold

ORIENTERER: Legane ved Aker sjukehus orienterer Espen Rostrup Nakstad og Line Vold om pågangen ved smitteteltet utanfor sjukehuset.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

Verken Nakstad eller Vold trur at dei låge tala for smittetesting skuldast at folk sluntrar unna testtakinga.

– Det er få av dei som tek testen som testar positivt. Det tyder på at me er flinke til å teste oss. Det at det er så få som testar positivt, betyr at det er liten risiko for smitte. Men det er likevel viktig at me oppdagar dei som er positive, slik at me kan følgje smittesituasjonen framover, seier Vold.

Enkelt å ta testen

Nakstad seier at dei jobbar kontinuerleg med å forenkle testtakinga. Mellom anna skal dei no prøve ut om det går an å ta spyttprøvar framfor å ta prøven frå nasen og svelget.

Koronatesting på Ullevål sykehus

KORONATESTEN: Testen som sjekkar om du har koronaviruset i kroppen hentar ut prøvematerialet frå hals og nase. Frå midten av juni vil dei prøve ut om ein kan ta spyttprøvar i staden.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

– Men det er ikkje veldig komplisert slik ein gjer det no. No skal alle kunne ta ein slik test. Då må ein gå på heimesida til kommunen sin og sjekke kvar ein kan gjere det.

Både Vold og Nakstad understrekar at det er svært viktig at alle med symptom testar seg.

– Det aller viktigaste er at ein sjekkar seg dersom ein har symptom på luftvegsinfeksjon eller feber. Viss ein har vore i kontakt med nokon som er blitt sjuke, må ein vere ekstra merksam på å la seg teste, seier Nakstad.

AKTUELT NÅ