Hopp til innhold

KI-giganten Nvidia klatrar mot toppen blant verdas mest verdifulle selskap

Det amerikanske databrikkeselskapet har servert marknaden svimlande tal den siste tida.

Nvidia-sjef Jensen Huang.

Medgründer og administrerande direktør i Nvidia, Jensen Huang. Han og to andre etablerte selskapet i 1993.

Foto: I-HWA CHENG / AFP

Kunstig intelligens (KI) ommøblerer no for alvor topplista over verdas mest verdifulle selskap.

Nvidia, som lagar databrikker som fungerer som motoren bak blant anna verktøyet Chat GPT, har berre dei siste vekene klatra og kapra fjerdeplassen på lista.

Bak teknologigigantane Microsoft, Apple og det statseigde oljeselskapet Saudi Aramco, ligg Nvidia, med ein marknadsverdi på kring 20 300 milliardar norske kroner.

Det seiast at ikkje noko anna selskap har vakse raskare i verdi.

Knuser forventingane

– Dette er første bølga av investeringane som er blitt gjort i KI. Utviklinga til Nvidia får mykje merksemd fordi det er eit frampeik på kva som kjem. Vi er berre i startfasen av kva denne teknologien kan kome til å bety for teknologisektoren og for samfunnet generelt, seier Emilie Krutnes Engen. Ho er analytikar i DNB Markets.

Emilie Krutnes Engen, analytiker i DNB Markets.

Emilie Krutnes Engen er analytikar i DNB Markets.

Foto: Stig B. Fiksdal

Onsdag la selskapet fram tal for det siste kvartalet (november-januar), og nok ein gong knuste Nvidia forventingane til både børsanalytikarar og marknaden.

Tala viste ein kraftig inntektsauke på 265 prosent, samanlikna med inntektene i det same kvartalet året før. På tre månader drog selskapet inn 232 milliardar norske kroner etter dagens kurs.

Aksjen skaut fart

Dei sterke tala gjorde at investorane torsdag sende aksjekursen rett opp på børsen i USA. Den steig 16 prosent torsdag, som betyr at marknadsverdien til selskapet auka med nesten 3 000 milliardar norske kroner på ein dag.

For å sette det i kontekst: selskapet sin verdi har stige litt under fire gonger Equinor sin marknadsverdi på ein handelsdag.

Det siste året har aksjen stige svimlande 231 prosent.

– Dei har dei beste databrikkene i verda eigna for kunstig intelligens og no vil alle ha dei. Så difor sel dei som gras og tener faktisk eit par milliardar kroner per dag ved å selje disse, seier investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.

Robert Næss

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / n652996

Toppinvestering i Oljefondet

Men kvifor skal vi bry oss om børsoppgangen til dette amerikanske selskapet?

Jo, fordi Nvidia er eitt av selskapa Oljefondet har investert mest i. Ved utgangen av fjoråret hadde Oljefondet ein eigarposisjon på 1,17 prosent i selskapet. Det samsvarte den gongen 14,5 milliardar dollar.

Om eigarposisjonen ikkje har endra seg, så har verdien no auka til 22,6 milliardar dollar. Altså har Nvidia sin børsoppgang tilført Oljefondet rundt 8 milliardar dollar på under to månader.

Og skal ein tru medgründer og Ndvidia-sjef, Jensen Huang, skal selskapet berre fortsette å vekse også i tida framover. Han meiner at såkalla generativ KI – som klarer å generere tekst, bilde eller video – har treft «vippepunktet», og seier at etterspurnaden aukar over heile verda.

– Definitivt ikkje ei boble

Og førebels har dei ikkje nokon veldig sterke konkurrentar, ifølge DNB-analytikar Engen.

– Ein ser initiativ frå andre, men førebels er det ingen som er ein stor trussel for Nvidia på kort sikt. Det vil ta tid for andre aktørar å bygge opp dei same kapabilitetane som Nvidia. Det er ikkje gjort over natta, seier Engen.

Men kan denne kraftige børsoppgangen i selskap som driv med kunstig intelligens vere ei aksje- eller finansboble? Nei, ifølge investeringsdirektør Næss.

– Det som er spesielt no er at pengane renn inn. Dei store selskapa investerer massivt, men så er dei aller fleste selskap framleis avventande, så der kan ting skje. Eg trur dette definitivt ikkje er ei boble, eg trur dette er første steg av framtida, seier Næss.

AKTUELT NÅ