Hopp til innhold

Greit å slåss, drepe og voldta?

I dag er dataspelet GTA 4 ute i butikkar over heile Norge. Forige utgåve av spelet blei meld til politiet, men no er det merkeleg stilt. Har det blitt heilt greit å rane, slåss, drepe og voldta?

Niko Bellic fra GTA
Foto: Rockstar Games

- Nei, er svaret til NRK sin spelekspert, Roar Halten. Han meiner grunnen til at lanseringa har gått så stille for seg har fleire årsakar.

GTA 4
Foto: Gøril Furu / NRK

- Vi har skjønt at vaksenspel er for vaksne. Så enkelt er det. Tidlegare var dataspel meir forbunde med barnespel, men no ser vi at fleire og fleire vaksne også speler.

Halten meiner også at vi er vant til mykje meir blod gørr og vald.

- Ta ein vanleg dag på TVNorge. Dei viser CSI der menneske blir skore opp og innvollane visast. Dét er det ikkje ein kjeft som reagerer på. Spør du meg er det mykje rarare at folk ikkje reagerer på det, enn ymse dataspel med virkelighetsnær grafikk.

Eigna for eit vaksent publikum?

I 2002 melde dåverande barneombod, Knut Haanes og forbrukarrådet forgjengaren GTA 3 for politiet. Dei meinte spelet gjekk imot straffelova på grunn av grove valdsskildringar. Den gong meinte dei at spelet ikkje eingong var eigna for eit vaksent publikum. Kva med GTA 4?

- Det førte ingen veg, anna enn at vi etterkvart fekk merkelappar med aldersgrense. No er det opp til butikkane å overhalde reglane.

Etter det NRK erfarar blir ikkje dette gjort. Fleire sel spelet til 15-åringar, så lenge dei får samtykke frå foreldra på telefon. Det skal etter reglane ikkje skje, og Halten i NRK, er einig med Haanes om at det er her utfordringa ligg.

- Den gongen GTA vart meld til politiet handla det om at du berre kunne plukke opp eit balltre og slå ned ei gamal dame viss du ønska det. Om det er slik no, er eg ikkje sikker på, men eg trur uansett ikkje spelet blir meld til politiet. Dei må heller gå etter dei som sel spelet til born og ta vaksne som tykkjer det er greit at born spelar GTA.

Må sette strengare grenser

Thomas Hepsø i medietilsynet heng seg på Haanes og Halten.

- Det ligg eit stort ansvar på oss. Vi må gjere jobben vår med å opplyse bransjen og butikktilsette og dei som kjøper spel, slik at dei er klar over kva spelet inneheld.

Hepsø meiner det er viktig at mindreårige ikkje får tak i GTA som er eit spel for vaksne, og er blir frustrert av å høyre at bransjen ukritisk innrømmer å selge til 15-åringar berre med godkjenning frå foreldre.

- Det er beklagelig, men eg skjøner jo dei butikktilsette også. Viss foreldre kjøper det til sønnen eller dottra si, det er fint lite ein kan gjere med det.

Enorm interesse

GTA 4 er ein av dei store spelhypane dette året. Entusiastane har fråda i forventningsrus på Internett i fleire år allereie, og butikkar har no slutta å ta imot reservasjonar fordi det ikkje er flere kopiar å selgje. På Spaceworld i Trondheim var dei allereie tomme for spel til Playstation 3 klokka tolv på lanseringsdagen, og hadde solgt godt over halvparten av spela til Xbox. Torstein Jakobsen forklarar at det er for få spel i Norge.

Torstein Jakobsen i Spaceworld på Trondheim Torg
Foto: Gøril Furu / NRK

- Vi fekk under halvparten av dei spela vi skulle ha. No er det lange ventelistar og vi får ikkje ny leveranse før til neste veke.

Jakobsen trur reaksjonane til spelet let vente på seg.

- GTA er ikkje det verste på markedet lengre, så eg tviler på at det blir politianmeldelse denne gongen. Vi får vente og sjå kva som skjer.

AKTUELT NÅ