Hopp til innhold

Helsetilsynet startar undersøkingar etter skuldingar mot psykiater

Helsetilsynet stadfestar til VG at forfattar Hilde Rød-Larsen sine «metoo»-skuldingar mot ein norsk psykiater no har vorte ei sak for tilsynsmaktene.

Hilde-Rød Larsen portrett tatt i fotostudio

GRANSKING: Forfattar Hilde Rød-Larsen etterlyser gransking av psykiateren ho meiner utsette henne for overgrep.

Foto: Tine Poppe

Saka har fått mykje merksemd i media etter at forfattar Hilde Rød-Larsen fortalde om hennar «metoo»-oppleving med ein norsk psykiater.

Det var i arbeidet med romanen «Diamantkvelder» at ho forstod at det ho skreiv om handla om hennar eigne opplevingar: eit grenseoverskridande forhold mellom ho og psykiateren, ifølge Rød-Larsen.

– Eg vil at det skal setjast i gong ein formell gransking av den konkrete psykiateren eg snakka om, sa Rød-Larsen til NRK i går.

Saka førte til eit skred av debattar i sosiale medium, og fagfolk meiner ho har starta ein viktig debatt.

No stadfester helsetilsynet til VG at dei har starta undersøkingar av skuldingane hennar mot psykiateren.

– Når slike opplysningar kjem fram i det offentlege rom, så forpliktar det tilsynsmaktene til å undersøkje nærare, seier direktør Jan Fredrik Andresen i Statens helsetilsyn til VG.

Han fortel at det var helsetilsynet som tok kontakt med Rød-Larsen.

Les også Etterlyser gransking av psykiater etter «metoo-roman»

Hilde-Rød Larsen portrett tatt i fotostudio

– Ikkje ein pasientrelasjon

Advokaten til psykiaterens Halvard Helle seier til NRK at det ikkje er ein pasientrelasjon.

– Dette dreier seg ikkje om ein lege- pasientrelasjon. Det dreier seg om ein relasjon mellom to vaksne personar som var baserte på samtykke og som skjedde for mange år sidan, seier Helle.

Han seier det difor i ikkje vil vere grunnlag for ei undersøkingssak.

– Men når det først har skjedd, så vil helsetilsynet sjølvsagt få gode svar på alle dei spørsmåla som dei måtte ha i høvet i saka, seier han.

Halvard Helle går ut av sikkerhetssjekk i Oslo tinghus

ADVOKAT: Halvard Helle er partnar i advokatfirmaet Schjødt.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Kan ikkje agere på rykte eller romanstoff

Til VG seier Andresen at dei ikkje kan agere på rykte eller romanstoff.

– Difor har vi teke kontakt med Hilde Rød-Larsen og spurt om ho vil snakke om det. Det svarte ho ja på, og ho har stadfesta kven det handlar om, seier Andresen avise og legg til:

– Dette har blitt ei sak for tilsynsmaktene.

Det er Statsforvaltaren som formelt opprettar ei tilsynssak.

AKTUELT NÅ