Hopp til innhold

Fylkesmannen greip for seint inn då verje underslo

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane får sterk kritikk for ikkje å ha tatt fleire bekymringsmeldingar på alvor då ei verje ifølgje politiet underslo 600.000 kroner frå utviklingshemma bror.

Sogn og Fjordane tingrett, Sogndal
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ei verje frå Sogn vedgjekk i retten denne veka at ho har underslått store summar frå den psykisk utviklingshemma broren sin.

Bekymringsmeldingar

Men lenge før dette blei ei sak for politiet og rettsvesenet, var det sendt inn fleire bekymringsmeldingar til fylkesmannen i Sogn og Fjordane som er den etaten som fører tilsyn med verjer.

No rettar Statens sivilrettsforvaltning sterk kritikk mot fylkesmannen for at dei var for seint ute med å gjennomføra tilsyn med verja.

«I dette tilfellet er Statens sivilrettsforvaltnings oppfatning at den samlede informasjonen i saken tilsa at Fylkesmannen hadde en plikt til å undersøke forholdene nærmere på et tidligere tidspunkt», heiter det i tilsynsrapporten.

Plikt til å ta oppdraget frå verje

Det heiter vidare i brevet frå det statlege forvaltningsorganet som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og sentral vergemålsstyresmakt at fylkesmannen hadde tilstrekkelege rutinar for å oppdaga at det var manglar i dokumentasjonen i verjemålet.

Det blir også understreka at fylkesmannen har ei plikt til å ta frå ei verje oppdraget dersom omsynet til verjehavar gjer dette naudsynt. Denne plikta vil i følgje Statens sivilrettsforvaltning kunna inntre når fylkesmannen blir gjort kjent med at verja misbrukar klienten sine midlar.

Kan ikkje utelukke fleire slike saker

– Det ser ut som at det er heilt rett, den kritikken som kjem mot oss. Det må me berre seie oss leie oss for, seier Gunnar Hæreid, assisterande fylkesmann i Vestland.

– Kvifor greip de ikkje inn i saka etter fleire uromeldingar?

– Fylkesmannen overtok ansvaret for verjemål 1. juli 2013. Det er vel dokumentert at det var ei underfinansisert overtaking. Me sleit med å kome oss ovanpå, og me prioriterte ikkje gjennomgang av verjerekneskap så høgt som me kanskje skulle ha gjort, seier han.

Hæreid seier at ein ikkje kan utelukke at det finst fleire slike saker.

– Særleg ikkje for saker som ligg litt tilbake i tid. Det var litt kaotisk for oss dessverre. Dette har me mykje betre rutinar for no. Me har fått fleire ressursar, så me håpar at det ikkje skal skje noko framover, men me kan ikkje utelukke andre slike tilfelle, seier Hæreid.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger