Hopp til innhold

Frp: - Lyset skal stå på!

WWF vil at ein milliard menneske skal slå av lyset i ein time under Earth Hour 28. mars. Men verdas største klimakampanje får ingen effekt, trur Frp, som lar lyset stå på.

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen trur ikkje på kampanjen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Den 28. mars neste år skrur ein av lyset i landemerker som operaen i Sydney og CN-tårnet i Toronto. Det skjer under Earth Hour , som ifølgje arrangøren WWF er verdas største klimakampanje.

- Målet er at 1000 byar og ein milliard menneske skal delta i markeringa. Her i Noreg skal vi ha med oss ein million deltakarar på kampanjedagen 28. mars, seier generalsekretær Rasmus Hansson i WWF-Norge .

Det er første gang at Noreg deltek i kampanjen. Sju norske byar har så langt meldt seg på.

Under årets Earth Hour vart lyset slått av i både danske og svenske slott. Kanskje får vi neste år oppleve at også kong Harald skrur av straumen på det norske slottet.

- Skrur ikkje av lyset

Earth Hour, Manilla

Det vart mørkt i Manilla i mars i fjor under Earth Hour.

Foto: JES AZNAR / AFP

Men ein mann nektar å røre lysbrytaren. Det er Ketil Solvik-Olsen i Framstegspartiet.

- Nei, det kjem eg ikkje til å gjere. Eg er avhengig av å ha lys på når eg sit og les dokumenta mine, så det er ikkje aktuelt å gjere det den kvelden, seier Solvik-Olsen.

Den klimapolitiske talsmannen i Framstegspartiet har inga tru på Earth Hour-kampanjen frå WWF.

- Eg syns det blir ei reint symbolsk handling som eg ikkje trur har nokon effekt i det heile tatt. Viss folk forbinder miljøkampen med at du skal leve utan lys om kvelden, blir det som å gå tilbake til Helen Bjørnøy si miljøvernminister-tid, der folk skulle dusje mindre og kle på seg meir. Det er ikkje attraktivt for folk, og eg trur ikkje du får resultat på denne måten, seier Solvik-Olsen.

Krev politisk handling

Solvik-Olsen påpeikar at dei norske CO2-utsleppa var rekordhøge i fjor. Utsleppa ligg no 11 prosent frå 1990-nivået. Han meiner det må politisk handling til for å kutte desse utsleppa, og at det ikkje held å be folk skru av lyset.

Frp vil heller at politikarane skal gjere noko, som å tilby folk skattelette for å gjere energitiltak heime.

- Eg trur du får mange medieoppslag når du skrur av belysninga på offentlege stader og får profilerte folk til å seie at dette er kjempeviktig. Spørsmålet er derimot om du får ein langvarig effekt, og det trur eg ikkje, seier Solvik-Olsen, som samanliknar kampanjen med å gå tilbake til det gamle Aust-Europa, der det ikkje var nok straum til å ha på lys om kvelden.

Lanseringa av Earth Hour-kampanjen skjer i Poznan i Polen i dag, samtidig som Noreg og andre land sit i forhandlingar som skal føre fram til ei ny internasjonal klimaavtale i København neste år.

- Frp er gretne, gamle gubbar

Rasmus Hansson

- Earth Hour er godt, gøy og gratis, sier Rasmus Hansson i WWF.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Dette er ikkje ein klima-gimmick som andre. Denne handlinga blir verdas største klimaaksjon. Vi skal ha ein million menneske i Noreg og ein milliard i verda til å vere med på denne handlinga på ein gong, seier Rasmus Hansson i WWF-Norge.

Han seier at Earth Hour ikkje handlar om straumsparing, men om at folk skal stå saman og dermed legge press på politikarane slik at dei må handle. Og WWF avviser kritikken frå Framstegspartiet om at kampanjen ikkje nyttar.

- Eg trur folk må kunne forvente betre frå Framstegspartiet enn at dei opptrer som gretne, gamle gubbar når resten av verda går saman om noko som er godt, gøy og gratis, seier Rasmus Hansson i WWF.

- Her trur eg Frp kjem til å snu og støtte dette tiltaket, slik regjeringa og dei største byane gjer, seier Hansson.

Kjendisar stiller opp

Cate Blanchett

Cate Blanchett er ein av kjendisane som er på kampanjen.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

WWF har også fått med seg fleire kjendisar på kampanjevideoen sin for Earth Hour.

- Eg vil at du skal bli med i kampen for klimaet, seier Virgin-sjef Richard Branson, som i tillegg til å vere miljøforkjempar også er eigar av flyselskapet Virgin Atlantic som slepp ut mengder av CO2.

- Eg veit like godt som alle andre at gode idear er sjeldne, seier artisten Nelly Furtado, som heldt ein gratiskonsert til støtte for årets Earth Hour.

- Det er sjeldan i våre moderne liv at vi stoppar opp og tenkjer på korleis vi forbrukar og korleis vi lever liva våre. Dette er ei byrjing, seier den Oscar-vinnande skodespelaren Cate Blanchett, som også er ambassadør for WWF-kampanjen Earth Hour.

AKTUELT NÅ