Hopp til innhold

Får ikkje velja enkeltkanalar

Det er ikke grunnlag for å krevja at kvar enkeltabonnent skal kunne laga sin eigen fjernsynsmeny, meiner Medietilsynet.

Flatskjermer
Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Teknisk er det ingenting i vegen for at kvar kunde fritt skal kunne velja sine eigne fjernsynskanalar.

Men skal abonnenten sjølv setja saman kanalpakken, må distribusjonsselskapa investera i tekniske og administrative løysingar som kan gjere kanalane dyrare enn no.

Det går fram av ein rapport som Medietilsynet har laga på oppdrag frå Kulturdepartementet .

Selskapa bestemmer

Grunnpakken, Familiepakken, Favorittpakken, Norgespakken, Rikspakken, Startpakken, Plusspakken, Hyttepakken.

Felles for alle desse pakkane er at distribusjonsselskapa bestemmer innhaldet.

Som abonnent hos CanalDigital, Viasat, Get, RiksTV og andre distributørar har du eit val, men berre eit val mellom dei pakkane som selskapa har sett saman.

Du kan ikkje abonnera på enkeltkanalar slik at du kan setja saman din eigen pakke.

Det einaste tilbodet du har, er å velja enkeltkanalar i tillegg til den pakken du abonnerer på.

Kan tilby

Teknisk er det ingenting i vegen for å tilby enkeltkanalar. Det seier Hans Marius Graasvold i Forbrukarrådet .

- Ingen av dei partane vi har snakka med har nekta for at det er teknisk mogleg å tilby enkeltkanalar, seier han.

Medietilsynet innrømmer at det er teknisk mogleg for distribusjonsselskapa å tilby enkeltkanalar til dei kundane som har digitalabonnement

Alle abonnentane vil teknisk sett kunna få eit slikt tilbod når alle kabelnett er digitaliserte - det skjer om eit par år.

Høgare pris

Men Medietilsynet meiner det ikkje er grunnlag for å krevja av selskapa at abonnentane skal få velja sine eigne kanalar.

- Kjem det eit pålegg, må selskapa bruka pengar på dyre tekniske og administrative løysingar som vil føra til høgare pris per fjernsynskanal.

- Kringkastarane vil kunna få mindre reklameinnekter dersom tv-sjåarane vel sine eigne kanalar. Det kan føra til at dei krev høgare betaling av distribusjonsselskapa.

- Mediemangfaldet vil stå i fare dersom kundane vel bort ein del kanalar.

Dette er dei viktigaste grunnane til at Medietilsynet ikkje tilrår å krevja av distributørane at dei skal tilby kundane enkeltkanalar.

Hans Marius Graasvold i Forbrukarrådet synest ikkje dette er gode nok grunnar til å nekta folk å abonnera på enkeltkanalar.

- Det er ei grense for kva forbrukarane vil betala, men vi trur nok at marknaden og ein fri konkurranse iallfall på sikt vil gjera sitt til at TV-kanalane og enkeltkanalane vil koma på eit rimeleg prisnivå, seier han.

AKTUELT NÅ