Ein stor del av merksemda kring kronprinsbryllaupet har vore retta mot kjolen til Mette-Marit. Han er framleis ein godt skjult løyndom, men medan vi ventar, kan vi jo ta ein titt på kjolemoten som vart inspirert av dei førre kongepara.
Kongeleg mote
Frå gamalt av har kongehusa vore trendsetjarar for både galla- og kvardagsmoter, og den sterke påverknaden ser ikkje ut til å ha avteke.
Dronning Maud
Ikkje minst er garderoben til dronning Maud eit slåande døme på grensesprengjande damemote på byrjinga av nittenhundretalet. Maud-moten var prega av stadig auka komfort, men aldri på trass av kvalitet og eleganse.
Utstilling i Trondheim
Stiftsgården i Trondheim kjem til å feire bryllaupet med ei utstilling av kjolar som vart brukt i samband med kroninga av Haakon og Maud i 1906 og signinga av Olav i 1958. Her kan du få ein liten smakebit av utstillinga på førehand.
Kjolene på biletet over vart brukt av gjester under kroninga av Haakon og Maud i 1906 og signinga av Olav i 1958.
Den fyrste kjolen er laga av lilla silke med frynser og broderi med gulltråd og vart brukt av fru Peter Nielsen i 1906. Paret var busett i Kina, og det er mogleg at kjolen var sydd der.
Den andre kjolen er laga av grøn silke. Tettsitjande liv med firkanta ringjingar framme og bak. Kjolen vart brukt av fru Aagot S. Dahl i Trondheim i 1906.
Den tredje kjolen vart brukt av fru Gudrun Smith-Olsen under signinga av kong Olav i 1958. Kjolen er maskinsydd på eit stoff med eit abstrakt og utflytande mønster i grått og rosa på kvit botn.
Av Erik Bolstad
Kjelde: Nordenfjeldske kunstindustrimuseum