Hopp til innhold

Krev biogas­satsing for tungtransporten

Både Venstre og Høgre krev at regjeringa sørger for fleire fyllestasjonar for biogass etter at transportselskap varslar at dei går tilbake til diesel.

UTSLIPPSFRI: Lastebiler på biogass finnes men er sjeldne på norske veier.

UTSLEPPSFRI: Det er få fyllingsstasjonar for lastebilar som brukar utsleppsfri biogass som drivstoff

Foto: Tom Balgaard/NRK

– Få opp eit nasjonalt nettverk av fyllestasjonar av utsleppsfri biogass til tunge køyretøy, og legg til rette for ein auke av biogassproduksjonen!

Det er Venstres Ola Elvestuen sitt krav til regjeringa etter å ha lese om transportselskapet Litra Gass som går frå biogass som drivstoff tilbake til forureinande diesel.

Steinar Karlsen, adm.dir. i transportselskapet Litra Gass, etterlyser tydelegare tale frå regjeringa.

Steinar Karlsen, adm.dir. i transportselskapet Litra Gass, etterlyser tydelegare tale frå regjeringa.

Administrerande direktør Steinar Karlsen i Litra Gass er skuffa over at utbygging av infrastruktur ikkje har gått slik han håpa. Selskapet går tilbake til forureinande diesel etter uklare signal frå regjeringa om utsleppsfri biogass som prioritert drivstoff for tungtransport på veg.

Elvestuen meiner Enova må inn og dytte det grøne skiftet inn på hovudvegane.

– Når Enova berre følgjer bestillinga, som er støtte til marknadsintroduksjon, gir dei seg for tidleg.

Ola Elvestuen, Venstre

Ola Elvestuen (V) etterlyser større satsing på biogass på vegane.

Foto: Olav Juven / NRK

Han krev at Enova får ei anna bestilling på to område.

– Dei må arbeide for fylleinfrastruktur for flytande biogass, og dessutan få opp produksjonen til eit akseptabelt nivå. Det krev ikkje stortingsbehandling av ei slik bestilling, understrekar han.

Finst betre løysingar

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide sa i eit intervju med nettstaden biogassbransjen.no i mai at det finst billegare og betre løysingar enn biogass for å nå nullutslepp med tungtransporten. Overfor NRK understrekar han satsinga på el-lastebilar.

Espen Barth Eide og hans folk i innspurten av COP27

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

– Eg meiner biogass er ein veldig viktig del av energiomstillinga, men så har eg sagt at vi skal vera klar over at det no også skjer ei elektrifisering av tungtransporten. Og stadig fleire leverandørar kjem no med elektriske lastebilar. I det lange løp kan det kanskje bli at biogass i endå større grad blir brukt til skipsfart og industri, sa han til nrk.no i går.

Miljødirektoratet kom i juni med ein rapport om tiltak som bransjen meiner går stikk imot det Barth Eide seier.

Kjell Olafsrud, markedsdirektør i Norsk Lastebileierforbund

Kjell Olafsrud, markedsdirektør i Norsk Lastebileierforbund

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

– Der peikar direktoratet på det å få tungtransporten over på biogass som det nest beste tiltaket ein kan gjera fram til 2030 for å redusere utslepp frå tungtransporten. Dette gjer det veldig vanskeleg for ein lastebileigar i dag å velja grønt, seier Kjell Olafsrud i lastebileigarforbundet.

Ola Elvestuen seier til NRK at Enova må få eit ansvar for etablering av eit nasjonalt nettverk av fyllestasjonar for biogass til tungtransporten.

– Dette kan samanliknast med etableringa av hurtigladestasjona i Finnmark, Nord-Troms og andre stader. Då fekk Enova ansvar, og no er dei på plass. De må få bestillinga og ein tidsfrist på når vi skal ha eit nasjonalt nettverk av fyllestasjonar for flytande biogass.

Også Høgre reagerer på manglande satsing på biogass-tilbodet.

Liv Kari Eskeland, Høgre. Ved flyplassen

Liv Kari Eskeland (H) sit i transportkomiteen på Stortinget.

Foto: Olav Røli / NRK

– Vi reagerer på kor fråkopla statsråden og regjeringa er når det gjeld tungtransporten. Dei fremstår heilt uinteresserte, seier Høgres Liv Kari Eskeland som sit i transportkomiteen på Stortinget.

Ho meiner regjeringa må koma med eit grønt transportløft som mellom anna inneber bompengefritak i fleire byar, ein plan for å auke produksjonen av avansert biodrivstoff og biogass, og ein tiltakspakke for etablering av ladestasjonar for tunge køyretøy.

– I løpet av denne perioden har det kome ulike og vage styringsmål, og manglande evne til å få på plass infrastruktur. Det gjer næringslivet usikre og øydelegg næringa si lyst og evne til omstilling, legg ho til.

AKTUELT NÅ