Hopp til innhold

Krev at treningssentera får korona-opne før tida

Virke krev at dei koronastengde treningssentera får opne allereie 1. juni. To veker før datoen regjeringa har sett. Bransjen seier dei er klare, men helseministeren står på sitt.

Tomt treningssenter

TOMT: Tredemøllene og vektene har stått ubrukte i fleire månader på grunn av koronakrisa.

Foto: NRK

Sidan mars har vekter, trimsyklar og tredemøller stått ubrukte på treningssentera. Med mange menneske i same sal, på same treningsapparat og i same garderobe, er det nødvendig med tiltak for å hindre spreiing av koronasmitte.

Treningsbransjen har fått sin eigen smittevernstandard, som er gjennomgått av Folkehelseinstituttet, men dei må likevel halde stengt til 15. juni.

Ivar Horneland Kristensen

VIRKE: Administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland Kristensen, meiner treningssentera må få opne med det same.

Foto: Virke

– Det er heilt uforståeleg at dei ikkje kan opne no. Det er arbeidd godt med smittevernrettleiaren, det er lite smitte i samfunnet, og ein opnar no for idrett og på mange andre område, seier Ivar Horneland Kristensen, administrerande direktør i Virke, hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæringa.

Han meiner bransjen blir behandla ulikt andre bransjar, og krev at treningssentera får opne allereie 1. juni.

– Er du idretten kan du drive med squash, men er du treningssenter kan du ikkje det.

Kristensen viser til at ein 15. juni er på veg inn i lågsesongen for bransjen, og at det vil vere vanskeleg økonomisk å måtte vente så lenge.

– Ei opning av treningsbransjen neste veke vil bety at 20.000 permitterte kan kome tilbake i jobb, og at bransjen får inntekter i to veker før dei går inn i ferien, som er lågsesong.

Nedprioritert

– Det har vore tøft. Både det å vere nøydd til å stenge, men òg å måtte gi beskjed til alle tilsette om at dei blir permittert. Det å ikkje kunne gå på jobb, gjere dei tinga ein er så glad i, og å møte dei flotte menneska her, har vore utfordrande, seier Sigbjørn Fremnesvik.

Trenigssenter Tromsø

KLØR I FINGRANE: Sigbjørn Fremnesvik ventar berre på klarsignal frå styresmaktene til å opne dørene til treningssenteret han driv.

Foto: Rune N. Andreassen / NRK

Han driv Family Sports Club i Tromsø. Senteret er gjort klart til å opne dørene, og han ventar berre på klarsignal frå styresmaktene.

– Det klør i fingrane! Vi treng berre eit «go» frå styresmaktene, så kan vi opne. Vi kjem sjølvsagt til å følge rettleiaren, og det vil vere fokus på vasking, god avstand og færre på gruppetimar.

Fremnesvik synest det er frustrerande å sjå andre delar av idretten opne, medan treningssentera må halde stengt.

Treningssenter i Tromsø koronastengt

STENGT: På grunn av korona har kundane til Family Sports Club i Tromsø møtt stengde dører sidan mars.

Foto: NRK

– Meir og meir organisert trening, som svømmetrening, får lov til å starte opp til veka, medan vi har blitt nedprioritert.

Vil ikkje endre planane

– Idretten for vaksne startar heller ikkje no. Det som startar 1. juni er breiddeidrett for barn og unge, svarar helseminister Bent Høie.

Han seier dei vil vurdere opning av treningssentera fram mot 15 juni, i tråd med planen.

Men Virke har utarbeidd ein bransjestandard for smittevern som er godkjent av FHI. Kvifor tillèt de då ikkje opning 1. juni?

– FHI gjer no ein jobb for regjeringa med å vurdere opninga av treningssentera. Vi fekk ei førebels vurdering om det kunne skje før 15. juni, og det anbefalte dei ikkje. Det vil seie at vi held fast på den datoen.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie

STÅR PÅ SITT: Helseminister Bent Høie vil ikkje opne treningssentera før 15. juni.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Høie seier dei opnar Noreg gradvis, og då kan ikkje alt opne på same tid.

Treningssentera er vurdert å ha ein høg smitterisiko, og er dimed i siste pulje.

– Eg ønsker at dei skal kome tilbake så snart som mogleg, og så snart som mogleg er 15. juni.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger