Hopp til innhold

Høgre oppfordra Ap til openheit - meiner eige tilfelle er privatsak

Tidlegare har Høgre kravd full openheit av Ap-politikarar i saker om pendlerbustad. Når nestleiar Tina Bru (H) har fått skattevarsel mot seg, er det mange svar dei ikkje vil gje.

Høyres landsmøte 2022

Henrik Asheim (H) meiner hans nestleiarkollega Tina Bru har vore open, sjølv om det er mange svar ho ikkje vil gje. Her er dei to avbilda på Høgre sitt landsmøte i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Då stormen rundt tidlegare stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) sto på for fullt, bad Høgre-nestleiar Henrik Asheim henne om å «legge alle kort på bordet».

Då tidlegare Ap-nestleiar Hadia Tajik var pressa, oppmoda Asheim henne til å «kaste lys over saka på best mogleg måte» og utvise «mest mogleg openheit».

No, når hans eigen nestleiar-kollega Tina Bru har fått varsel om skattesmell, er det mange svar offentlegheita ikkje får.

Skattefri pendlarbustad

Frå 2018 til 2021 leigde Tina Bru ei leilegheit med eitt soverom av foreldra sine i Stavanger. Her var Tina Bru, ektemannen og barnet deira, samt Tina Bru sine foreldre folkeregistrerte.

FINANSPOLITIKER I HARDT VÆR: Tina Bru (H) har fått varsel fra Skatteetaten.

Tina Bru er nestleiar i Høgre og nestleiar i finanskomiteen på Stortinget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Bru har tidlegare sagt til NRK at ho betalte leige og hadde kontrakt frå dag ein. Ifølgje Bru budde aldri foreldra i leilegheita, men dei fekk disponere den etter avtale med henne.

Avtala med foreldra gav henne rett til skattefri pendlarbustad i Oslo.

Ifølge Bru er bakgrunnen for varselet frå Skatteetaten at ho ikkje betalte nok i husleige til foreldra.

Ønskjer å vere open

Bru skriv i ein e-post til NRK at ho meiner stortingsrepresentantar må kunne utveksle informasjon med offentlege myndigheiter utan å måtte dele alle detaljar.

– I motsett fall ville vi sett ein heilt ny og eigen standard for politikarar sitt rettsvern og rett til privatliv. NRK har fått tilgang til dei delane av varselet som er vesentlege for saka, skriv Bru.

Høgre-nestleiaren skriv at dialogen ho har hatt med Skatteetaten omfattar både detaljar om hennar liv, men også hennar familie som aldri har søkt offentlegheita.

Bru seier ho vil offentleggjere konklusjonen frå Skatteetaten, når den er klar.

– Eg kjem til å vere open om utfallet av saka, men så lenge det ikkje er konkludert, må skattestyresmaktene og eg kunne ha ein dialog utan at nokon av oss skal prosedere ei uavklart sak i full offentlegheit, skriv Bru.

Berre Høgre betaler advokathjelp

Skatteetaten har varsla baksmell på skatten til politikarar i 45 ulike saker. NRK har spurd alle partia om dei betaler for advokathjelp til sine representantar som har fått varsel mot seg.

Alle svarar nei, bortsett frå Høgre.

Tina Bru har ved fleire høve vist til sin advokat Torbjørn Stokke. Han har også forsvart saka hennar i Dagsnytt 18.

Torbjørn Stokke, advokat i Brækhus Advokatfirma

Advokat Torbjørn Stokke forsvarar høgre-nestleiaren.

Foto: NRK

Pressesjef i Høgre Cato Husabø Fossen stadfestar at det er Høgre si stortingsgruppe som betaler.

Høgre si stortingsgruppe måtte søke juridisk rådgjeving i denne saka, og det betaler vi sjølvsagt for sjølve. Vi dekkjer også ein avgrensa bistand til dei av våre stortingsrepresentantar som har fått varsel om mogleg endring av skatt. Vi føler eit ansvar for å sikre at våre politikarar får bistand både fordi sakene er kompliserte, og fordi dei har blitt kontrollerte av Skatteetaten nettopp fordi dei er stortingsrepresentantar.

Når NRK spør kor mykje Høgre har betalt for advokathjelp til Tina Bru, får me ikkje svar.

– Det er ei privatsak

Nestleiar i Høgre Henrik Asheim var svært tydeleg då det storma rundt arbeiderpartipolitikarane. Legg korta på bordet og vis openheit, sa han då.

Hadia Tajik (Ap) og Eva Kristin Hansen (Ap)

Asheim ba både Hadia Tajik (Ap) og Eva Kristin Hansen (Ap) om openheit før deira saker var ferdig behandla.

Foto: NRK

Asheim seier han meiner det er stor forskjell i oppkøyringa til sakene mellom Bru og Arbeidarpartipolitikarane.

– Då eg uttala meg, hadde det vore vanskeleg for fleire redaksjonar å få Tajik og Hansen å stille opp til munnleg intervju. Bru hadde eit langt intervju med journalistane i NRK og svarte på alle spørsmål, seier han til NRK.

– Eg har aldri meint at Tajik og Hansen skal legge fram alle kontoopplysningane sine. Bru har ikkje halde noko skjult. Ho har vist openheit, meiner han.

Bru har tidlegare sendt NRK delar av varselet ho fekk. Der konkluderer Skatteetaten med at ho oppfyller vilkåret for å få pendlarstatus. Men det er enno ukjent for NRK kva dokumentasjon Skatteetaten har lagt til grunn for denne konklusjonen.

TB pendlerstatus

SNIKTITT: Dette er ein av to delar NRK får sjå frå varselet Tina Bru har mottatt frå Skatteetaten.

Illustrasjon: Eirik Kirkaune / NRK

Bør Bru vise oss meir enn ei av 27 sider av varselet ho har fått frå skatteetaten?

– Nei, varselet er ikkje endeleg. Det ho har vist NRK er delen av varselet som stadfestar at Skatteetaten meiner pendlarvilkåret er oppfylt, seier Asheim.

Henrik Asheim

Henrik Asheim ber om openheit når sakene er ferdig behandla.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Bør politikarar som har fått varsel mot seg, legge det fram?

– Nei, det er ei privatsak. Men når konklusjonen frå Skatteetaten er klar, meiner eg alle politikarane som har fått varsel bør vise openheit, legg han til.

Tausheitsprinsipp i Høgre

Sjølv om Høgre fleire gongar har bede representantar i parti vere opne om sine forhold, har stortingsgruppa deira blitt samde om å ikkje svare på spørsmål om varsel. Det fortel stortingsrepresentant Erlend Larsen.

Høyre-politiker Erlend Larsen

Erlend Larsen seier Stortingsgruppa til Høgre er blitt samde om å ikkje snakke om varsla.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

– I Høgre si stortingsgruppe er me blitt samde om å ikkje uttale oss om varselsakene, seier han.

– Var det partileiinga som foreslo dette?

– Dette kom ikkje som eit direktiv ovanfrå. Dette blei me samde om i fellesskap, seier Larsen.

AKTUELT NÅ