Hopp til innhold

Ikkje aktuelt med dieselfrie soner

Samferdsleminister Marit Arnstad (Sp) seier det ikkje er aktuelt å innføre dieselfrie soner i Oslo, Bergen og Trondheim, slik Vegdirektoratet har gått inn for.

Innslag frå Aktuelt på NRK2. Programleiar er Ole Torp.

Arnstad seier nei til dieselfrie soner

– Vi kjem ikkje til å godkjenne slike ordningar, sa statsråd Marit Arnstad på direkten i aktualitetsprogrammet Aktuelt på NRK2 i kveld. Ho vil også setje ned foten for eit forslag frå Vegdirektoratet om å innføre ei ekstra avgift på dieselkøyretøy.

LUFTFORURENSNING

Den kraftige auken i talet på dieselbilar har skapt problem i storbyane.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

Astma og Allergiforbundet er skuffa over Arnstad i denne saka, og seier at dei fryktar at det kan gå lenge før det kjem nye tiltak som kan hjelpe astmatikarar.

– Handlar om folkehelsa

– Dette er eit stort vonbrot, ikkje berre for oss. Dette handlar om folkehelsa, seier generalsekretær Anne Elisabeth Eriksrud i Astma og Allergiforbundet.

Arnstad meiner det alt i dag er så mange tiltak kommunane kan setje inn om det er naudsynt, at det ikkje er behov for ytterlegare tiltak. Ho nemner tiltak som køprising, datokøyring og tidsdifferensiering av bompengar.

Dette er tiltak som alt kan setjast i verk innanfor det noverande lovverket.

Ho synest det er uheldig å gå inn for å køyreforbod eller ytterlegare avgiftsbelaste ei spesiell gruppe bileigarar.

Ville ha forbod

Oslo kommune har gått inn for at det alt den komande vinteren kan bli forbode å bruke privatbilar som går på diesel på delar av det kommunale vegnettet i Oslo.

Marit Arnstad meiner at det viktigaste er å få mindre bilkøyring i storbyane, og det viktigaste for å få dette til er å få fleire til å reise kollektivt. Ho gav ros til Trondheim kommune som har greidd å auke kollektivbruken monaleg.

Vegdirektoratet går inn for at de frå neste vinter kan koste fleire tusen kroner å køyre dieselbilar i storbyar som Oslo, Bergen og Trondheim. Avdelingsdirektør Ivar Christiansen ved seksjon for trafikkforvalting i Vegdirektoratet seier til VG at det kan bli eit gebyr på eit par tusen kroner.

Regjeringa tilrådde diesel

Han seier at diesel utgjer ein miljøfare som styresmaktene ikkje var klare over då regjeringa tilrådde bilistar å velje diesel i 2007.

NAF ber om at det blir funne tiltak som ikkje gjer at ei gruppe som vart oppmoda til å kjøpe dieselbilar av regjeringa, ikkje blir straffa.

Byråd for miljø og samferdsel, Ola Elvestuen (V), meiner eit forbod mot dieselbilar og gjennomgåande tungtrafikk er det einaste akuttiltaket som vil gi positiv effekt på dagar med stor forureining.

AKTUELT NÅ