Hopp til innhold

Kvinne omkom i ulykke i Lofoten

Ei kvinne i 80-åra omkom og ei kvinne i 40-åra er hardt skadd etter ei trafikkulykke i Svolvær torsdag kveld.

Dødsulykka skjedde like aust for flyplassen i Svolvær.

Ei kvinne i 80-åra er død, og ei kvinne i 40-åra er hardt skadd etter ei trafikkulykke i Svolvær i Nordland torsdag kveld.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 20.13 torsdag. Ulykka mellom to personbilar skjedde på E10 aust for flyplassen i Svolvær.

Glatt vegbane

Ulykka skal ha skjedd rett etter ein svak kurve i vegen.

– Vi har fått opplyst at det var svært glatt på staden, seier operasjonsleiar May-Wenche Hansen til NTB like før klokka 2.30.

Hansen opplyser at kvinna i 40-åra vart frakta til sjukehuset i Bodø med redningshelikopter.

– Ho var alvorleg skadd då ho kom sjukehuset. Ho har vorte operert og er no stabil, sa pressevakt Tor-Einar Schøning ved Nordlandssykeshuset klokka 02.45.

Ei kvinne i 80-åra som sat i same bil som kvinna i 40-åra, døydde i ulykka. Ho vart erklært død på staden. Pårørande er varsla.

To bilar innblanda

Kollisjonen var mellom ein stor personbil og ein mindre bil, skriv VG.

Etter det politiet har fått opplyst, skal dei to i den andre bilen vere uskadde. Politiet gjorde undersøkingar på staden med bistand frå Statens vegvesen.

– Det for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka. Det vil den vidare etterforskinga vise, seier Hansen

Vegen var stengd etter ulykka, men er no opna for trafikk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger