Hopp til innhold

Konkursbølge førebels unngått – fryktar at krisegrep forsvinn

Framtida til ordningane som får mykje av æra for dei låge konkurstala, er uavklart. I dag avslører regjeringa kva dei skal gjere vidare.

mann utafor sjøbuer

STILLE: Mefjord Brygge kjem til å ha rundt 5 prosent av normalt besøk, trur eigar og dagleg leiar Tommy Schanke Hansen. Dei vel likevel å halde ope for lokale gjester.

Foto: Arild Moe / NRK

Etter ein god sommar, forsvann nesten alle gjestene for reiselivsbedrifta Mefjord Brygge på Senja, då land etter land vart raude mot slutten av sommaren.

– Situasjonen hos oss fram mot vinteren er veldig dårlege bookinger, fortel Tommy Schanke Hansen, som er eigar og dagleg leiar i bedrifta.

Då Noreg stengde ned for å bremse spreiinga av koronasmitte i mars, frykta mange ei konkursbølgje. Fasit til no er at konkurstala er lågare enn vanleg.

Å bruke fleire milliardar på å støtte bedrifter halvvegs gjennom pandemien, og så stoppe, får ikkje Schanke Hansen til å stemme. Han meiner at mange års oppbygging av reiselivet står i fare utan ei form for kompensasjonsordning (sjå faktaboks).

– Det bør vere sjølvsagt at ordninga skal halde fram. Alt anna vil vere useriøst, etter mi meining.

– Katastrofe for samfunnet

Måndag held regjeringa pressekonferanse om nye økonomiske tiltak. Det er ikkje klart kva tiltak dei legg fram, men lekkasjar frå regjeringa har hinta om ordningar som er meir spissa mot enkeltnæringar enn den generelle kompensasjonsordninga.

Sjølv om turistane sluttar å komme, så gjer ikkje rekningane det, seier Schanke Hansen. Å halde fram med pengestøtte meiner han difor er heilt nødvendig for å kunne overleve fram til ein vaksine er klar og gjestene er tilbake

– Reiselivet har vorte kjempestort i Noreg og her i Nord-Noreg. Alle dei arbeidsplassane og bedriftene vil eventuelt ryke viss ein ikkje skulle halde fram med den ordninga ein har hatt. Det vil eigentleg vere ein katastrofe for samfunnet, seier Schanke Hansen.

Redusert moms på overnattingar er eit kriseforslag som tidlegare er nemnt. Det vil neppe hjelpe dei, seier Schanke Hansen.

– Dei tiltaka der har jo ingen effekt, i den grad det ikkje er gjester.

Kompensasjonsordningen For bedrifter som skatter i Norge

14 607 043 546 kroner totalt
113 690 Antall mottakere
Graf fra 1. januar
Oppdatert 17. januar

– Fantastisk omstillingsevne

– Dei som har fått det aller, aller tøffast, og fekk det umiddelbart, er spesielt reiseliv, uteliv, kultur, arrangørar og scene. Dei fekk ein veldig, veldig tøff stopp.

Det seier Roger Antonesen, som er leiar for område for små og mellomstore bedrifter hos DNB.

– Og så har vi jo hatt kompensasjonsordningar for dei som vart utsett tidleg – både i form av statsgaranterte lån og den reine kompensasjonsordninga til styresmaktene, som vi trur har teke av ein del av det som kanskje elles ville medført konkursar.

Roger Lund Antonesen, divisjonsdirektør for Små og mellomstore bedrifter i DNB.

AVDRAG: Roger Antonesen, som er leiar for område for små og mellomstore bedrifter hos DNB, seier at det er mange årsaker til at vi har sett færre konkursar enn vanleg. Ein av dei meiner han er at mange har fått avdragsfridom.

Foto: DNB

Sjølv om Antonesen tviler på at det blir ein kraftig konkursrate framover, så legg han til at fleire bransjar har gjort det bra.

– Når du ser utviklinga som har vore dei siste månadene, hadde du venta noko slikt tilbake i vår?

– Her må eg vere heilt ærleg: Det hadde eg verkeleg ikkje. Dei første analysane og mi eiga kjensle, som har ansvar for 230.000 av desse bedriftene, var nok langt meir dyster enn det tala faktisk har vist, svarer Antonesen.

Ein til grunn til at mange bedrifter har klart seg betre enn frykta, er kreative grep, meiner Antonesen.

– Eg synest norsk næringsliv har vist ei fantastisk omstillingsevne. Dei har vore flinke til å justere kostnadene etter inntektene, og dei har vore flinke til å finne nye forretningskonsept.

Forventar auke

Ein annan grunn som blir løfta fram bak dei låge konkurstala, er at Skatteetaten har fått rom til å gje betalingsutsetjingar for avgifter, for saker som har oppstått etter mars. Årleg krev dei rundt 2500 konkursar for bedrifter som ikkje betaler skattar og avgifter. Sidan utgangen av mai er talet 260 – langt under normalen.

Til no har 11.500 fått godkjent utsetjingar.

– Betalingsutsetjingane har nok medverka til at det er sendt noko færre konkurskrav no enn tidlegare, seier Rune Langsø Johansen, som er direktør for innkreving i Skatteetaten.

Kor mykje utsetjingane har påverka talet på konkursar, seier han er vanskeleg å seie. Han presiserer at effekten neppe er stor, og at dei går i dialog med bedriftene før dei sender eit konkurskrav.

– Og så går det jo gjerne noko tid før vi har vore gjennom ein innkrevingsprosess som kan leie fram til eit konkurskrav.

Arbeidsledighet Helt ledige i norge

127 288 total
3 319 nye
Graf fra 3. mars
Oppdatert 2. februar
ANDEL AV ARBEIDSSTYRKENARBEIDSLEDIGE
FØR KORONA
ARBEIDSLEDIGE
ETTER KORONA
Reiseliv og transport
3.4%
13.6%
Butikk- og salgsarbeid
2.9%
6.8%
Kontorarbeid
3.2%
5.8%
Serviceyrker og annet arbeid
2.7%
5.8%
Ledere
2.4%
5.5%
Oppdatert 2. februar

– Betre tent med å vente

Også private kreditorar verkar å halde igjen konkurskrava, fortel Knut Ro, som er advokat og formann i Konkursrådet.

– No under koronaen, og med dei selskapa som har mista ein stor del av inntektsgrunnlaget sitt, så er dette kanskje det dårlegaste tidspunktet av alle å krevje konkurs.

Ro utdjupar at kreditorane står langt tilbake i køen, sidan panthavere og styresmaktene står føre i køen når verdiane frå konkursbuet skal fordelast.

– Og då er jo dei private kreditorane betre tent med å vente og sjå om selskapet kjem ovanpå.

Resultatet er at verken staten eller private kreditorar sender konkurskrav i tilfelle der dei normalt sett ville gjort det.

AKTUELT NÅ