NRK Meny
Normal

Kutt gir historisk låg styringsrente

Noregs Bank kuttar styringsrenta med ytterlegare 0,25 prosentpoeng til rekordlåge 0,75 prosent. Dei tre største bankane i landet følgjer etter og tilbyr billegare bustadlån.

Sentralbanksjef Øystein Olsen i Norges Bank

Sentralbanksjef Øystein Olsen orienterte om bakgrunnen for rentekuttet på ein pressekonferanse torsdag føremiddag. Han utelukkar ikkje at den rekordlåge styringsrenta kan falla enda meir før utgangen av 2015.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

«Vekstutsiktene for norsk økonomi er svekte, og me ventar at inflasjonen etter kvart vil gå ned. Styringsrenta blir difor sett ned no», opplyser sentralbanksjef Øystein Olsen i ei pressemelding.

Dagens rentenivå på 0,75 prosent er dermed historisk lågt, og det kan fort bli enda lågare.

– Styringsrenta kan bli sett ytterlegare ned i løpet av det nærmaste året, sasentralbanksjefen på ein pressekonferanse torsdag føremiddag.

Øystein Dørum

Sjeføkonom i DNB Markets, Øystein Dørum, er overraska over dagens rentekutt.

Foto: Heiko Junge / Scanpix
Sjeføkonom: – Overraska

På grunn av fall i oljeprisen i sommar, legg Noregs Bank til grunn at førespurnaden etter varer og tenester frå oljenæringa går ned og at veksten i norsk økonomi dermed vil bli verande låg over lengre tid. Sentralbanksjefen påpeikar også at fleire vil bli arbeidsledige i tida framover.

Eit knapt fleirtal av ekspertane trudde i forkant av dagens kunngjering at Noregs Bank ville halda styringsrenta i ro ei lita stund til.

Sjeføkonom Øystein Dørum i DNB Markets er overraska over kuttet.

– Me hadde venta nok eit rentekutt, men først i november. Me er overraska over at dei valde å reagera allereie no fordi kronekursen er svært svak, den registrerte arbeidsløysa har ikkje gått opp veldig mykje og bustadprisar og kreditt viser sterkt vekst.

Storbankar kuttar bustadrenta

Dørum tolkar kuttet som at Noregs Bank legg meir vekt på uvissa rundt det internasjonale biletet, blant anna låg oljepris og indikasjonar på enda færre oljeinvesteringar.

– Det er liten tvil om at Noregs Bank no er nervøse eller redde for ei mykje svakare utvikling i norsk økonomi.

Renta på bustadlån ligg i dag på rundt 2,5 prosent. Lågare styringsrente frå Noregs Bank betyr ikkje automatisk at bankane set ned renta til forbrukarane.

Alle dei tre største bankane i Noreg, DNB, Nordea og Danske Bank, var likevel raskt ute med å svara med rentekutt til sine kundar.

DNB, som har over en firedel av norske bustadlån, varslar kutt på bustadlån med inntil 0,40 prosentpoeng. Nordea og Danske Bank nedjusterer med inntil 0,25 prosentpoeng. Det same gjer finanskonsernet SpareBank 1 SMN.

Minus-rente i nabolanda

Også i juni blei styringsrenta sett ned 0,25 prosentpoeng på grunn av ein svakare utvikling i norsk økonomi enn venta.

Mange hadde venta i spenning på dagens kunngjering frå Noregs Bank. Det store spørsmålet var om sentralbanken ville kutta styringsrenta enda meir, eller la den bli ståande på 1 prosent.

Ei viktig årsak til at det er uaktuelt å setja opp renta, er å unngå for stor renteforskjell mellom Noreg og våre viktigaste handelspartnarar. I Sverige og Danmark er rentenivået nemleg på minussida, medan renta i Eurosonen ligg på null.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger