Hopp til innhold

Kampflya kan bli enda dyrare

Det kan blir enda dyrare å kjøpe dei nye kampflya som Noreg har planar om å skaffe, og leveringa kan bli ytterlegare forseinka.

Joint Strike Fighter

Kampflyet Joint Strike Fighter, som Noreg har bestemt seg for å kjøpe, kan bli dyrare og enda meir forseinka enn varsla.

Foto: HO / Reuters

Robert Gates

Det amerikanske forsvaret må spare, og då grå det ut over leveringstida for F-35, opplyser forsvarsminister Robert Gates.

Foto: CHERIE A. THURLBY / AP
Grete Faremo

Forsvarsminister Grete Faremo vil informere Stortinget om konsekvensane etter eit besøk til USA.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

USA-forsvarsminister Robert Gates sa i går at innsparingane i det amerikanske forsvarsbudsjettet kan få følgjer for produksjonen av kampflya F-35 .

Leveringa er allereie blitt flytta bakover frå 2016 til 2018. No ser det ut til at flya kan kome enda ti månader seinare.

Noreg har planar om å kjøpe fleire enn 50 fly av typen F-35. Det er for tidleg å seie kva konsekvensar dette kan få for kjøpet av flya, skriv Forsvarsdepartementet.

Faremo vil avvente

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) seier det alltid vil vere stor usikkerheit knytt til så store prosjekt.

Ho sender ein delegasjon frå Noreg til USA for å undersøkje saka, og vil informere Stortinget om konsekvensane etter besøket.

Det finst tre variantar av F-35, og det er tidlegare klart at ein av dei kan bli opptil tre år forseinka. Produsenten Lockheed Martin fekk også i fjor fleire månader ekstra til utviklinga av flytypen , som også er kjend som Joint Strike Fighnter (JSF).

– Flyet er for dyrt

Utviklinga av F-35 er det dyraste våpenprogrammet til det amerikanske forsvarsdepartementet til no, og Pentagon har tidlegare varsla at den samla prislappen kan bli på godt over 2.000 milliardar kroner .

Når forsøksprogrammet blir utvida, betyr det samtidig at kostnadane med å utvikle flya aukar med 25 milliardar kroner. Kor mykje Noreg må betale av dette, er usikkert.

Den amerikanske organisasjonen Center for Defense Information har tidlegare uttalt seg sterkt kritisk til heile prosjektet, og omtalar det som ei katastrofe.

– Dette flyet skulle aldra ha sett dagens lys. Det er for dyrt, seier analytikar Winslow Wheeler.

AKTUELT NÅ