Hopp til innhold

Flyktar frå Italia til Noreg

Dei dårlege tilhøva i Italia gjer at stadig fleire asylsøkjarar kjem til Noreg, sjølv om dei har fått opphald i Italia. Og UDI slit med å sende dei tilbake.

Asylsøkere kommer til Politiets utlendigsenhet

Etter at eurokrisa råka, har det vore stor oppgang i talet på asylsøkjarar som allereie har fått opphald i Italia.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Frode Forfang

Direktør for Utlendingsdirektoratet (UDI), Frode Forfang, seier det ofte er problematisk å samarbeide med Italia om retur av asylsøkjarar.

På norske asylmottak sit det no ei mengd personar frå Afrika og Midtausten som ventar på å bli sendt tilbake til Italia.

Ein av dei er Homadi Sali (41) frå Irak. Han har opplevd korleis det er å vere asylsøkjar på gata i Italia, og har difor rømt vidare til Noreg.

– I Italia får du ingen pengar, ingen bustad, ingen skulegang, ikkje noko arbeid, seier Sali. No bur han på asylmottaket på Hønefoss.

Stor auke

Etter at eurokrisa råka, har det vore stor oppgang i talet på asylsøkjarar frå nettopp Italia. Også folk som har fått opphald i Italia kjem til Noreg, seier direktør for Utlendingsdirektoratet (UDI), Frode Forfang.

– Sjansen for å få arbeid og andre tilbod er dårlegare i Italia enn i Noreg. Difor ser vi at mange kjem hit, sjølv om dei allereie har lovleg opphald i Italia, fortel Forfang.

Etter EU-reglane skal Homadi Sali og alle andre som har vore innom eit anna EU-land før Noreg, reise tilbake dit dei først søkte om opphald.

Vanskeleg å samarbeide med

Men Forfang seier det ofte er problematisk å samarbeide med Italia om retur av asylsøkjarar. Noreg har bedt Italia om å ta tilbake 1200 menneske i løpet av 2011 og 2012, men dei er ikkje lette å samarbeide med.

– Ofte får vi ikkje svar på førespurnader om å ta folk tilbake, eller få vite kva status dei har i Italia, seier Forfang.

Utan klare bevis for at ein søkjar har vore i Italia, som for eksempel fingeravtrykk, gjer Italia seg vanskelege.

– Greier vi ikkje å bevise det, får vi ikkje sendt nokon tilbake. Da må vi behandle søknadene sjølv. Vi har ei utfordring med samarbeidsviljen til italienske styresmakter, og det er eit problem vi deler med mange andre land, seier Forfang.

– Retur er forsvarleg

Dermed sit mange på norske asylmottak og ventar på italiensk saksbehandling. Og det er ikkje dette asylinstituttet er meint for, meiner UDI-direktøren.

– Asylinstituttet gjeld vern frå det som skjer i heimlandet, ikkje om ein skal bu i Italia eller Noreg. Det kan nok vere freistande å søkje seg nordover til betre velferdssystem, men ein skal ikkje bruke asylinstituttet til dette, seier Forfang.

For to år sidan stansa Noreg alle returar til Hellas på grunn av dei ulevelege tilhøva for asylsøkjarar der.

– Bør Noreg vurdere å slutte å sende folk tilbake til Italia òg?

– Nei, det er to heilt forskjellige tilfelle. Med Hellas fekk vi ei klar tilråding frå FN, fordi folk ikkje fekk ein skikkeleg asylprosess. Det får dei i Italia, seier Forfang.

AKTUELT NÅ