Hopp til innhold

Kraftig auke i smitte på institusjonar

Koronasmitten på sjukeheimar og helseinstitusjonar stig kraftig. Helsedirektøren seier me må forventa ein del dødsfall på sjukeheimane framover.

Bjørn Guldvog

AUKA SJUKEFRÅVÆR: Førre veke var det 38 prosent fleire sjukemeldingar enn i same veke i 2019, før pandemien.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Talet på smitta på institusjon auka til 633 denne veka, opp frå 468 veka før. Det kjem fram i Helsedirektoratet sin siste vekerapport.

– No som me har så mykje smitte i samfunnet, vil me også få ein del smitte inn i institusjonane. Det er umogleg å unngå det.

Det seier direktør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog, etter torsdagens pressetreff.

– Då må me også forventa at me får ein del dødsfall på grunn av covid.

– I ein normalsituasjon er det også vanleg at eldre som er svært sjuke døyr av ein infeksjon, og det vil me også sjå under omikron.

Han samanliknar situasjonen med influensasesongen.

Guldvog påpeiker derfor at det ikkje treng å bety at kvaliteten på tenestene er redusert.

Dødsfall på sjukeheimar, også blant fullvaksinerte, er likevel sjeldnare no enn tidlegare, fortel Guldvog. Både på grunn av mildare virus og betre vern.

Ove Hermansen

LETTA: Sjukeheimsbebuaren Ove Hermansen fekk korona, men slapp unna med ingen symptom, det er han letta for.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Letta over at det gjekk bra

Ove Hermansen er bebuar på Bor på Pålsetunet bu- og servicesenter i Fetsund i Lillestrøm kommune. Fyrst etter ein rutinesjekk fordi andre på sjukeheimen hadde vore smitta, oppdaga han at han hadde korona.

– Eg merka ingenting anna enn at eg blei testa, seier 76-åringen til NRK.

Han hadde ingen symptom, og er letta over at det gjekk så bra.

Det einaste eg kan seie er at eg har hatt ein dag kor eg hadde dårleg matlyst, men sånn som smak og eller nokre smerter eller feber hadde eg ikkje.

PRESSETREFF: Assisterande direktør Espen Rostrup Nakstad og direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet held pressekonferanse etter den siste vekerapporten torsdag.

Høgt sjukefråvær

– Det me er mest bekymra for no, er det høge sjukefråværet, sa Guldvog på pressetreffet torsdag.

Kapasiteten ved institusjonar og heimetenester er redusert i fleire kommunar den siste veka.

Sjukefråværet går kraftig opp. I førre veke var det 38 prosent fleire sjukemeldingar enn i same veke i 2019, før pandemien.

Guldvog trur dei aller fleste kommunane vil klara å handtere eit aukande sjukefråvær, og fortel at dei er betre rusta til å handtere det som kjem.

– Me understrekar at det vil vera utfordrande for kommunane i tida framover, og at ein ikkje kan forventa det same nivået av tenester som ein har i kvardagen.

– Det er ikkje skulda kvalitetssvikt, men at me er i ein ekstraordinær situasjon.

Nær halvparten (49 prosent) av sjukemeldingane var koronarelatert i førre veke, opp frå 28 prosent i starten av januar.

Veksten var brattast fram til veke 4, med ei lita nedgang i veke 5.

Betre tilgang på testar

Det er no 9 millionar testar på kommunale lager, og 8,25 millionar er sendt ut denne veka, ifølge vekerapporten.

Oslo og Viken, Innlandet, Rogaland og Trøndelag får ekstra mange på grunn av høgt smittetrykk.

I tillegg er det rapportert om ei klar nedgang i talet på utførte PCR-testar, samtidig som andelen positive analysar aukar.

AKTUELT NÅ