Krisemåling for regjeringa – MDG og Sp veks vidare

Både Frp og Høgre går kraftig tilbake i stortingsvalmålinga Norstat har gjennomført for Aftenposten og NRK i oktober. Hadde dagens måling vore eit valresultat, ville regjeringa vore langt unna eit fleirtal på Stortinget.

Sylvi Listhaug

IKKJE NØGD: Framstegspartiet gjer det dårleg på denne målinga, og nestleiar Sylvi Listhaug er ikkje nøgd.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

På det ferske partibarometeret går Frp tilbake tre prosentpoeng til ein oppslutnad på 8,6 prosent. Dette er utanfor feilmarginen, og ein svært dårleg måling for regjeringspartiet.

Det ville ha gitt dei 16 mandat. Så få Framstegspartifolk har dei ikkje vore på Stortinget sidan etter valet i 1993, då hadde dei 10 mandat.

Partibarometer oktober

Periode 24/9–30/9. 727 intervjuer. Feilmarginer fra 1,3–3,1 pp.
R
3,6 %
−0,9
SV
6,6 %
+0,5
AP
24,1 %
−0,7
SP
18,6 %
+2,5
MDG
7,8 %
+2,4
KRF
3,7 %
−0,2
V
3,4 %
+0,0
H
19,7 %
−1,5
FRP
8,6 %
−3,0
Andre
4,0 %
+1,0
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. Tallene er sammenliknet med stortingsvalgmålingen for september.

– For Framstegspartiet er dette for dårleg. Det er naudsynt at vi framover er både tøffare og tydelegare. No kjem vi til å snakke om politikk på dei sakene som våre veljarar er opptekne av. Det er innvandring, samferdsel og eldreomsorg, seier nestleiar i Frp Sylvi Listhaug.

Er dette ei krisemåling for Frp?

– Det er altfor dårleg, og difor er det berre ein ting å gjere. Vi må stå på fram mot 2021 for å vise veljarane at vi har den beste politikken, seier Listhaug.

– Frp har ikkje klart å reparere skadane som har ridd dei sidan bompenge-opprøret i vår. Dette er ein sak som rammer sjela til Frp og veljarane gløymer ikkje sånt er analysen til Hege Breen Bakken, politisk redaktør i Drammens Tidende.

30 færre mandat

Også Høgre gjer ein dårleg måling, og går tilbake 1,5 prosentpoeng til ein oppslutnad på 19,7 prosent.

Både Høgre og Framstegspartiet går tilbake samanlikna med NRK si siste stortingsmåling før valet.

Samstundes hamnar både KrF og Venstre under sperregrensa også på denne målinga. Om ein ser på regjeringa under eitt, så ville dagens måling gitt dei 58 mandat.

Det er langt unna de 85 mandata som skal til for å danne eit fleirtal.

I dag har regjeringa 88 mandat til saman.

– Det er veldig vanleg at dei sitjande regjeringspartia går litt ned rett etter eit val, så det er ikkje noko dramatikk i dette, seier statsminister og høgreleiar Erna Solberg.

Men kva fordel dette om korleis du og regjeringa handterte bompengekrisa før valet?

– Eg trur ikkje dette har så mykje med det å gjere, eg trur heller det er ein del av ei tendens der regjeringa gjer det litt dårleg på meiningsmålingane. Difor må vi jobba framover med å syne fram at det faktisk går veldig bra i landet, og at regjeringa gjer mykje viktig arbeid for å modernisere Noreg.

AFP_1KK52V

HANDLAR IKKJE OM BOMPENGAR: Erna Solberg trur ikkje den dårlege målinga handlar om korleis regjeringa handterte bompengekrisa før valet.

Foto: DON EMMERT

Sp og MDG fram

Sp og MDG held derimot fram med å vekse, og er no endå større ein dei var ved lokalvalet i september.

– Det er to grøne vindar som blåser over landet, seier Hege Breen Bakken, politisk redaktør i Drammens Tidende.

Senterpartiet får ein oppslutnad på 18,6 prosent. Det ville ha vore det beste valresultatet i eit stortingsval nokon gong, sidan partiet vart stifta i 1920.

– Dette er eit tydeleg signal om at folk vil ha tenester der dei bur. Den sentraliseringa som no skjer den råkar folk i både by og bygd, og folk likar det ikkje. Regjeringa trur på store einingar, men vi trur på nærleik, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Også MDG ville ha gjort sitt beste val nokon gong om denne målinga var eit stortingsval.

Med 7,8 prosent og 14 på Stortinget, ville dei hatt 13 fleire enn dagens eine representant frå Oslo.

– Dette syner at folk er klare for ei ny retning for landet vårt, der ein set klima og miljø før alt anna. Stadig fleire ser at det er vi som er garantisten for ein ekte grøn politikk, seier nasjonal talsperson i MDG Arild Hermstad om den gode målinga.

Ap: – Ikkje godt nok

For Arbeidarpartiet stadfestar målinga det lokalvalet synte, nemleg at partiet har stabilisert seg med ein oppslutnad på nedre halvdel av tjuetalet.

– Vi står på om lag på staden kvil samanlikna med valet, og etter eit dårleg val er ikkje det godt nok. Det positive med denne målinga er at det er eit solid raudgrønt fleirtal, no må vi berre klare å syne frå at vi er eit heilt anna alternativ enn det regjeringa står for, seier partisekretær i Arbeidarpartiet Kjersti Stenseng.

– Mykje tyder på at det vil bli eit regjeringsskifte, men at det vil bli ein helt annan samansetning på raud-grøn side, der Arbeidarpartiet blir svekt og Senterpartiets makt blir større og at dei må ta omsyn til MDG, seier Tone Sofie Aglen, politisk kommentator i VG.

I ein tidlegare versjon av denne saka blei det opplyst i grafikken at det var gjennomført 948 intervjuar. Det er riktig at så mange blei intervjuet, men det var 727 som svarte eitt av alternativa i grafikken. Resten svarte at de ikkje veit, ikkje vil svare, eller ikkje vil stemme dersom det var val i morgon.

SISTE NYTT

Siste meldinger