Hopp til innhold

- Norsk deltaking er eit steg tilbake

Fredsforskar Kristian Berg Harpviken meiner politikarane skjuler seg bak FN-mandatet, og at fleire liv kan ha gått tapt som resultat av konflikten.

Kristian Berg Harpviken, PRIO-direktør

PRIO-direktør Kristian Berg Harpviken meiner konflikten i Libya er like fastlåst som før NATO-operasjonen.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Etter å ha sleppe nesten 600 bombar over Libya i løpet av fire månader, kom dei norske jagarflya denne veka tilbake til Bodø. Noreg skal framleis bidra i konflikten på andre måtar.

Direktør ved PRIO, Kristian Berg Harpviken, meiner likevel ikkje at noko tyder på at situasjonen i Libya blir betre.

– Det er eigentleg for tidleg å konkludere. Kva historia om Libya blir veit me førebels ikkje. Men for augneblinken er dette ein ganske så fastlåst konflikt.

Skjuler seg bak FN-mandatet

En av jagerflypilotene som har deltatt i Norges bombing av Libya.

Dette er ein av jagarflypilotane som har delteke i Noreg sin bombing av Libya.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

Harpviken meiner det er to grunner til at operasjonen i Libya ikkje har vore vellukka. For det første har Noreg gått inn og bidrege til å fastlåse ei tilnærma borgarkrigstilstand. Og om dette har redda sivile liv er eit opent spørsmål, meiner han.

For det andre reagerar han på måten mange politikarar berre refererar til FN-resolusjonen då dei blir spurt om Libya-konflikten.

– Det blir openbart for mange, inklusive dei som støtta operasjonen, at dette er eit prinsipp som politikarane brukar for å unngå kritikk. Det som såg ut som vern av sivile har vist seg å vere ein intervensjon so tok side i ein konflikt, og som delvis var motivert mot mange av dei deltakande lande sine eigeninteresser.

Har oppnådd mykje

Major i Forsvarsdepartement, Eystein Kvarving, meiner at forsvaret har nådd mange av måla dei med Libya-operasjonen.

Eystein Kvarving på Kreta

Eystein Kvarving i Forsvarsdepartementet beklagar at sivile liv går tapt i Libya.

Foto: Lars Magne Hovtun, Forsvaret

– Me har gjennomført oppdraget på ein god måte. Det me har oppnådd er å bidra til effektiv handheving av flyforbodsona. Og ikkje minst har ein bidrege til å redusere regimet sin evne til å nytte militær makt mot eigen sivilbefolkning.

Kva tenkjer du om at sivile liv går tapt?

– Det er sjølvsagt ikkje bra at sivile liv vert råka. Det er utilsikta, og me gjer alt me kan for å unngå det. Det er svært, svært beklageleg. Eitt sivilt tap er eitt for mykje.

Ikkje politisk vellukka

Kristian Berg Harpviken går med på at operasjonen frå ein militær ståstad kan bli vurdert som vellukka, men meiner fokuset bør vere på det politiske plan.

– Eg har ingen problem med å sjå at dette frå eit militært perspektiv kan bli sett på som relativt vellukka. Men for meg er det vanskeleg å sjå dette utan å sette det inn i eit politisk perspektiv. Noreg har like stort ansvar for den politiske operasjonen som den militære operasjonen.

Harpviken meiner ein bør stille spørsmålsteikn med heile Libya-operasjonen, mellom anna fordi den kan stå i strid med heile FN-prinsippet frå 2005. Dette prinsippet gjekk ut på at intervensjon i eit anna land berre er godkjent dersom det er overhengane fare for store sivile tap.

– Eg er redd operasjonen i Libya kan vise seg å vere eit steg tilbake, avsluttar Harpviken.

AKTUELT NÅ