Hopp til innhold

FHI tilrår kjøp av koronapiller

Noreg kan om kort tid følgje etter fleire asiatiske land og tilby koronapasientar ein ny, lovande koronamedisin, skriv VG.

Paxlovid

Paxlovid frå Pfizer (bildet) og Lagevrio frå Merck er dei to nye lovande antivirale pillene mot koronasjukdom.

Foto: HANDOUT / AFP

– Vi trenger alle verktøya vi kan få i verktøykassa vår nå, sjølv om vaksinar framleis er det einaste som kan løyse denne pandemien, seier Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket til VG.

Han seier det er ein ganske enkel kur, med fire tablettar to gonger dagleg i fem dagar.

Steinar Madsen

Steinar Madsen i Statens legemiddelverk.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Søndag publiserte Folkehelseinstituttet (FHI) ei risikovurdering av omikronvarianten. Her skriv dei at dei tilrår at det blir kjøpt inn nye lækjemiddel mot covid-19. I ein e-post til VG opplyser FHI-overlege Preben Aavitsland at det dreier seg om dei antivirale lækjemidla Paxlovid frå Pfizer og Lagevrio frå Merck.

Reduserer risiko med opptil 90 prosent

– Dersom eldre blir smitta, kan dei ved hjelp av desse lækjemidla redusere risikoen for alvorleg sjukdomsgang. Desse medisinane vil høgst sannsynleg virke også på omikronvarianten, seier han.

I den førre risikovurderinga frå 17. november skreiv FHI at pressemeldingar frå Pfizer og Merck indikerer at lækjemidla kan minske risikoen for innlegging med opptil 90 prosent hos uvaksinerte risikopasientar som startar kuren tidleg i sjukdomsperioden.

Lækjemidla vil truleg bli godkjente av europeiske legemiddelstyresmakter og bli tilgjengelege i Noreg i løpet av få månader.

Framleis stigande smittetrend i Noreg

Måndag vart det meld om 2877 nye smittetilfelle her i landet. Det er 486 fleire enn førre måndag. Den siste veka er det i snitt registrert 2642 smitta per dag. For ei veke sidan låg talet på 2145, så trenden er framleis stigande. Måndag var 250 koronapasientar innlagde på sjukehus, 29 fleire enn på søndag.

AKTUELT NÅ