Hopp til innhold

Fryktar flukt frå Statens vegvesen

Tilsette i Statens vegvesen fryktar at etaten blir tømt for dyktige folk og kunnskap når eit nytt statleg vegselskap skal etablerast frå årsskiftet.

E39, motorveien

Eit nytt vegselskap kan tappe Statens vegvesen for kompetanse, hevdar tillitsvalde.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det nye selskapet,som samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen lanserte like etter påske, blir eit frittståande statleg AS. No er tilsette i etaten redd for at høgare løn og spennande oppgåver vil lokke dei dyktigaste medarbeidarane bort frå Statens vegvesen.

– Vi har i årevis påpeika dei store rekrutteringsproblema i etaten, seier hovudtillitsvald for Tekna i Statens vegvesen, Carl Sigurd Fredriksen, til NRK.

Vi er sårbare

– Vi er svært sårbare og har svært liten tilgang på nyrekruttering frå til dømes NTNU, legg han til.

Det høge ambisjonsnivået og det faktum at det nye selskapet blir eit statleg aksjeselskap som står langt friare til å bestemme lønsnivået for medarbeidarane, kan gjere selskapet så attraktivt at vegstell-tilsette nærmast kan bli ståande i kø for å melde overgang.

Dette kan gi ein kompetanseflukt som vil ramme etaten sårt, trur Fredriksen.

– I prinsippet er vi positive til å effektivisere og utvikle vegsektoren. Men det er urovekkande at det ikkje står noko om dette i Stortingsmeldinga som blei lagt fram, seier Fredriksen.

Slit med rekrutteringa

– Både vi og leiinga i etaten har i samband med lønsoppgjera fleire gonger uttrykt ettertrykkeleg at vi slit med rekrutteringa til vegvesenet. Vi etterlyser for det første erkjenner at ein erkjenner dette

problemet, og dernest at ein kjem opp med tiltak for å bøte på det. Det er ikkje til å unngå at det vil skape problem når ein skal ta folk ut av den verksemda som dei er i nå i vegvesenet. Vi har allereie problem med at for mange i søker seg ut, dessverre er dette mange av dei beste av våre.

– De fleste blir og dei beste forsvinn?

– Ja, det kan vi frykte når dei sit med høgare løner og spennande oppgåver, og der ein blir befridd frå nokre av de belastningane som det å jobbe i statsforvaltninga medfører, seier Fredriksen.

Alf Edvvard Masternes, hovudtillitsvald for Forbundet for Ledelse og Teknikk i vegvesenet, deler uroa.

– Det kan bli stor skilnad på løner, og det kan igjen bety kompetanseflukt. Dette er særs uheldig når vi har eit så smalt miljø på vegfagleg kompetanse, seier han.

Rett tid å hente frå «olja»

Samferdselsministeren ser på vegvesenet sine utfordringane med heilt andre auge:

– Utfordringane for vegbransjen har generelt vore for høge løner i «olja». No er det ei god tid å sørge for å få fleire bein å stå på og bygge infrastruktur i landet.

Nytt veisleskap

Dei fire samarbeidspartiae presenterer nytt vegselskap. F.v.: Abid Raja (V), Hans Fredrik Grøvan (KrF), Linda Hofstad Helleland (H) og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Foto: Simon Solheim / NRK

Foto: Simon Solheim / NRK

– Men klarer du å halde oppe fagmiljø i vegvesenet?

– Ja, det er god leiing der, og så vil dette nye selskapet utfordre begge til å bli målt mot kvarandre. Vi brukar i dag mykje tid på planlegging. Ved å effektivisere prosessane kan medarbeidarane få gjort langt meir enn i dag, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger