Hopp til innhold

Lærarane viser korta: – Vårt forslag gir billegare oppgjer i 2022

Lærargeneral Steffen Handal går til eit uvanleg steg midt i ein lønskonflikt: Han offentleggjer forslaget han har gitt motparten. Han meiner forslaget nesten er gratis for kommunane. Men KS meiner det bryt med alle prinsipp.

Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

KORTA PÅ BORDET: Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet, med sitt forslag til løysing på lærarkonflikten.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Vårt forslag vil innebere at ein andel av ramma for 2023 blir gitt til lærarane, og for 2022 blir det faktisk eit litt billegare oppgjer, seier leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, til NRK.

Les forslaget: Utdanningsforbundets skisse til løysing

Forslaget som han no offentleggjer gjennom NRK vart presentert for KS førre veke. Det var eit svar på KS sitt forslag dagen før.

Begge forslaga har det til felles at dei er avviste av motparten. Noko som gjer at lærarstreiken held fram.

Laurdag formiddag seier riksmeklar Mats Wilhelm Ruland til NRK at han har hatt kontakt med lærarsida. På spørsmål om det har vore bevegelse mellom partane, skriv Ruland at det ikkje er noko nytt å melde.

Prioriterer lærarane i 2023

Utdanningsforbundet sitt forslag handlar i praksis om å prioritere lærarane i 2023. Dette er kjernen:

  • Dei vil akseptere den samla lønsramma for oppgjeret.
  • Tillegg for høgt utdanna og dei med lengst ansiennitet frå 1. juni i år, ikkje frå 1. mai som andre grupper i kommuneoppgjeret har fått. Det sparar kommunane litt på, argumenterer forbundet.
  • Og: Dei vil ha eit «skuletillegg» for alle lærarar frå 1. mai neste år på 10.300 kroner.

Det er på det siste punktet at det blir vrient.

Kostnaden på det såkalla skuletillegget blir anslått av begge partar til å vere rundt 500 millionar neste år, mens heilårseffekten seinare vil vere på 740 millionar.

Forslaget betyr at ein del av dei midlane som det skal bli forhandla om neste år då ville vere sett av til lærarane. Men det inneber at den totale kostnaden for kommunane ikkje vil auke.

– Dette tillegget er meint å kompensere for noko av det vi ikkje har fått tidlegare. Vi har hatt ei dårlegare lønsutvikling enn andre, dette er meint for å rette opp litt av det.

– Et ikkje du då av den potten som er sat av til andre grupper i det profesjonsfellesskapet du er ein del av?

– Jau, det gjer vi. Og det er viktig å merke seg at i Unio var vi einige om å fremje eit skuletillegg. Dessutan er det jo allereie fordelt pengar for 2023 til andre grupper i avtalen som er inngått, seier Handal og viser til tillegg for ubekvem arbeidstid på kveld og helg som skal gjelde frå 2023. Desse tillegga treff typisk folk som jobbar i helsevesenet.

Prinsippbrot

KS stadfestar til NRK at skissa som Utdanningsforbundet legg fram gjennom NRK er den dei er blitt presentert for. Og dei seier det er forslaget om eit skuletillegg som blir vrient.

– Det er veldig vanskeleg for KS å starte forhandlingane for 2023 no med berre tre av 40 organisasjonar. Det vil neppe verken sjukepleiarar, reinhaldarar eller vaktmeistrar akseptere, seier Tor Arne Gangsø, som leiar forhandlingane for KS.

– Så det er eit prinsipp?

– Vi har alltid vore opptekne av at alle skal vere med i eit tariffoppgjer. Eg kan aldri tenke meg at vi skulle fått gjennom dette.

Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv i KS.

PRINSIPP: Tor Arne Gangsø i KS kjøper ikkje Utdanningsforbundet si skisse.

Foto: Håvard Grønli / NRK

KS er også redd for at den reelle kostnaden ved Utdanningsforbundets forslag om skuletillegg vil bli langt høgare.

– I tariffavtalen vi har med dei 37 andre organisasjonane har dei ein rett til å reforhandle. Dersom vi gir noko slikt til dei tre som er i streik, så utløyser vi denne retten til å starte opp att lønsforhandlingane i kommunal sektor. I verste fall blir det jo snakk om fleire milliardar for den kommunale økonomien.

Gangsø meiner også at forslaget bryt med prinsippet om lik garantiløn for lik utdanning.

Aksepterer ramma

Handal i Utdanningsforbundet meiner forslaget deira viser at avstanden er for liten til at konflikten bør fortsette. Han meiner KS no burde vere opptekne av at lærarane med dette aksepterer dei samla rammene.

– Forslaget vårt ligg innanfor ramma av frontfaget og innanfor ramma i kommuneoppgjeret også i 2023.

Men motparten meiner dei nye prinsippa i lærarane sitt tilbod står i vegen.

– Men har ikkje du eigentleg vunne fram når den største lærarorganisasjonen seier at dei aksepterer den samla lønsramma i kommuneoppgjeret?

– Det er jo veldig hyggeleg viss det er tilfelle, seier Gangsø, men legg til:

– Poenget er at dette oppgjeret handlar om to år. Vi er opptekne av å løyse inneverande år utan å øydelegge forhandlingsklimaet neste år.

Kritiserer Utdanningsforbundet

Skolenes landsforbund, som også er part i streiken, kritiserer Utdanningsforbundet for å ha gått offentleg ut med krava.

Forbundsleiar Mette Johnsen Walker seier til NRK at det er et brot på spillereglene.

– Vi reagerer på at når vi står i ein konflikt ser det ut til at meklinga har forskjøvet seg til media. Vi steller oss til Riksmekler og når vi mekler er det fortruleg, seier ho.

Walker seier at ho er fryktar at posisjonane nå kan låse seg og at det blir vanskelegare å finne ei løysing.

– Vi fryktar at dette kan føre til tvungen lønnsnemnd, når posisjonane blir låst fast, seier ho.

AKTUELT NÅ