Dette skriv avisa
i dag.Fleire marinejegerar har varsla om at dei har opplevd eit sterkt press og truslar om avlytting for å teie i debatten om samanslåing av spesialstyrkane.
Striden handlar om våre mest spesialiserte og beste trente soldatar, spesialstyrkane. Bakgrunnen er at forsvarssjef Harald Sunde ynskte å slå saman Marinejegerkommandoen med Forsvarets spesialkommando og Hærens jegerkommando, og så flytte hovudbasen til Rena i Hedmark.
Press og truslar
Mange marinejegerar som var kritiske til samanslåinga skal ha opplevd eit sterkt press og truslar om telefonavlytting. Dette går fram av eit varslarbrev som tillitsvalde sende til forsvarsminister Anne Grete Strøm-Erichsen i februar.
I går melde
at mannen som blir skulda for å ha trua marinejegerar med telefonavlytting, er sjef for avdelinga for spesialoperasjonar, brigader Karl Egil Hanevik.I dag skriv altså VG at forsvarssjef Harald Sunde var forlovar då Hanevik gifte seg i 1994. Ikkje nok med det. Det var også forsvarssjefen som innstilte Hanevik til jobben som sjef for spesialstyrkane.
Trass i den nære relasjonen skal ikkje Sunde ha bede om ei habilitetsvurdering, då han la fram si innstilling i desember 2011, skriv VG.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Vurderer habiliteten
Leiinga i Forsvarsdepartementet sat i går kveld i møte for å vurdere habiliteten til forsvarssjefen.
Forsvarsdepartementet vil førebels ikkje kommentere saka overfor NRK, men seier at dei jobbar med problemstillinga.
Presidentskapen i Stortinget sa i dag nei til å utsetje behandlinga av spesialstyrkesaka. Det borgarlege fleirtalet i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget har gått inn for utsetjing på grunn av opplysningane om press.