Hopp til innhold

Her er det nye styret i Norsk Tipping

I generalforsamling i dag vart det valt eit heilt nytt styre for Norsk Tipping AS med Linda Bernander Silseth som styreleiar. Fleire andre kjente namn fekk også innpass i styret.

Thorhild Widvey

Kulturminister Torhild Widvey har presentert nytt styre i Norsk Tipping AS.

– Med Linda Bernander Silseth har Norsk Tipping AS fått ein styreleiar med erfaring frå statleg eigde verksemder, det private næringslivet og styrearbeid. Samansettinga elles sikrar brei kompetanse, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.

Som NRK meldte i går, har kulturminister Thorhild Widvey kasta det noverende styret i Norsk Tipping.

Tidlegare volleyballspelar vert nestleiar

Mangeårig profesjonell sandvolleyballspelar Bjørn Maaseide er valt inn som ny nestleiar. Han har vore noregssjef for Elixia og dagleg leiar av Maseide Promotion.

Styret elles består av David Hansen, direktør for myndigheitskontakt i Telenor. Han er tidlegare bystyrerepresentant for KfF Oslo, og politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet for utviklingsministeren.

Anne Lise Meyer, dagleg leiar i AS Hamang Papirfabrik. Ho er tidlegare administrerande direktør i Gilette Norge, og mangeårig styremedlem og styreleiar i Avishuset Dagbladet.

Svein Roger Selle, partnar og styreleiar i MK Norway reklamebyrå. Han er tidlegare partnar i Geelmuynden. Kiese.

Første varamedlem er framleis Dag Westby, som vart valt inn i 2009, og andre varamedlem er Line M. rustad som også kom inn i styret i 2009.

– Styret har sete veldig lenge

Kulturminister Widvey seier til NRK at årsaka til at styret vert bytta ut er at det førre styret hadde sete veldig lenge.

– Fleire av medlemmane hadde sete fleire periodar, og vi har då sett på om det er behov for utskifting. Regjeringa har anledning til å skifte ut, og det har vi no gjort.

Ho presiserer at dette ikkje er starten på ei omstilling i norsk spelepolitikk.

– Nei, spelepolitikken i Noreg ligg fast, den er forankra sterkt i eit breiddt storting, så den ligg fast, seier Widvey.

AKTUELT NÅ