Hopp til innhold

Hareide tok feil om sjuke utanfor arbeidslivet

VALDRES (NRK): KrF-leiar Knut Arild Hareide hevda at 700.000 sjuke personar står utanfor arbeidslivet. For å få eit så høgt tal må han telja med mange, som dei delvis uføre.

Hareide 04

FOR HØGT: KrF-leiar Knut Arild Hareide svarer på spørsmål frå NRK Detektors Fredrik Solvang om tal i landsmøtetalen.

Foto: Petter Nielsen / NRK

Over 700.000 menneske i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet fordi dei slit med helsa og treng offentleg stønad.

Knut Arild Hareide, KrF-leiar

Eli Skattebu har fått skjenene rundt leggane og skor på beina. No lukkar ho døra. Ho brukar lengre tid enn dei fleste av oss ville brukt når ho skal reisa frå den vesle stova, utsikta mot Volbufjorden og dei frodige bakkane i Øystre Slidre.

Skattebu har ryggmergsbrokk. Den er medfødd, og ho skal leva med den heile livet.

– Eg er ein av dei eldste, seier ho.

– Før eg blei fødd, fanst det ikkje metodar for å behandla sånne som meg. Borna overlevde ikkje.

Eli Skattebu

I JOBB: 60 prosent ufør, men likevel i jobb som leiar av ein interesseorganisasjon. Eli Skattebu er glad for å kunne yta til fellesskapet.

Foto: Leif Hatland / NRK

Eli Skattebu er ufør, men berre delvis ufør. Ho har, trass i funksjonshemminga, ein jobb som ho skjøttar 40 prosent. Ho er leiar i Ryggmergsbrokk- og hydrocephalusforeninga, har heimekontor i Valdres og reiser mykje i jobben, både til Oslo, i Norge og internasjonalt.

Skal Knut Arild Hareide ha rett i påstanden sin, må han då telja med personar som Eli Skattebu? Ei dame som absolutt ikkje føler ho står utanfor arbeidslivet.

Varer og varmar

«Verdiar som varer, verdiar som varmer». Det var slagordet som ramma inn landsmøtet til Kristeleg Folkeparti i valåret 2017.

KrF-leiar Knut Arild Hareide nytta ei rekkje tal for å streka under kor viktig han meiner KrFs politikk er for Norge. Kampen mot utanforskapet er ei av hjartesakene til dette sentrumspartiet.

Eitt av tala han brukte, var dette: «Over 700.000 menneske i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet fordi dei slit med helsa og treng offentleg stønad.»

Faktisk.no sjekka om dette talet kan stemme. NRK Detektor gjorde deretter eigne undersøkingar.

Talet er lågare

Det er ikkje slik at det finst mykje statistikk om emnet. «Utanforskap» og å «stå utanfor arbeidslivet» er mykje nytta omgrep i den politiske debatten. Men norske samfunnsforskarar har ingen eintydig definisjon av kva det tyder å «stå utanfor». Derfor har dei heller ikkje klare fasitsvar.

Då faktisk.no spurde KrF om kva Hareide hadde meint, svarte dei:

«Om lag 800.000 personer er ikke på jobb til enhver tid som et øyeblikksbilde. Tallet baserer seg på en summering av mottakere av ulike trygdeytelser som sykepenger, arbeidsavklaringspenger, uførepensjon, sosialhjelp og arbeidsledige. Når dette
avgrenses til dem som ikke er på jobb på grunn av helsemessige årsaker, slik Hareide gjorde i talen, blir det mest presist å ta ut de arbeidsledige på drøyt 78.000 personer (april 2017) og dermed blir tallet over 700.000 personer.»

Statistisk sentralbyrås seniorrådgjevar Erik Herstad Horgen laga i 2014 ein rapport om sjuke med stønad frå Nav. Tala er frå 2010, men er den nyaste rapporten som er laga av SSB.

I korte trekk fortel rapporten:

  • 843.000 former for stønad blei delt ut av Nav hausten 2010.
  • Nokre fekk meir enn ein type stønad. Viss vi lar vera å telja dobbelt, fekk 793.000 personar stønad frå Nav.
  • Men ikkje alle desse var sjuke. Tar vi vekk dei som fekk stønad av andre årsaker, står vi att med 569.000 sjuke personar med Nav-støtte.
  • Mange jobba sjølv om dei fekk stønad, anten heilt eller delvis. Tar vi vekk dei, får vi 345.000 personar.
  • Plussar vi på dei som var sjuke og samstundes fekk sosialhjelp, står vi att med 368.000 personar.

For å nærma seg 700.000 må Hareide med andre ord telja med slike som Eli Skattebu, dei som er sysselsette medan dei får stønad frå Nav.

– Eg synest det er dumt dei brukar tala slik. Vi yter òg til fellesskapet og betaler skatt, seier Skattebu.

Og sjølv ved å inkludera dei gradert uføre, kan ikkje talet vera så høgt som 700.000, ifølgje SSB. Talet på nordmenn som får slik helserelatert stønad, har dessutan falle sidan 2010.

Nav seier det same

– Talet er nok ikkje så høgt som 700.000, seier òg seniorrådgjevar Johannes Sørbø i Nav.

Heller ikkje dei har gode tal for kor mange som står utanfor arbeidslivet. Men dei tel tapte årsverk i den årlege IA-rapporten. I 2016 var om lag 580.000 personar ute av arbeidslivet som følgje av sjukdom.

– Men då er alle talt, òg dei som er ute ei kortare stund med sjukemelding. Om vi tar vekk dei, er det i alle fall ikkje fleire enn 450.000 personar, seier Sørbø.

Sjå Detektor her.

Hareide
Foto: Petter Nielsen / NRK

– Spissa bodskapen

Knut Arild Hareide erkjenner at talet han brukte, er for høgt.

– Det som skjedde, var at det låg eit atterhald i talen. Men i ein seinare versjon blei bodskapen spissa, og talet som blei brukt, blei då feil.

– Hender det ofte at du nyttar feil tal?

– Det trur eg ikkje. Og det er bra at media sjekkar oss, slik at vi kan retta feila, seier Hareide.

Blå skillelinje. Detektor.Grafikk

AKTUELT NÅ