NRK Meny
Normal

KS: – Villige til å diskutera alt

KS opnar no for å fira på kravet om at lærarane må vera 7,5 timar på jobb kvar dag for å unngå ein omfattande og langvarig lærarstreik.

Per Kristian Sundnes i KS

Forhandlingsleiar i KS Per Kristian Sundnes (t.v.) håpar å finna ei snarleg løysing på konflikten med lærarane.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Kommunesektoren sin organisasjon (KS) strekk no ut ei hand i håp om å kunne finna ei løysing på den fastlåste konflikten.

Riksmeklaren kjem til å kalle inn KS og Utdanningsforbundet til eit nytt meklingsmøte så raskt som mogleg.

Møtetidspunktet er enno ikkje fastsett, men det skal etter alt å dømme skje like etter helga.

– Partane er budde på å møte kvarandre no, men dei må få litt tid på å førebu seg, seier Dalseide til NRK.

Dalseide seier til NRK at han har hatt dagleg kontakt med partane. Han opplever at dei er positive til å arbeide fram ei løysing.

18 fylkeskommunar ramma

Ytterlegare 5500 lærarar blir tekne ut i streik frå og med måndag neste veke, opplyser Utdanningsforbundet i dag.

Totalt 132 ungdoms- og vidaregåande skular i 22 kommunar og 18 fylkeskommunar over heile landet blir råka av opptrappinga av lærarstreiken.

– Me har kome i ein situasjon som KS absolutt ønskjer å koma seg ut av. Me har informert partane og riksmeklaren om at me er villige til å diskutera alle forhold, alle konkrete og konstruktive forslag som kan få oss ut av denne situasjonen, seier forhandlingsleiar i KS Per Kristian Sundnes til NRK tysdag.

Så det er ikkje hogd i stein at lærarane må vera 7,5 timar på skulane kvar arbeidsdag?

– Nei, me er villige til å diskutera alle konstruktive forslag. Me har registrert at 7,5 timars-regelen har blitt ganske vesentleg i denne debatten, og er villige til å diskutera det punktet også, stadfestar Sundnes.

– Ser ut til at KS rikkar på seg

Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet

Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet krev ein fleksibel arbeidsavtale for sine medlemmer.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Forbundet uttalte nyleg at dei ikkje har meir å gje i konflikten, og at ballen no ligg hjå KS. Dagens utsegn frå KS gir håp og grunnlag for nye samtalar, seier leiaren i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied til NRK.

Partane har ikkje hatt formell kontakt sidan måndag 28.juli.

– Me har sagt tydeleg at me er opne for dialog, men me har venta på bevegelse frå KS. No ser det ut til at dei rikkar på seg. Då vil me sjølvsagt gå inn i samtalar, opplyser Lied.

Utdanningsforbundet varsla i slutten av juli om at lærarstreiken kom til å bli kraftig trappa opp ved skulestart. Partane må greia å blidgjera kvarandre før måndag for å unngå at storstreiken blir ein realitet.

– Det står att å sjå kor langt KS er villige til å bevega seg. Det høyrest no ut til at dei har oppfatta vår bodskap. Det betyr at me må setja oss ned og sjå på kva me kan gjera, seier Lied.

Urokkeleg krav om fleksibilitet

Kjernen i lærarstriden er nye krav om faste arbeidstider og mindre sjølvråderett. Pålegget i den nye arbeidsavtalen om å tilbringa 7,5 timar av arbeidsdagen på arbeidsplassen, blir av mange lærarar oppfatta som unødvendig detaljstyring og mangel på tillit.

Sjølv om KS er opne for å diskutera innhaldet i den nye arbeidsavtalen, meiner dei framleis på 7,5 timars regelen vil skapa eit betre samarbeidsklima på skulane, og at dette er viktig for å utvikla den norske skulen i riktig retning.

– Då kan lærarane samarbeida meir med kvarandre, vera meir tilgjengelege for elevane og for leiinga. Det gir gode resultat og norske skular og skuleleiarar ønskjer ei betre tilrettelegging for å få det til. Det er dei tilbakemeldingane me får, seier Sundnes i KS.

Bodskapen frå Utdanningsforbundet er likevel urokkeleg.

– Lærarane må få lov til å vera lærarar, gjera ein god jobb overfor elevane. Då treng dei ein avtale som sikrar dei fleksibilitet i kvardagen. Det er og har heile tida vore ein tydeleg bodskap frå oss, påpeikar forbundsleiaren.

Av dei 93.000 medlemmene til Utdanningsforbundet i KS-tariffområdet, røysta 73 prosent av medlemmene mot den nye arbeidsavtalen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger