Hopp til innhold

Nedslåande studentundersøking: Isolerte, einsame og demotiverte

Louise Åmli Aurdal (20) gleda seg til spennande forelesingar, nye vener, studieforeiningar og sosiale kveldar. I staden for sit ho time etter time framfor ein PC-skjerm.

Louise Åmli Aurdal er førsteårsstudent i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Hun har 21. april ennå ikke hatt en eneste fysisk forelesning. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

PC-skjermen er Louises faste følgesvein. Etter eit år som student har ho framleis ikkje vore på ei fysisk forelesing.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

62.500 studentar valde å svare då 181.000 studentar fekk tilsendt spørsmål om korleis studentlivet er under pandemien. Resultata er ikkje lystige.

– Om nokon hadde spurt meg om eg er student, så er eg litt usikker på om eg skulle svart ja. Eg føler ikkje at eg er student, seier Louise Åmli Aurdal som studerer statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Louise Åmli Aurdal er førsteårsstudent i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Hun har 21. april ennå ikke hatt en eneste fysisk forelesning. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Fredrikkeplassen er vanlegvis full av folk. Kantinene er stengde, så dette er ein vanleg lunsjplass for Louise og venninna, Andrea Kringen.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Vurderte å droppe ut

Ho har nettopp kjøpt seg lunsj på Bunnpris. Rislunsj og automatkaffi. Saman med ei venninne set ho seg i trappene på Fredrikkeplassen, midt på Blindern i Oslo. Det er berre få veker til eksamen, men den opne plassen er likevel tom av folk.

Louise har blitt vant til at universitetsområdet er slik. Få studentar, stengde kantiner, mørke forelesingssalar og ingen studentidrett. Men Louise veit at det vanlegvis er langt meir liv og engasjement på campus.

Ho synest det er gøy å lære nye ting, og synest statsvitskap er interessant. Likevel har ho vurdert å droppe ut av studiet.

– Eg skal fortsette. Planen er jo å gjere ferdig bacheloren. Men eg ser ikkje bort frå at det vert demotiverande om den digitale undervisinga held fram. Då veit eg ikkje om eg klarer å fortsette.

Louise Åmli Aurdal er førsteårsstudent i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Hun har 21. april ennå ikke hatt en eneste fysisk forelesning. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Store delar av universitetet er stengd ned. Frykta for viruset er til stort hinder for studentane.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Verst for dei ferske studentane

Aurdal er berre ein av mange tusen studentar som fortel om ein studiekvardag som kveler motivasjonen.

  • 8 av 10 seier at mangelen på studievener og fysiske forelesingar er spesielt utfordrande.
  • Og 7 av 10 synest kvaliteten på studia er dårlegare når det undervisninga har blitt digital.

Det kjem fram i den store studentundersøkinga «Shot», som er gjennomført av FHI i samarbeid med studentsamskipnadane i Oslo, Bergen og Trondheim.

Den delen av undersøkinga som er omtalt i denne saka er berre ein del av undersøkinga. Heile undersøkinga vert gjort offentleg klokka 13 i dag.

Undersøkinga fortel om ein studiekvardag der PC-skjermen tek over for det meste anna, og kor engasjementet for studiet har gått kraftig ned.

– Det er mange av dei eg var på faddergruppe saman med som eg aldri har sett igjen. Det er veldig trist. Eg veit jo ikkje kven eg studerer med, seier Aurdal.

Louise Åmli Aurdal er førsteårsstudent i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Hun har 21. april ennå ikke hatt en eneste fysisk forelesning. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Louise kjenner Andrea Kringen frå før av. No tek dei ein del av dei same faga ved Universitetet i Oslo, og har heldigvis kvarandre når seminaret skal fullførast og lunsjen skal etast.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Føler studentane er gløymde

Ho ser fram til at ho kan ha lange diskusjonar og løyse verdsproblem med nye studievener. Ho ser fram til å sjå dei kloke professorane i levande live. Og ho håper at ho ein dag kan reise på utveksling og for ein periode bu ein annan stad enn heimbyen Oslo.

Men først må ho berre fortsette å stire i skjermen og vente på at alt skal snu.

– Eg føler studentane har blitt litt gløymde i pandemien. Me har fått mykje kjeft i media fordi me unge har blitt mykje smitta, seier Aurdal, som gjerne skulle sett at studentane snart får kome lengre fram i prioriteringskøen.

Minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, har sett tala i undersøkinga, og seier at regjeringa har opna litt meir opp for fysisk undervisning på stader kor det ikkje er høgt smittetrykk.

– Det kjem me til å halde fram med å prioritere for å sørge for at undervisinga skjer mest mogleg fysisk, både for det sosiale, men også for å få kvalitet på utdanninga.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim

Minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, trur på ein betre haust.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Det er utnemnt ei ekspertgruppe for å hjelpe dei som slit med å finne nok motivasjon til å studere. Regjeringa vurderer mellom anna å forlenge vårsemesteret, slik at fleire kan fullføre studia sine, eventuelt at det skal gå an å starte litt tidlegare på hausten. Målet er at færre skal hamne bakpå og droppe ut av studia.

– No vert folk vaksinerte i det tempoet me har planlagd for, og det betyr at det frå hausten av er mykje meir som vil kunne skje fysisk. Også håper eg at fleire institusjonar planlegg for fadderveker og velkomst av nye studentar. For dette kjem til å gå over, og då vert det betre, seier Asheim.

Louise Åmli Aurdal er førsteårsstudent i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Hun har 21. april ennå ikke hatt en eneste fysisk forelesning. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Gratis koronatest er eit av tiltaka som skal hindre meir virus, og dermed også hindre endå lengre periodar utan yrande studentliv.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Louise Åmli Aurdal har ete opp rislunsjen og automatkaffien er borte den også. No er ho klar for å gå tilbake til det vesle rommet kor PC-en ventar på ho.

No skal det lesast, før ho skal heim. For den digitale forelesinga har ho sett gjennom, og det digitale seminaret fekk ho gjort unna før lunsjen.

Om få veker startar eksamensperioden, som ho berre må kome seg gjennom. Men til hausten håper ho på ei fadderveke kor universitetsområdet flaumar over av motiverte studentar.

AKTUELT NÅ