Hopp til innhold

Får ikkje verte sjukepleiarar

Helsesektoren skrik etter arbeidskraft, men har ikkje kapasitet til å utdanne alle dei som vil inn i helseyrke.

Sykepleier på utstyrsrom på St. Olavs Hospital i Trondheim. Illustrasjonsfoto.
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I går offentleggjorde Samordna opptak tala for kor mange som har kome inn på høgare utdanning til hausten.

Les: 66 000 har fått studieplass

For fyrste gong på lenge opplever helsefaga ei auke i popularitet. Sjukepleiarstudiet har snudd den negative trenden frå dei siste åra og hadde 16 prosent fleire søkjarar i år.

Samla hadde alle helsefaga 2799 fleire kvalifiserte søkjarar i år enn i fjor. Likevel er det berre 878 fleire som har fått tilbod om studieplass.

Av totalt 17303 søkjarar som hadde helsefag på fyrsteplass og var kvalifiserte, har berre 7916 fått studieplass for hausten.

- 40 prosent kom ikkje inn

Sjukepleiarutdanningane rundt om i landet tok heller ikkje inn meir enn 60 prosent av dei 5868 kvalifiserte søkjarane som hadde sjukepleiarstudiet som fyrsteval. 2330 kvalifiserte kom ikkje inn.

Pål Kalvsjøhagen

Pål Kalvsjøhagen.

Foto: Samordna opptak

- At ikkje fleire kvalifiserte har fått tilbod om studieplass,kjem av at det ikkje er større kapasitet ved utdanningsinstitusjonane, seier informasjonsrådgjevar Pål Kalvsjøhagen i Samordna opptak.

Han påpeikar derimot at det på restetorget hjå Samordna opptak framleis finst ledige plassar ved sjukepleiarstudiet på Høgskulen i Finnmark og ved Høgskulen i Harstad.

- Kapasiteten er med andre ord ikkje heilt sprengt. Er ein viljug til å flytte litt på seg, finst det framleis ein sjanse for å kome inn på sjukepleiarutdanninga.

- For liten kapasitet

- Eit av problema med å auke utdanningskapasiteten i dag er å skaffe praksisplass til alle. Det finst rett og slett for få sjukepleiarar som kan og har tid til å lære opp nye, seier nestleiar Unni Hembre i Norsk Sykepleierforbund.

Ho synest det er synd at godt kvalifiserte personar med eit ønskje om å verte sjukepleiar ikkje kjem inn på studiet.

- Vi treng høgt kvalifiserte personar for å utføre dei stadig meir kompliserte arbeidsoppgåvene ein sjukepleiar må utføre, og for å fylle behovet framover.

Manglar fleire tusen sjukepleiarar

Ifølgje ei bedriftsundersøking frå NAV for 2007, mangla Noreg i gjennomsnitt 1200 sjukepleiarar dette året.

Ein rapport gjennomført på oppdrag frå Helsedirektoratet i 2008 syner at vi i 2030 vil ha nær 13 000 sjukepleiarar for lite, dersom det ikkje vert sett i verk tiltak for å auke denne yrkesgruppa.

Hembre har likevel inga tru på at bemanningsutfordringane i helsesektoren kan løysast berre ved å auke utdanningskapasiteten.

Bemanningsproblema handlar også om å få utløyst den arbeidskraftreserven vi allereie har. Deltidsbruken innanfor sjukepleiaryrket er i dag så stor at vi i praksis utdannar to sjukepleiarar per årsverk. Dette har vi ikkje råd til å halde fram med.

Unni Hembre / NRK

- Det vert i dag utdanna like mange sjukepleiarar i Noreg som i Sverige, sjølv om Sverige har eit mykje høgare folketal enn oss. Det syner at vi ikkje er flinke nok til å utnytte arbeidskrafta, og det er dette som bør vere hovudprioriteten no, seier ho.

Deretter kan ein sjå om kapasiteten på utdanninga bør aukast, meiner Hembre.

- Det er ikkje vits i å ta inn 3000 fleire studentar i dag for å dekkje 1500 årsverk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger