Hopp til innhold

Fakta om fascisme og nazisme

Fascismen legg sterk vekt på nasjonen si betydning og einskap, og på eit autoritært førarbasert styre internt, og på ei imperialistisk haldning ute.

Nazist
Foto: Illustrasjon: Morten Quist Hommersand

Uttrykket fascisme blir først og fremst nytta om styresettet til den politiske rørsla som oppstod i Italia etter første verdskrigen, under leiing av Benito Mussolini.

Fascismen er avleidd frå fasci, som betyr samanslutningar.

Mussolini og tilhengjarane hans danna i srtarten "fasci di combattimento", kampforbund.

Benito Mussolini var Italias fremste fascist.

Benito Mussolini, Il Duce.

Foto: Scanpix / AFP

Uttrykket har samanheng med det romerske fasces, eit knippe av tynne trestokkar. Fascistane nytta dette symbolet som eit teikn på autoritet og samhald.

Nazismen eller nasjonalsosialismen var Adolf Hitler sin tyske versjon av fascismen.

Denne retninga oppstod i Tyskland etter første verdskrigen, samstundes med fascismen sin frammarsj i Italia.

Nasjonalsosialismen var opprinneleg bygd opp kring politiske strøymingar som oppstod i Austerrike rundt 1900.

Hovudtrekka var ein overdriven nasjonalisme, antisemittisme og mistillit til dei demokratiske styreformene.

Nasjonalsosialismen var retta mot dei leiande politiske retningane, både marxismen, liberalismen, den borgarlege konservatismen og pasifismen.

Nasjonalsosialismen mangla eit klart ideologisk innhald. Partiet hadde eit program frå 1920 på fem punkt, sterkt agitatorisk i forma. Desse var bygde på nytolkingar av nasjonalistiske og raseideologiske forfattarar. Den økonomiske teorien var basert på antikapitalisme, men svært mangelfull.

Adolf Hitler i 1937.

Adolf Hitler slik han framstod i 1937.

Foto: AP

Dei politiske og økonomiske krisene i Tyskland, særleg i perioden 1929-1932, skapte grobotn for partiet. Ideane, framført med intens, fargerik og krigersk propaganda, hausta stor fagnad blant dei mange misnøgde i samfunnet.

Her fekk dei utløp for draumen om ei stor framtid for det tyske folk, og ei stabil, sterk statsleiing.

Nasjonalsosialismen vart førebilete for totalitære rørsler i ein del andre land, blant anna for Nasjonal Samling og Vidkun Quisling i Noreg.

Sidan Tyskland sitt samanbrot i 1945 har alle nasjonalsosialistiske organisasjonar vore forbodne. I dag finst det små miljø som støttar denne ideologien i fleire europeiske land, også i Noreg, men det er snakk om marginale grupper.

Høyr: Er ideologiane døde i Verdibørsen

Høyr meir om fascismen i Verdibørsen

AKTUELT NÅ