I fjor misste fem barn livet i trafikken, mot 101 i 1970. Ingen av dei fem barna sat i bilen då dei omkom, og det er ifølgje Aftenposten truleg første gong sidan 1970 at ingen barn omkom på denne måten.
– Sjølv om kvart barn som døyr er eitt for mykje, så er dette gledelege tal, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).
– Blir neppe null
Ho meiner tala viser at utviklinga går rett veg og at innsatsen med sikrare bilar og vegar gir resultat.
– Sjølv om vi neppe nokon gong når nullvisjonen vår, så er det den vi jobbar mot. Det som har gitt resultat, er førebyggande arbeid kombinert med skarpe reaksjonar på overtramp, seier statsråden.
Statens vegvesen meiner betre sikring av barna i bilen er ei av dei viktigaste årsakene til den positive utviklinga.
– Eg trur merksemda rundt sikring av barn i bil, og separering av trafikantgrupper er dei to viktigaste faktorane, seier leiar for tryggleiksseksjonen i Statens vegvesten, Guro Ranes.
Færre barn i vegen
Ho peikar på at det for 40 år sidan var vanleg at barn leika i baksetet utan sikring, og at få tenkte på å sikre baksetepassasjerar. Ein annan ting som ho meiner er viktig, er at det er færre barn i vegen no samanlikna med tidlegare.
I dag er det færre barn i vegbanen samanlikna med i 1970. Det finst både gang- og sykkelvegar og gangfelt, og i tillegg blir fleire barn køyrde til og frå der dei skal.
– Vi er komne langt i å skilje dei ulike gruppene i trafikken, det reduserer ulykker generelt og barneulykker spesielt, seier Ranes.
Talet på omkomne har gått jamt nedover sidan 1970, då 560 personar misste livet. I fjor var det tilsvarande talet 210. Det har ikkje vore færre dødsfall i trafikken dei siste 40 åra.