Sector Alarm vedtok allereie i fjor gebyr på 467,3 millionar då tilsynet varsla dette. Onsdag vart Verisure pålagt eit gebyr på 766 millionar kroner i same sak.
Selskapa har hatt ulovleg samarbeid om sal av bustadalarmar i perioden frå 2011 til 2017, skriv Konkurransetilsynet.
– Verisure og Sector Alarm har samarbeidd om å ikkje selje bustadalarmar til kundane til kvarandre gjennom dørsal. Samarbeidet gjekk føre seg ved at begge selskapa avgrensa tilgangen eigne dørseljarar hadde til å selje bustadalarmar til den andre sine kundar i perioden 2011 til 2017, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.
– Skuffa
Gebyra til dei to selskapa er ulike fordi gebyret blir fastsett med utgangspunkt i omsetninga deira. Verisure kan klage på vedtaket, noko dei i ei pressemelding onsdag seier dei vil gjere.
– Vi er svært skuffa over Konkurransetilsynets avgjerd. Vi er usamde i vurderingane til tilsynet og kjem til å anke vedtaket til Konkurranseklagenemnda, seier pressesjef Glenn Støldal i Verisure i Noreg.
Han seier vidare at fakta i saka viser det har vore sterk konkurranse mellom Verisure og Sector Alarm i alle salskanalar i perioden som er undersøkt. Han skriv vidare at kontakten mellom selskapa er tekne ut av kontekst og at Konkurransetilsynet har sett bort frå fakta i saka.
– Alvorleg brot
I Konkurransetilsynet ser dei derimot annleis på saka. Vedtaka om å påleggje selskapa gebyr kom etter at det i juni 2017 vart gjennomført bevissikring hos både Verisure og Sector Alarm.
Fram til september i år er det gjennomført forklaringssamtalar med partane. Medan Sector Alarm valde å vedta gebyret etter at varsel vart sendt i fjor, sende Verisure fleire merknader til vedtaket.
– Å samarbeide slik Verisure og Sector Alarm har gjort, er eit alvorleg brot på konkurranselova, og kan ha ført til dyrare bustadalarmar. Marknadsdeling er eit svært alvorleg brot av konkurranselova, og gebyra i denne saka underbyggjer dette, seier avdelingsdirektør Hanne Dahl Amundsen i tilsynet.