Hopp til innhold

Studie om heimekontor: Kan gi konfliktar mellom jobb og heim

For mange er det no vanleg å jobbe på heimekontor opptil to dagar i veka, men det er ikkje berre fordelar, viser ny forsking.

Catherine Strimas på hjemmekontoret i Skien

HEIMEKONTOR MED UTSIKT: Catharine Strimas meiner det er viktig å ha eit eige kontor og klare reglar når ein jobbar heimanfrå. Når ho er på kontoret er ho ikkje «heime», men «på jobb».

Foto: privat

Berre dette skuleåret har ho jobba to gonger frå Canada.

Det einaste Catharine Strimas måtte passe på var tidsforskjellen på seks timar mellom heimlandet og Noreg.

Som lektor i pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) jobbar ho heimanfrå tre til fire gonger i veka.

– Eg får gjort mykje. Eg går inn i ei boble og gløymer fort å ete lunsj.

Studentane hennar bur over heile landet, og undervisninga går først og fremst føre seg på nett.

Catharine Strimas jobber ved USN, men har ofte hjemmekontor.

Catharine Strimas set stor pris på at ho ofte kan jobbe heime eller på andre stader enn arbeidsstaden.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Ved å jobbe heime i Skien slepp Strimas også å pendle to timar til Notodden.

– Eg får meir ro til å gjere det eg skal gjere. Det blir ein del frustrasjon som blir fjerna, og det blir få forstyrringar.

Konfliktar mellom jobb og heim

Over 3600 arbeidstakarar som hadde høve til å jobbe andre stader enn på kontoret, er med i eit nytt forskingsprosjekt.

Den første artikkelen frå prosjektet er nå publisert i tidsskriftet Magma.

– Det har vorte mykje vanlegare med heimekontor. Det normale er ein til to dagar i veka, men nokon jobbar tre og fire, og nokre har heimekontor på heiltid.

Det seier professor og prosjektleiar Anja H. Olafsen ved USN.

Anja H. Olafsen, professor, Universitetet i Sørøst-Norge

Anja H. Olafsen i USN seier dei som bur åleine nyttar seg mindre av heimekontor enn dei som bur saman med andre vaksne eller barn.

Foto: Curtin University

Målet er å finne ut korleis tilsette opplever heimekontor på godt og vondt etter pandemien.

– Det mest overraskande er at nokon rapporterer om dårlegare arbeidsrelatert helse, og konfliktar mellom jobb og heim.

Dei som nyttar fjernarbeid opplev meir stress i forhold til jobb og mindre oppleving av at jobben er meiningsfull enn dei som berre jobbar frå kontoret på arbeidsplassen.

Skiljet mellom jobb og heim blir heller ikkje tydeleg. Arbeidet kan komme i konflikt med heimesituasjonen og omvendt, seier ho.

Jobbar du frå heimekontor?

Ønskjer du å jobbe på heimekontor?

Lotta Heimholt Dalen, 2.års barnevernsstudent, USN

Lotta Heimholt Dalen, barnevernstudent: Det er godt å kunne ha fellesskapen med kollegaer på jobb. Vil like best å kunne jobbe på ein arbeidsplass, men fint dersom det er mogleg å ha heimekontor. Tror likevel det er lettare å bli forstyrra heime.

Sigve Eliassen, IT-ansatt og student, USN

Sigve Eliassen, IT-ansatt og -student: Det er heilt fantastisk! Det er det som gjør at eg kan jobbe. Eg har skadar etter ei bilulykke i fjor, og eg får meir energi av å slippe å dra fysisk på jobb. Eg har ofte heimekontor to gonger i veka.

Petter Maasø, vernepleierstudent, USN

Petter Maasø, vernepleiarstudent: Heimekontor kan være aktuelt ved fagleg kursing. Det kan være lettare digitalt enn å måtte reise vekk. Det optimale er å ha kollegaer å snakke med i pauser, men heimekontor er eit fint tillegg.

Aurora Haugholt Danielsen, 2.års barnevernsstudent, USN

Aurora Haugholt Danielsen, barnevernstudent: Eg ville likt best å jobbe på ein arbeidsplass, men fint dersom heimekontor gjør at ein slipp å pendle. Heime kan ein fort bli distrahert. Som ny er det viktig med støtte fra kollegaene.

Forventar meir fleksibilitet

39 prosent av norske arbeidstakarar har no høve til å jobbe heimanfrå, ifølgje tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt, Stami.

Det svarer til over éin million nordmenn i jobb.

Meir enn åtte av ti revisorar og finansrådgivarar kan jobbe heimanfrå viss dei vil, medan moglegheita er minst for servitørar og omsorgsarbeidarar.

Jan Olav Christensen, seniorforsker Stami

Jan Olav Christensen i Statens arbeidsmiljøinstitutt trur det blir viktigare for fleire å kunne styre meir av arbeidssituasjonen framover.

Foto: Geir Dokken Photography

Framover kjem heimekontor til å bli meir utbreidd, seier Jan Olav Christensen, som er seniorforskar ved Stami.

Spesielt for det vi tradisjonelt har sett på som «kontorjobbar», legg han til.

Grunnen er at fleire og fleire oppgåver blir digitaliserte. Dermed aukar også moglegheitene for å frikople arbeidsoppgåvene frå arbeidsstaden.

– Etter pandemien forventar nok fleire og fleire arbeidstakarar meir fleksibilitet med tanke på tid og stad enn det som har vore vanleg tidlegare.

Les også Mener hjemmekontor kan skape klasseskille

Martine Nilsen

Reklamerer for heimejobbing

Fleksible arbeidstider og høve til delvis heimekontor blir no brukte for å reklamere for ei rekkje ledige jobbar.

Spesielt gjeld dette jobbar innan IT, viser annonsar på Finn.no.

Catharine Strimas ved USN håpar ho kan jobbe mykje heimanfrå ut karrieren.

– Eg håpar arbeidstakarar får bestemme meir. Å skape fellesskap på arbeidsplassen er viktig, men vi er ulike. Det må også vere tillit slik at arbeidsgivarar ikkje trur det blir «gøymekontor».

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark