Hopp til innhold

Festar og bråk over heile landet

Politiet fekk meldingar om festbråk over heile Noreg natt til søndag. I Oslo skal opp mot 1000 personar ha vore samla i parken.

Rester etter fest på St.Hanshaugen i Oslo

DAGEN DERETTER: Hundrevis av ungdommar festa på St. Hanshaugen i Oslo laurdag.

Foto: Tiril Solvang / NRK

– Det høyrdes ut som vi sat utanfor ein arena og var vitne til ein konsert, seier Ingrid Johannesen.

Ho gjekk gjennom St. Hanshaugen i Oslo laurdag kveld.

– Det var ganske mange folk som samla seg på haugen der. Folk sat i små grupper, men tett, fortel ho.

Ingrid Johannesen

Ingrid Johannesen synest folk sat tett i parken laurdag kveld.

Foto: NRK

1000 personar i same park

Oslo-politiet var i parken natt til laurdag. Der hadde mange samla seg.

– Vi anslår at det var om lag 1000 personar her. Dei aller fleste overheldt ikkje smittevernreglane og drakk heilt openlyst. Det var såpass ille at politiet måtte bryte opp festen og få folk til å gå derfrå, seier innsatsleiar Brian Skotnes til NRK.

Ingen i parken blei meldt av politiet. Dei nøgde seg med å rådføre og vise bort menneska på staden.

NRK nyheter

Innsatsleiar Brian Skotnes.

– Det er skremmande å sjå at så mange bryt smittevernsreglane. Vi vil på det sterkaste oppmode folk til følgje dei, held Stoknes fram.

– Trist

Venane Sven Østerbø og Carl Håkon Solheim drog til St. Hanshaugen for å grille søndag. Der møtte dei restane av kvelden før.

– Det var mykje søppel og flasker, og til og med ein Voi-scooter utan ratt. Det verkar som folk har kost seg, men dei har ikkje følgt reglane, seier Solheim.

Dei to synest det er frustrerande at så mange vel å bryte smittevernråda.

– Eg skjønar at det byrjar å ta på for mange, men det er dumt når fellesområde blir verken flotte eller til bruk, seier Østerbø.

– Og det er veldig trist. Dette fungerer godt berre når alle hjelper til, legg Solheim til.

Venner griller i parken

Vennene Sven Østerbø (t.v.) og Carl Håkon Solheim likte ikkje det dei såg i parken søndag.

Foto: Tiril Solvang / NRK

Travel natt for politiet

Politiet over heile landet fekk meldingar om festbråk laurdag og natt til søndag.

På Saupstad i Trondheim var eit hundretal russ og mindreårige samla i gapahukar.

Der var det rigga partytelt, diskolys og musikkanlegg. Politiet var der i ein time og observerte. Føresette blei ringt opp for å hente heim mindreårige.

I Rana i Nordland løyste politiet opp ei større samling med ungdommar etter klagar om bråk.

I Finnmark fekk politiet fleire meldingar om støy frå russen som festa fleire stader i Alta. Dei fekk også ein rekke klagar på fleire private festar som forstyrra natteroa.

Politiet i Møre og Romsdal fekk ei rekke meldingar om høg musikk og støy som har forstyrra natteroa.

Ved ein bensinstasjon på Ørsta samla om lag 150 personar seg. Fleire blei meldt til politiet for drikking på offentleg stad.

– Fleire av dei på staden er mindreårige, skreiv politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

På Huk i Oslo var rundt 250 ungdommar samla, ifølge politiet. Det var ingen meldingar om uro.

– Her løyste det seg opp før midnatt. Vi hadde eit par patruljar på staden som informerte om at folk måtte halde avstand, noko dei gjorde, seier operasjonsleiar Stokkli.

Fest på St. Hanshaugen

DAGEN DERETTER: Hundrevis av ungdommar festa på St. Hanshaugen i Oslo laurdag.

Foto: Tiril Solvang / NRK

Meldt til politiet for brot på smittevernreglane

I hovudstaden blei fleire titals personar meldt til politiet for brot på covid-19-forskrifta natt til laurdag. Politiet fekk meldingar om støy frå tre ulike leilegheiter.

Rundt midnatt avslutta politiet mellom anna ein fest med 11 personar.

– Alle blir meldt til politiet for brot på smittevernlova, skreiv politiet på Twitter.

Ifølge smittevernreglane i Oslo er det forbode å ha meir enn to personar på besøk samtidig. Forbodet gjeld også i hagar, bakgardar, og liknande område knytt til private heimar, og på hytta.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger