Hopp til innhold

Fødselsnummeret ditt på avvegar

Her er biletet som dokumenterer at fødselsnummeret ditt i dag gjekk ut til ei rekkje redaksjonar som mottar skattelistene frå Skatteetaten.

Skatteliste
Foto: NRK

Fødselsnummeret ditt er konfidensielt, og skal slettast av Skatteetaten før dei sender skattelistene ut til media.

Finansminister Kristin Halvorsen kallar skattedirektøren inn på teppet etter at personnummera er sendt mediene ved ein glipp.

Datatilsynet kallar glippen ein skandale. Minst åtte mediebedrifter har fått tilsendt CDer med flere millionar fødsels- og personnummer.

Informasjonsdirektør Lise Halvorsen ved Skatteetaten

Informasjonsdirektør Lise Halvorsen i Skatteetaten

Foto: Skattetaten, Foto: Pressebilde, Foto: Pressebilde

Skatteetaten sender kvart år ut fleire oppdateringar av skattelistene når dei har tatt bort feil i opplysningane. Desse listene kan publikum søke i på t.d.

www.nrk.no/skatt

. Det er ved utsending av ei slik revidert liste Skattedirektoratet ikkje har fjerne personnummer.

Fødselsnummeret er fødselsdato (første 6 siffer) og personnummer (siste 5 siffer), altså totalt 11 siffer.

Alle skattepliktige

Tett opp mot fire millionar fødselsnummeret blei levert ut i dag. Dette betyr at absolutt alle skattepliktige personar i landet er oppført med det 11-sifra fødselsnummeret i lister som etter planen skulle publiserast på ulike nettsider.

Lista med personopplysningane er ikkje tilgjengeleg for publikum gjennom skattelistene. Skatteetaten jobbar i kveld på spreng med å finne årsaka til feilen og stoppa vidare formidling av dei konfidensielle personopplysningane.

- En skandale

Sjølv om opplysningane ikkje er ute hos publikum, er feilen likevel alvorleg fordi mange personar i mange redaksjonar alt har fått tilgang til konfidensielle personopplysningar.

- Hvis denne typen beskyttelsesverdig informasjon er utlevert i et slikt omfang, så er det ein skandale som no har råka Noreg på same måte som det råka Storbritannia, seier informasjonssjef Ove Skåra i Datatilsynet til NRK.

Ove Skåra

Informasjonssjef Ova Skåra i Datatilsynet

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

- Skatteetaten skulle vore betre rusta enn dei fleste etatar her i landet til å sørge for å verna denne typen personopplysningar.

Kan misbrukast

Han understrekar at fødselsnummeret kan misbrukast grovt.

- Dette er materiale som kan misbrukast, mellom anna til identitetstjuveri. Derfor skal denne typen materiale vernast veldig godt, og her har Staten ved Skatteetaten eit særleg tungt ansvar.

- Kva konsekvensar kan dette få?

- Dersom uvedkomande får tilgang til ein CD med 3.9 millionar namn og adresser knytta til fødselsnummeret, så er det lett å foreta selektering av kva individ det er mest interessant å utøve ein type økonomisk kriminalitet mot, seier Skåra.

Sponheim opprørt

Venstreleiar Lars Sponheim er opprørt over avsløringane om at millionar av personnummer er kome på avvegar når Skatteetaten i dag sendte ut skattelistene.

- Dette er ein personvernmessig skandale som manglar sidestykke i norsk historie. Det er rystande at dette kan skje i det omfang vi ser i dag, seier Lars Sponheim.

- Her har det skjedd ein glipp. Desse opplysningane skal ikkje ut. Det seier informasjonsdirektør Lise Halvorsen i Skatteetaten til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger