Hopp til innhold

Godt vaksne MC-førarar mest utsette for ulukker

Godt vaksne motorsyklistar er mest utsette for ulukker, ifølgje Trygg Trafikk. – Ta eit «rustløysarkurs» om våren, anbefaler Norsk Motorcykkel Union.

UP-med-MC-kontroll-08

Arild Lind (57) er dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union. Han anbefaler godt vaksne førarar oppfriskingskurs. – I min alder er vi kanskje tregare i både det eine og det andre, seier han.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Menn over 45 år står for den største auken i talet på drepne og hardt skadde på motorsykkel, ifølgje Trygg Trafikk. Dei godt vaksne MC-førarane er stadig meir synlege i ulukkesstatistikken.

– Ferdigheitene må haldast ved like, seier dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union (NMCU), Arild Lind.

Han anbefaler alle motorsyklistar å ta eit «rustløysarkurs» om våren, særleg dei godt vaksne førarane.

– Der blir du minna om det mest grunnleggande og får kroppen i gang igjen. For ein kan jo fort tru at ein framleis er 20 år gammal, seier Lind, som sjølv er 57.

UPmedMCkontroll03
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Godt vaksne i alvorlege ulukker

På om lag tjue år har talet på omkomne og hardt skadde motorsyklistar over 45 år auka med over 200 prosent, ifølgje Trygg Trafikk.

Fleire motorsyklar på vegane kan forklare noko av auken, men ikkje at dei over 45 år er mest utsette.

Norsk Motorcykkel Union ser at vaksne motorsyklistar dessverre er overrepresenterte i dødsulukker. Ulukkene skjer som oftast i fint vêr, på tørt føre og i sving. Ut over dette veit vi ikkje stort om årsaka, men dei fleste ulukkene skuldast førarfeil, skriv styreleiar Olea Anett Kvalsvik til NRK.

Har ikkje køyrd sykkel på mange år

I Trygg Trafikk trur fagsjef Bård Morten Johansen at nokre av ulukkene skuldast at godt vaksne motorsyklistar er blitt «rustne».

Bård Morten Johansen

Fagsjef Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk seier forskarar skal prøve å finne ut kvifor godt vaksne motorsyklistar er meir utsette for ulukker enn andre.

Foto: Erland Knutsen / NRK

– Dei køyrde kanskje opp på 1980- eller 1990-talet. Så får dei god råd og tar etter mange år opp igjen motorsykkelinteressa. Dei har både livserfaring og køyreerfaring frå bil, men kanskje ikkje den kompetansen som trengst på motorsykkel. Å køyre motorsykkel er krevjande og det ser ut til at ikkje alle har kompetansen som trengst, seier Johansen.

– Kasta aldri hjelmen

Dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union, Arild Lind, prioriterte sjølv andre ting enn motorsykkel i mange år, men han kvitta seg aldri med hjelmen. For seks-sju år sidan tok han opp igjen motorsykkelinteressa igjen.

Han seier at som vaksen motorsyklist handlar det også om å få erfaring.

Lind seier at om du ikkje har køyrd motorsykkel på 30 år, er det kanskje ikkje så lurt å berre køyre tur kvar tredje søndag.

– Heile kroppen må vite korleis han skal reagere når det hender noko brått. Muskelhukommelsen må sitte slik at ein utan å nøle gjer det rette dersom det oppstår ein farleg situasjon, seier Lind.

– Kjøp godkjent sikkerheitsutstyr

Norsk Motorcykkel Union anbefaler eit førarutviklerkurs med instruktørar på bane. Der lærer du til dømes å ta ein brå unnamanøver om det trengst.

I fjor omkom 20 menneske i motorsykkelulukker her i landet, dei fleste i utforkøyringsulukker. Til no i år har seks mista livet, mot fem på same tida i fjor.

– Vi anbefaler alle å bruke godkjent sikkerheitsutstyr, sjølv om det er dyrt, seier Arild Lind.

Motorsykkel

Mange godt vaksne menn koser seg med motorsykkel, men dei er oftare enn andre utsette for ulukker.

Foto: Heiko Junge / NTB

Skepsis i NAF

Å ukritisk gå ut og tilrå førarutviklingskurs på bane, som NMCU gjer, er farleg. Denne åtvaringa kjem frå Jan Harry Svendsen i NAF.

Han meiner førarutviklingskurs på bane må ha ei oppbygging som gir overføringsverdi til veg.

Det hjelper ikkje å bli fantastisk god til å køyre motorsykkel rundt ein bane, om det ein lærer ikkje kan overførast til motorsykkelturane på veg. Å gå ut og ukritisk tilrå banekurs, slik NMCU her gjer, er derfor gal veg å gå, seier han til NRK.

Jan Henry Svendsen i NAF MC

Jan Harry Svendsen i NAF MC åtvarar mot førarutviklingskurs på bane.

Foto: NAF

Ein bane er statisk, der svingen er den same runde etter runde. På ein veg blir føresetnadane endra heile tida på grunn av trafikkforhold, hol i vegbanen, sand, fotgjengarar og andre forhold ved vegen.

Meiner all trening er bra

Norsk Motorcykkelunion meiner all trening på å køyre motorsykkel er bra med tanke på førarutvikling.

– Mange kurs på bane har moment som kan minne om det ein kan møte ute på vegen. Nokre går føre seg på go cart-banar med låg fart og der bruken av blikket og handteringa av sykkelen står i fokus, skriv dagleg leiar Arild Lind.

Jan Harry Svendsen seier NAF MC ikkje er motstandar av førarutviklingskurs på bane, men det er heilt avgjerande at desse kursa er lagt opp slik at ein blir ein tryggare motorsyklist, og ikkje ein raskare.

Det blir ein dersom ein vel eit førarutviklingskurs som har overføringsverdi til det å køyre i trafikk og på vegen. I handlingsplanen for 0-visjonen er det berre eitt førarutviklingskurs som er tatt med. Dette er «Sikker på MC» som blir køyrd på offentleg veg, seier Svendsen.

Norsk Motorcykkelunion seier dei ikkje er overraska over at NAF ynskjer å promotere sitt eige kurs.

– Vi ønsker velkommen alle aktørar til arbeidet med å betre trafikktryggleiken, ikkje berre NAF, skriv dagleg leiar i NMCU, Arild Lind.

AKTUELT NÅ