Hopp til innhold

Håp for semesterstart: – Det går riktig veg

Etter eit år med lange dagar på tronge hyblar, kan studentane sjå med håp mot hausten. Allereie no planlegg dei for ei fadderveke som skal motverke einsemd.

Fadderkoordinatorer

PLANLEGG FADDERVEKE: Studentar ved UiO jobbar hardt for at fadderveka til hausten skal vere eit godt første møte for nye studentar.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Sidan desember i fjor har Ujala Syeda (23) vore med å planlegge korleis fadrane best kan ønskje nye studentar velkomen til Universitetet i Oslo hausten 2021. Som det meste anna, blir neste års studiestart planlagt frå heimekontor.

– I dag er første gong eg møter dei andre fadderkoordinatorane ansikt til ansikt. Elles har det berre vore digitale møter.

Ujala er sjølv førsteårsstudent. Ho veit godt kor vanskeleg det er å få nye vener under eit pandemiår.

Etter meir enn eitt år med digital undervisning, avlyste fritidsaktivitetar og lange dagar på ein trong hybel, vil ho no gjere sitt for at neste års studentar skal få det betre.

– Eg ser mot neste semester med håp, men eg er forsiktig med å ha forventningar. Det er jo så avhengig av koronasituasjonen.

Det går riktig veg

Men ifølgje assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad, er det gode sjansar for at neste semester kan likne meir på normalen. Smittesituasjonen er meir under kontroll, og vaksineringa er kome godt i gang. Etter kvart vil også studentar får tilbod om vaksine.

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør i Helsedirektoratet, på baksiden av NRK 9. juli i år. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

EIT BETRE HAUSTSEMESTER: Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad trur dei fleste studiestader vil ha meir fysisk undervisning i løpet av hausten.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Dette går utan tvil riktig veg. Hausten vil bli vesentleg betre enn førre haust. Så får me håpe at me kjem mest mogleg i mål til semesterstart.

Nakstad har trua på at studentane kan sjå fram til meir fysisk undervisning i løpet av hausten.

NRK har vore i kontakt med fleire studiestader i Noreg, som er godt i gang med å planlegge korleis dei kan sikre mest mogleg fysisk undervisning, dei ein framleis kan halde ein meter. Planane inneber mellom anna å gje undervisning i mindre grupper.

prorektor Gro Bjørnerud Mo

GÅR FORSIKTIG FRAM: Prorektor ved UiO, Gro Bjørnerud Mo, trur dei vil kunne tilby alle studentar noko fysisk undervisning neste semester, i mindre grupper.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Sjølv i Oslo, som lenge har vore byen med høgst smittetrykk, vil leiinga prioritere å gje alle studentar eit tilbod om fysisk undervisning.

– Me tenker me skal kunne samle studentar i små grupper uansett. Det betyr at alle skal få kome fysisk på campus. Etter kvart vil gruppene kunne bli større, og trinn for trinn kan me gå tilbake til ein vanleg haust, seier prorektor Gro Bjørnerud Mo.

Studentane saknar campus

På Blindern i Oslo gleder studentane seg til meir normale tider.

– Eg gleder meg mest til å dra ut med vener og å bli kjent med alle eg studerer med, seier førsteårsstudent Polina Malinina (19).

– Ja, berre det å gå på førelesning, diskutere pensum i kollokviegrupper og berre vere student, svarar studievenninna Astrid Sophie Ulleland (19).

Dei går på same studium, men har nesten berre snakka i lag over internett. Begge har budd heime hos foreldra mesteparten av semesteret, ettersom universitetet har vore stengd i fleire periodar.

Astrid Sophie Ulleland og Polina Malinina

FØRSTEÅRSSTUDENTAR: Astrid Sophie Ulleland (19) og Polina Malinina (19) er blitt gode vener over zoom.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Ei ny undersøking blant studentar viser svart på kvitt at det har vore tøft å vere student det siste året.

Av studentane som har valt å svare på undersøkinga, svarar heile 28.000 studentar at dei slit med alvorlege psykiske plagar.

Sju av 10 studentar har svart at dei synest den digitale undervisninga har vore dårlegare enn vanleg undervisning. Åtte av 10 studentar peikar på manglande kontakt med medstudentar som ei av dei viktigaste utfordringane.

Ujala Syeda er ikkje i tvil om at einsemd er blitt ein stor del av studentar sin kvardag.

– Eg trur ikkje det blir prata nok om, men eg veit at mange har det slik.

Fadderkoordinator Ujala Syeda

Fadderkoordinator Ujala Syeda har håp om eit betre og meir sosialt haustsemester til neste år.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Ho håpar at fadderveka vil gjere at færre kjenner på einsemd neste semester. I tillegg er det ein god moglegheit for at ho sjølv kan bli kjent med fleire.

Det blir nesten som ein ny sjanse til å oppleve studiestartveka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger